Tour de France 2019 – 15. etappe – Limoux-metoden

Om avslutninga på etappen i går var brutal, så kjem marerittet no. Syklistane skal både opp og ned Pyreneane – mest opp – totalt er det nesten 5000 høgdemeter i dag, dei brattaste stigningane toucher 13 gradar. Nattverden skal ingen stadar sidan vi har oppdaga at startområdet har 4 AOP-ar der 3 av dei er musserande.

Bobler med Limoux-metoden? Om du spør ein Limouxianar vil hen nok ivrig forklara deg at méthode traditionnelle  vart oppfunne i Limoux i 1531, og at gjengen i Champagne berre er rævediltarar som fekk kunnskapen herfrå.

Den regionale Mauzac (lokalnamn: Blanquette) er så seint moden at vinen tradisjonelt måtte venta på våren før han gjorde seg ferdig med gjæringa – i dag kjent som Méthode Ancestrale, men i gamle dagar antakeleg berre som Méthode Contemporain. Det er ei drue i tilbakegong, men strammare krav til bruk av Mauzac i Limoux-appellasjonane vil vonleg trygga drua for framtida.  


Sieur D’Arques Première Bulle Brut 2015

Chardonnay 5%, Chenin Blanc 5%, Mauzac 90%  

Kraftig duft av brødbakst følgjer med korken ved opning. I glaset er vinen meir forsiktig – litt eple og grønt epleskrell, litt kvite vårblomar, eit herleg whiff med limeskal kjem og går. Eit ureint gjærstikk forsvinn i løpet av førsteglaset. Forsiktige men fine duftar.

Kremete munnkjensle i anslaget. Spiss Granny Smith og fyldigare sitron, litt grapefrukt lagar eit bittert bakteppe som kler vinen. Byggjer på seg (eple)fylde med tid og får eit bra konsentrert midtparti. Ikkje verdas lengste avslutning, men ei anstendig lengde om enn litt vassen.

Supert kjøp til under 170,- og perfekt som velkomstglas eller med ein bit røykelakskanapé – i tillegg ein vin med høg funfact-faktor.    

Kjelder:
https://www.sieurdarques.com
www.letour.fr
Div Wikipedia
https://www.nattverden.com/halvsott/hvordan-blir-boblene-til/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *