Pirata da Viúva

Heimflyttar Diogo sitt jomfruprosjekt – dels i samarbeid med, dels i opposisjon til pappa – hjå Viuva Gomes i Colares. Eigentleg skulle han berre innom for å hjelpa til med rekneskapet, men fann fort ut – røter er rare sånn – at ideen om å laga vin appellerte sterkt nok til å flytta heim att frå Lisboa. Colares har vore dødsdømd som vinregion ei stund, men det verkar som eit generasjonsskifte har brakt med seg ein forsiktig optimisme.

Les meir “Pirata da Viúva”

Ca ca ca castelão!

Til å vere Portugal si (nest?) mest planta drue, er castelão ikkje mykje framme i søkjelyset. Og vi har vel ikkje vore så ivrige her på Nattverden heller. Det er på tide å kike på kva denne druesorten kan få til på eiga hand. Portugal har mange eigne druer, og dei har lange tradisjonar for å lage vin på fleire sortar. Usikre tal Kjeldene spriker, … Les meir Ca ca ca castelão!

(Sittin’ on) The DOC of the Bay

Druedyrkarar har to erkefiendar: vinlusa og eigedomsmeklaren. Portugal sin minste DOC – Colares – gjekk klar den første, men er hardt råka av den andre. Medan bladlusa raserte det meste av europeisk vinproduksjon seint på 1800-talet, så unngjekk Colares sine sandrike parsellar med druer å bli angripe. Med eitt vart etterspurnaden større enn kva som kunne leverast  og området hadde ein gullalder utover 1900-talet.

Les meir “(Sittin’ on) The DOC of the Bay”