Tour de France 2019 – 1. etappe – Bruxelles, vaflar og øl

Grand Départ! Vi er i gong! Det byrjar i Brussel og endar i Bruxelles. Forvirra? Landet der Europa er samla, er delt. Flamsk og fransk språk, litt usemje om peng, politikk og posisjonar. Og midt i ligg hovudstaden og skal vere diplomat for både innland og utland. 176 ryttarar er klare til å få ein god start på årets høgdepunkt. Det skal kjempast om den gule trøya for fyrste gong. Men det kjem 20 nye sjansar. Vil vi allereie i dag sjå om det er nokon samanlagtfavorittar som stikk seg fram?

Det er den 106. utgåva av Tour de France som vert sykla i gong i dag. Fyrste etappe er 192 km. Ruta går vestover, ut av byen, inn i Flandern og mot Geraardsbergen. Der vender løypa søraustover, inn i Wallonia, og mot Charleroi. Så er det å sykle nordover att, gjennom Braine l´Alleud, Waterloo, La Hulpe og Tervuren, før dei kryssar bygrensa til Bruxelles, og posisjoneringa kan byrje. Sånn, no har du lært fleire byar i Belgia.

Alt belgisk..

Det fyrste ein norsk turist i Brussel gjer, er å svelgje ned skammen av å kose seg i EU, med ein søt og sprø vaffel. Belgiarar er gode på å få resten av verda til å tru at dette vesle landet er rota til alt godt. Blåskjel, sjokolade og kolonisering er gjort betre andre stader. Norske blåskjel er klart betre enn bleik moules frites i Brussel. Sjokoladen i Frankrike er meir raffinert enn 99% av den belgiske, og andre kolonimakter var minst like brutale som Belgia. Eller kanskje ikkje. Etter eit tre og eit halvt minutt med research, viser det seg at dei berømte belgiske vaflane heller ikkje er så belgiske som ein skulle tru.

Nattverden

Vaflane har sitt opphav i nattverden. Nærare bestemt oblaten. Desse smaklause runde kjeksa som er laga på mjøl og vatn, og som er symbol på Jesu kropp, er steikt i forgjengaren til dagens vaffeljern. Oblatjern har vore med oss sidan 900-talet, då grekarane byrja å steike nattverdskjeks i jern inngravert med Jesus på krossen. Oblatjernet spreidde seg i Europa, og det vart også laga jern med andre motiv. Då byrja det også å dukke opp nye oppskrifter. Den eldste nedskrivne sekulære vaffeloppskrifta er frå slutten av 1300-talet, og inneheldt mjøl, salt, vin og egg. I midten skulle det vere ost.

Sukker og gjær

På 1400-talet kom det rektangulære jern, og djupare mønster. Frå Nederland er det på 1500-talet ei oppskrift med eggeplommer, rive kvitt brød, vatn, vin, sukker og krydder. Men prisen på sukker var enno astronomisk for dei aller fleste. Det var ikkje før billig karibisk sukker klappa til kai i Europa på byrjinga av 1700-talet, at søte vaflar vart allemannseige. No byrja vaffelpressa å gløde, og stadig nye oppskrifter vart utvikla. Tyskarane leia an, med tilsetjing av ølgjær for meir løft i vaflane. I Frankrike brukte dei no piska eggekvite for luftigare røre. Dei ulike vaffeltypane fekk regionale namn, og dei ulike rørene sette seg.

Halve sanninga, tre versjonar

Belgia er eit land med mange politiske og administrative nivå. Litt for mange for eit så lite land, hevdar vonde tunger. Dei stridast også om kva som er dei offisielle “Belgiske vaflane”. Det er minst tre hovudtypar. Liège-vaflar er laga nesten som ein brioche-deig, og strødd med sukker på utsida før dei går i jernet. Det gjer at dei blir karamellisert på utsida. Stroopwafel har snike seg over grensa frå nord, og er to runde vaflar med sirup eller karamellsaus i mellom.

Standardvaflane. Enkle og gode med litt fyll. Litt tamme utan.

Heile røra, tre versjonar

Eg prøver meg difor på ein slags Brussel-variant, med både piska eggekvite og gjær i røra. Her kjem fyrst ei standardrøre, som eg fann.

250 g kveitemjøl
1 ts salt
60 g sukker
1 pk tørrgjær
2 ts vaniljesukker/ 1 vaniljestang
1 ms olje
1,5 dl mjølk
1,5 dl vatn
75 g smelta smør
4 eggeplommer
4 eggekviter

Rør saman alt utanom eggekvitane, om lag som du lagar vanlege vaflar. Eg tykte det vart mykje gjær, så ein halv pakke er truleg nok her. Pisk eggekvitane stive og vend inn til slutt. La røra heve i ein time.

Samtidig laga eg ei røre basert på den over, med litt anna smak. Prøvde meg fram til om lag denne:

250 g kveitemjøl
1 ts salt
120 g mørkt muscouvadosukker
1/2 pk tørrgjær
1 ms olje
1,5 dl mjølk
1,0 dl vatn
0,5 dl pressa appelsinjus
rive appelsinskal
75 g smør
50 g mørk sjokolade
4 eggeplommer
4 eggekviter

Gjer som basisoppskrifta, men smelt sjokoladen i smøret. Bland inn i resten, og dei piska eggekvitane til slutt.

Eg var svolten, og ein konditor kan ikkje berre mjøle si eiga kake, han må også ha det daglige brød. Difor leita eg etter oppskrift på salte vaflar. Fann ei oppskrift med surdeig. Såg spanande ut, og surdeigsbase hadde eg jo i kjøleskåpet. Men det var altså ei oppskrift der måla var oppgjevne i cups… “Good grief!”, som Charlie Brown sa på originalspråket. Korleis kan ein nasjon som held seg med slike mål, kome nokon stad som helst! Vel, eg fekk rekna ting om i gram, sånn nokonlunde og justert litt. Og jammen trur du ikkje at røra fungerte! Her er korleis eg gjorde det, men ta det med ei klype salt (ikkje bokstaveleg meint).

180 g kveitemjøl
130 g vatn
50 g surdeigsstartar
1 ts salt
1 ss honning
30 g smelta smør
2 egg

Bland saman mjøl, vatn og surdeisstartaren til ein tynn “deig”. La den stå i ein bakebolle med plast over i 7-10 timar, alt etter kor varmt du har det på kjøkenet. Bland inn dei andre ingrediensane. Skal vere som ei litt tjukk vaffelrøre. Eg prøvde også å strø litt sesamfrø i jernet før eg helte i røra. Jo, det funka det. Vaflane smakte godt med brie, skinke frå Fana og sylta rødløk.

Øl

Brussel har ikkje berre draget på Europa-interesserte politikarar og byråkratar, det er også eit stort gravitasjonsfelt for øl. Her er det fleire bryggeri, og rikeleg med skjenkestover der du kan byte euro-setlar mot kriek, geuze, trippel, dunkel, blonde, lambic, faro og sikkert endå fleire kategoriar av lokalt brygg. Til mine frekke vaflar har eg plukka ut eit mørkt og rikt øl frå Trappist-klosteret Chimay. På måndag vil ryttarane få ferten av øl, om vinden bles frå aust, når dei syklar sørover frå Binche, og inn i Frankrike ikkje langt frå Chimay.

Trappist

Munkeordenar som spreidde seg frå Frankrike og utover i Europa, dyrka gjerne vindruer, for å ha til nattverdsvin. Overskotet vart seld for å gje inntekter til drifta av klosteret, og til velgjerande føremål. Nokre av klostera var komne så langt nord for utgangspunktet, at det ikkje var klima for vindyrking. Då var øl eit alternativ. Trappist-ordenen spring ut frå La Trappe i departementet Orne i Frankrike. No er det 171 Trappist-kloster rundt om i verda, men berre fjorten som bryggjer øl. Seks av dei ligg i Belgia.

Chimay

Chimay-ølet kjem frå Scourmont-klosteret som vart etablert utanfor byen Chimay i 1850. I 1862 vart det fyrste ølet brygga ved klosteret. I 1996 var det tid for å skilje ut bryggeriverksemda til eit eige selskap. Chimay Grande Réserve 2019 er eit mørkt øl brygga på vatn, byggmalt, kveitestive, sukker, humle, krydder og gjær.

Sjokoladevaflar med vaniljekrem og frukt
Chimay Grande Réserve 2019

Eit mørkt øl, i retning cola-brunt. Luktar søtt og malt og korn. Fyldig og rikt øl med mykje krydder og malt i smaken. Ikkje så bittert, bra med sødme, mot juleøl i stil. 9% alkohol. Testa det frå Riedel Burgundy, i mangel av riktig glastype. Det funka det. Gjekk faktisk til belgiske vaflar! Men utan søt saus, krem eller topping. Ærlege og hardt arbeidande munkar krev deg for kr 126,90 for ei heil 75 cl-flaske. Men då går inntektene til gode formål, og alkoholavgift til staten.

2 tankar på “Tour de France 2019 – 1. etappe – Bruxelles, vaflar og øl

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *