Tour de France 2019 – 16. etappe – Roussanne, girl!

Dagens etappe går frå Nimes, ein runde på 177 km, og tilbake til Nimes. Det er ein flat etappe og dei spurtsterke og grøntrøye-kjemparane vil nok gjere opp seg imellom. Dersom ikkje eit brudd skulle lukkast i å nå heilt inn. Etter 23,5 km syklar feltet over UNESCO verdsarv-brua Pont du Gard, og det kan jo vere at ein og anna ryttar har tenkt å gå i solobrudd for å bli supra på internasjonalt fjernsyn midt på brua.

Akvadukt

Pont du Gard er bygd utan mørtel, og i tre plan. Nederst er det seks store bogar, og øverst 35 mindre. Nederst er brua 142 meter lang, medan øverste nivå er 275 meter langt. Her ligg det innebygd ein vasskanal. Denne var ein del av ein kanal som førte vatn frå ei kjelde ved byen Uzès, og til Nimes. Dei lærde stridest, men brua er truleg bygd ein gong mellom år 40 til 60.

Frå start til byrjing

Dagens etappe går fyrst nordaustover frå Nimes, og i retning Tavel, men ruta går nordover før dei kjem så langt. Men om du no er i Frankrike under Tour de France og er meir interessert i vin, er det ein sjanse for at etter at feltet har sykla forbi, så hadde du sett deg i bilen og følgd A9 austover. Då hadde du kome til Chateauneuf- du-Pape om ikkje lenge. Her kunne du kika på galets og stukke innom eit par produsentar før middag. Men rett før du kryssar elva, og du ser vinmarkene i det fjerne, vil du kanskje sjå at den vesle staden på vestsida av elva heiter Roquemaure. Ok? Kva er det med denne fillebyen? Jau, det er på ein måte vinverda sitt Ground Zero*.

Bok om phylloxera

Det tek oss til denne etappen si bokmelding. Amazon og andre nettbokhandlar freistar med eit enormt utval vinbøker. Ofte er det tilbod, og det er lett å legge meir enn eg hadde tenkt i handlekorga. Diverre er mange av bøkene utdaterte, og nokre er dårlege. Men det er då eit og anna gullkorn også. Boka til Christy Campbell; Phylloxera, How Wine was Saved for the World frå 2004, er verd å lese.

Boka fortel om vinlusa sitt underlige liv, men mest fasinerande er historia om spreiinga av lusa, og kor vanskeleg det var å finne ei løysing. Charles Darwin hadde akkurat publisert The origins of species by means of natural selection, or the preservation of favoured races in the struggle for life, men då ho vart omsett til fransk i 1862, vart idéane forkasta av alle deler av samfunnet. Det er rikelege skildringar av alle dei tragikomiske framlegga til løysing på problemet med vinlusa.

Her er detaljert kronologi over herjinga til vinlusa utover i Europa. Men meir interessant er kanskje korleis vinområda vart endra, etter at løysinga med poding på amerikanske røter var godteken. Somme druesortar var vanskelegare å pode, og det gjorde at nye sortar glei inn på ein våg dei ikkje hadde sett føre seg. Sancerre, som hadde vore planta med pinot noir, vart no dominert av sauvignon blanc.

*Det var ein kar ved namn Borty, i Roquemaure. Han fekk tilsend nokre amerikanske vinstokkar frå ein vindyrkar-kollega i New-York, og planta dei i hagen sin i 1863. Og truleg var det frå desse plantene at phylloxera la ut på eit felttog som skulle leggje under seg heile vinverda. Det var den epedemiske spreiinga av oïdium frå 1850 som var grunnen til at mange i Frankrike og elles i Europa var interessert i amerikanske vinstokkar. Diverre vart alt berre verre… Om du berre kjenner phylloxera som eit lite avsnitt frå ei faktabok om vin, gjer denne boka meir kjøt på beinet om den vesle lusa som endra vinverda for alltid.

