Mosel 2021

Set du pris på årgangsforskjellar? Det gjer eg. Dei kan vere nådelause i marginale vekstsoner. Eit år med dårleg mogning kan gje mykje grøn og trang vin. Ein middels årgang kan vere topp for folk med dårleg tolmod. Det kan vere lenge å vente før vinen frå toppårgangar når sitt ekvilibrium. Difor er “mellomårgangar” med mindre struktur og kortare horisont gode å drikke lenge før … Les meir Mosel 2021

Gaispfad fram frå gløymsla

Trabener Gaispfad er ei av desse strålande vinmarkene i Mosel som allikevel gjekk i gløymeboka. Byen Traben-Trarbach flaug høgast under belle epoque før fyrste verdskrig. Det var ein vinhandelsby med pengar og suksess. Det var så mykje pengar å tene på Mosel riesling at Deutsche Bank sin filial i den vesle byen hadde like stor omsetning som den i storbyen Trier. Dei vestvende og bratte … Les meir Gaispfad fram frå gløymsla

Eit kapittel er ferdig, men noko er i gjære

Så er siste dagen komen. Bilen vår er full av vin og familien er klar for å køyre nordover att. Arbeidet for min del er ferdig. Gjæren arbeider enno i nokre fuder og ståltankar. Men det er ikkje lenge att før alle vinane frå 2019 har nådd sitt ekvilibrium. No skal dei, etter omstikking og svovling, få mognast i det stille. Så er det tapping … Les meir Eit kapittel er ferdig, men noko er i gjære

Vinhausten i Traben-Trarbach 2019

Då har eg vore godt og vel ei veke i Traben-Trarbach. Ein liten og hyggjeleg by ved Mosel-elva. Her har dei borgruinar, italienarar som lagar is, fint vêr, fine vinmarker og tusenvis av sykkelturistar. Tanken var å vere med på innhaustinga hjå ein vinprodusent for å få fyrstehands kjennskap til korleis druene ser ut, luktar og smakar, før dei vert plukka, knust, gjæra etc. No … Les meir Vinhausten i Traben-Trarbach 2019

Framtida for tysk kabinett?

Kabinettspørsmål #2

Quo vadis, kabinett? Citus, altius, fortius, er det sarkastiske svaret. Global oppvarming har bidratt til høgre mogning i druene enn tidlegare. På 70- og 80-talet var ein kabinett ein lett vin, med gjerne 20-30 g/l restsukker. Det vil seie nærare det som no kjem med feinherb på etiketten. No er kabinett ikkje like nett og lett som før, men ei billigare utgåve av spätlese eller … Les meir Kabinettspørsmål #2