Tour de France 2019 – 17. etappe – Ved Pavens slott

200 kilometers “oppvarming” før nye fjell. Som i går blir spektakulære Pont du Gard bakteppet når Tour de France-pelotonen bevegar seg inn i Rhone-dalen før det blir meir bakkete etterkvart som dei nærmar seg Alpane – undervegs passerer syklistane Orange og Vaison-la-Romaine før målgang i Gap (der Thor Hushovd vart etappevinnar i 2011), men først sneier dei legendariske Chateauneuf-du-Pape.

Her regjerer Grenache saman med saman med Mourvèdre og Syrah, pluss ein heil haug med meir eller mindre kjende drueslag som er lov å ha med. Det er tørt, galets roulés magasinerer varmen, alkoholprosenten er høg, dei raude vinane er dyre og ikkje akkurat subtile…

Grenache med uvanleg adresse HER

Sjølvsagt er det unntak. André Brunel tok over i 1971, men generasjonar av Brunelar har stelt jorda sidan familien kjøpte eigedommen frå biskopen av Avignon på 1600-talet. André var tidleg ute med drift etter økologiske prinsipp, og har klart å kombinera kvalitet med (relativt) låge prisar.

André Brunel Les Cailloux Châteauneuf-du-Pape 2006

65% (gamal) Grenache, 20% Mourvedre, 15% Syrah. Trekk frå nokre promille for litt ymse drueslag som er med på lasset. Handplukka druer, 18 månader på fat, ufiltrert.

Ikkje den powerhouse-snuten eg venta meg, snarare elegante tonar av blåplommer, solbær, svart pepar og kaffibønner. Litt nellik, kanel og støvete treverk i bakgrunnen.

Meir trøkk i munnen. Mørke plommer og bitter sjokolade som får ein massiv crescendo med fruktsødme og mokka. Med tid i glaset kjem lakris  Framstår med ein viss eleganse også på tunga – intens utan å bli høgrøysta.

Heine intervjuar Lucien Le Moine HER

Kjelder:
https://www.letour.fr
https://domaine-les-cailloux.fr
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *