Viúva Gomes Reserva Tinto 1934

Sand har vore ei velsigning og ein forbannelse for vindyrking i Colares, vest for Lisboa. Vinlusa – phylloxera – hatar sand, og dette gjorde at området kom uskadd frå raseringa av vinplantar i Europa på slutten av 1800-talet. På den andre sida har sand ein tendens å trekkja til seg den andre naturlege fienden til vinmakarar – eigedomsmeklaren –  noko som har gått hardt ut over areala det blir dyrka druer på. For tida er det berre 6 produsentar igjen i Colares DOCen.

Les meir “Viúva Gomes Reserva Tinto 1934”

Viúva Gomes Reserva Tinto 1969

Viúva Gomes Reserva Tinto 1969 Komplekse, men behagelege duftar frå nyopna flaske. Petterøe’s 3, skinnjakke, morell, lakris, raudt epleskrell, mahogni, kamferkiste. Buljong kjem og går og rusker det litt til, men øydelegg ikkje heilskapen. Fascinerande å berre leggja snuten ned i glaset og kjenna korleis vinen endrar seg frå sniff til sniff. Rundar av med luft og tid, men beheld det kontrollerte kaoset. Syrleg anslag, … Les meir Viúva Gomes Reserva Tinto 1969