Tour de France 2019 – 13. etappe – stor og liten Manseng

Individuelle tempoetappar har ikkje den heilt store publikumsappellen lenger, noko Tour de France tar konsekvensen av og legg inn kun ein kort, men likevel bakkete etappe på 27 kilometer som burde passa heimefavoritten Romain Bardet godt. Etappen startar og sluttar i Pau – byen der Kong Karl Johan vart fødd. Nattverden heng med i to kilometer før vi hoppar av.

Jurançon er eit av desse litt gløymde vindistrikta som var svært omtykte i middelalderen, og som hadde æra å bli den første appellasjonen i moderne fransk lovgjeving. Fuktig vind frå Atlanterhavet og mykje regn blir balansert av fønvind frå Pyreneane, men dei svært lokale drueslaga modnar seint. I den grad Jurançon er kjend utanfor Frankrike i dag, så er det nok for dei søte vinane sine.

Gros Manseng gjev mykje smak- aprikos, blomar og krydder –  om drua vert behandla med varsemd og pressa forsiktig i kjellaren, medan kusina Petit Manseng er mindre, enno meir intens og svært godt eigna til dessertvinar. Courbu var nær å bli heilt borte, men er no i ferd med å få ein liten renessanse.  

Lapeyre Vitatge Vielh Jurançon Sec 2013

60% Gros Manseng 30% Petit Manseng 10% Courbu

Økologisk, vinranker planta i 1945, handsorterte druer, gjæring på diverse fat før ferdig blend får 1 år på fat før flasking.

Tørr Jurancon. Lagvise eplevariantar frå nyopna flaske. Modne eple, gule eple, epleskrell, eplejuice… Med litt tid i glaset kjem tørka aprikos smygande saman med gamalt treverk. Ørlite sylta og sursøtt preg langt baki. Modne og komplekse duftar. Behageleg å sniffa på…

Knusktørt anslag, smålubbent og konsentrert midtparti med honning (utan å verke søt), gule plommer og pilsbitre urter. Massiv syre i ei lang avslutning.

Annleis og veldig kul vin – fungerte fint til plukkfisk, men taklar nok kraftigare fiskerettar.

Kjelder:
Div Wikipedia
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
http://www.jurancon-lapeyre.fr
www.letour.fr
https://www.nattverden.com/skolebenken/aoc-systemet-i-frankrike/

Leave a Reply