Kvit Rhône

Eg kan ikkje bli skulda for å vere nokon stor predikant for kvit Rhône-vin. Tvert imot har det vel falle ein del negativt lada ord og formuleringar. Difor vil eg no gjere bot, og sykle innom to vinar basert på Rhône-drua roussanne! Ho finst i fleire av appellasjonane i nord, Hermitage, Crozes-Hermitage, Saint-Joseph og Saint-Péray. Men stort sett som andrefiolin bak marsanne. Eg meiner å ha lese fleire litt negative kommentarar frå dyrkarar i Hermitage om roussanne, og at fleire plantar om frå rousanne til marsanne. Vel, kanskje er ikkje rousanne nokon vin de garde, men dagens vindrikkarar har då også preferanse for det umiddelbare. Og då er vel den litt barmfagre og kokett smilande roussanne, ei å la blikket fallet på? Ou n’es pas?

Roussanne her og der

Roussanne kjem frå nord i Rhônedalen, men akkurat kven som er faren, hugsar ingen. Det var fuktige festar før også… Mora er truleg marsanne, og familien elles er nok dei mest kjende druene i området som syrah og viognier. Syrah stammar truleg frå dureza og mondeuse blanche, men ein finn også DNA som linkar drua til teroldego og pinot noir. Framtida ser uansett lysare ut enn den litt grumsete fortida. Frå å berre dekke 71 hektar i Frankrike på 60-talet, er roussanne no planta på over 1350 hektar. I tillegg til fast innslag i nord, er ho tillaten i Côtes du Rhône, Chateauneuf-du-Pape og i Languedoc-Roussillon. Roussanne er også nytta i Savoie.

Vi lyt fyrst til ein vin som neeeesten kan vere innafor på dagens etappe. Pic Saint Loup ligg litt sør for Nimes, i Languedoc. Den andre kjem frå heimtraktene til drua, nemleg Saint-Péray i Nord-Rhône.

Pic Saint Loup

Pic Saint Loup er ei samling av vinmarker frå 13 landsbyar under fjelltoppane Pic Saint Loup og Hortus. Ein eigen AOP for raudvin er visst rett rundt hjørnet. Sjølv om Middelhavet ikkje er langt unna, er området meir likt innlandsplatået. Dette er av dei kjøligaste og fuktigaste områda i Languedoc. Difor får syrah ein meir nordleg nerve, heller enn sydleg syltetøy. Jordsmonnet er både rein kalkstein og kalksteinsleire, aka mergel. Så, kan det kome noko kvitvin frå området som kan få nordiske syreslavar til å ta eit glas til?

Jean-Benoit Cavalier driv eigedomen Château de Lascaux, som er 85 hektar med Demeter-sertifiserte vinmarker. Mest raudt, men dei har også laga ein kvit med 40% roussanne, og det var min agenda. Vinen Les Pierre d´Argent innheld i tillegg 30% marsanne, 20% vermentino og 10% clairette. Gjæra på eikefat og sidan mogna i 9 månader.

Château de Lascaux Les Pierres d´Argent 2014

Djup strågul vin. Det luktar “feitt” men tørt, og her er noko tropisk frukt. Fann litt lanolin og saker som minna om chenin blanc på dag ein, men det forsvann. Fyldig vin, med middels syre. Her er ein sørleg varme og litt grov struktur, med steinete element. Interessant vin og truleg fin til mat. Kr 229,50. 13,5 % alkohol.

Saint-Péray

Domaine du Tunnel held til i Saint-Péray, og lagar også vin frå Cornas og Saint Joseph. Stéphane Robert lagar no fire ulike Saint-Peray. To reine marsanne, ein med marsanne og roussanne, og altså ein 100% roussanne. Dette er ganske uvanlig i appellasjonen, då mesteparten er blandingscuvée-ar. Druene kjem frå unge vinstokkar i vinmarka Barres. Vinen vert gjæra i miks av 1000 l eikeliggar, barriques og stål. Malolaktisk omdanning og filtrering. Heile appellasjonen har berre ca 75 hektar i produksjon .

Domaine du Tunnel Saint-Péray Roussanne 2017

Strågul på farge. Fruktig vin med fersk frukt som fersken, pære, sitrus, og litt eik. Ein mjuk, rund og fyldig vin med smooth og diger munnkjensle. Medium syre, men du og du for ein gøy vin! Det er balanse i galskapen, og det er drikkeglede. 397 kroner skremmer nok vekk ein del, men denne er verd å prøve. Smakt frå Riedel Vinum Montrachet. 13,5 % alkohol. Flaska var levert av importøren.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *