Tour de France 2019 – 12. etappe – Svart hjelperyttar

Etter ein kviledag er igjen det på tide å klikke sykkelskoa fast i pedalen og kjempe om nye triumfar. Frå Albi i utkanten av Massif Central, går ferda mot Pyrenéeane. Det betyr at dette er siste sjanse på ei stund for spurtarane. No blir det nokre fjelletappar, og der er det andre som har sin forse. Ruta går innom departementa Tarn, Tarn et Garonne og Haute-Garonne. Men vi har andre motiv enn grøne trøyer, så vi tek ein svipptur nordover til nabo-departementet Lot.

Elva Lot

Namnet kjem frå elva som renn frå Massif Central og går saman med Garonne, som renn ut i fjorden ved Bordeaux. Her finn vi eit område som ikkje lenger er like populær som det var før phylloxera-epedemien på 1800-talet. Då var det 40 000 hektar vinmarker i Cahors, og den mørke vinen var ettertrakta i Bordeaux. Her vart han blanda inn for å gje mørkare farge, og litt ekstra fylde i svake årgangar. Om Cahors vart kreditert på etiketten, er lite truleg. Hjelperyttarar er viktige, men får sjeldan sole seg i glansen. I dag er det om lag 4200 hektar vinmarker att i Cahors.

Meander

Vinmarkene i Cahors ligg hovudsakleg på terrassar som elva Lot har grave ut og lagd i meandrar. Dette har skjedd i nyare tid, geologisk sett. Altså i kvartær, som er frå 2 millionar år sidan og fram til no. Det som elva har grave i, er eit lag med kalkstein som nokre stader er 360 meter tjukt. Dette kalksteinslaget er frå alderen kimmeridgium, ca 157 til 152 millionar år sidan. Ein alder mange nordmenn ser opp til. Ikkje berre Chablis-elskarar, men også økonomar og folk flest. Det var i denne alderen at oljen under nordsjøen vart danna.

Cot?

Druesorten i Cahors er cot, eller malbec som mange kjenner han som. Det skal vi vel takke vellukka eksport til Argentina for. Suksessen til malbec i Argentina kan faktisk vere ein del av redninga til Cahors. Det var jo her cot vaks opp, før han skifta namn og vart hot i sør. Det kan i AOP Cahors i tillegg blandast inn opp til 30% merlot eller tannat.

Cosse Maisonneuve Cahors Le Sid 2004

Granatraud vin, mørk farge, men med litt utvikling. På lukt er det eit pent uvikla preg, med sursøte raude bær og nype. Sjølv om vinen er 14 år gamal, er det rikeleg struktur att i vinen. God syre er her og. Det smakar av blåbær, med ein dæsj lær og gamalt treverk. Konsentrert vin. Denne kan lagrast enno nokre år, men er god å nytte til mat. Strålande kjøp. 100% malbec, 13% alkohol, 217 kr. Notat frå 2018.

Mathieu Cosse og Catherine Maisonneuve starta med 5 hektar og biodynamisk jordbruk som metode. Sidan har dei utvida til 15 hektar. Dei forskjellige vinmarksparsellane er planta med hovudsakleg malbec, men også merlot, cabernet franc og gamay får setje sine amerikanske røter i jorda.

Leave a Reply