Tour de France 2019 – 20. etappe – Kult!

I 1995 var eg 16 år, og hadde byrja å høyre på musikk som var litt meir utfordrande enn det som gjekk på P1. Eigne CD-ar vart handla når det kom kontantar i lommeboka. Björk var ein artist som vart mykje spelt på anlegget, og hadde klyppekort i CD-vekslaren. Dette året kom albumet Post ut, etter at ho hadde teke verda med storm allereie med debutalbumet Debut i 1993. Mi begeistring for den islandske furia var stor, og det vart handla musikkmagasin og plakatar. Det var på grensa til dyrking.

I dagligtale betegner kult videre overdreven ærefrykt eller beundring for en eller noe; stadig og overdreven hyllest; dyrkelse, særlig av religiøse eller åndelige ledere, men også for eksempel av artister, kunstnere eller kunstverk. Filmer, bøker, TV-serier og andre kulturelle uttrykk sies å ha oppnådd kultstatus når de slår usedvanlig godt an og publikum i større grad enn vanlig lar seg påvirke, gjerne ved å adoptere muntlige uttrykksformer eller etterligne klesdrakt, hårfrisyre og andre trekk ved hovedpersonene. Spesielt brukes begrepet kultfilmom filmer som oppnår en usedvanlig popularitet blant en (oftest begrenset) tilhengerskare, ofte etter først å ha vært en kommersiell fiasko.

Store norske leksikon

Med to etappar att, altså dagens medrekna, er det ei von i det franske folk om at den gule trøya endeleg skal kome heim. Ikkje sidan Bernard Hinault herja sykkelsporten, og vann Tour de France siste gong i 1985, har ein franskmann kunne sykle triumferande under Triumfbogen med mailotte jaune. Då var ikkje eingong Julian Alaphilippe fødd. Men no er han der framme og kan vinne. Som den fyrste heimføding på 34 år! Bon chance!

Men altså, i 1995, før vesle Julian hadde lært å sykle, kom Björk med eit sterkt andrealbum. Når eg no tek CD-plata ut av det slitte og knekte coveret, og spelar det på eit anlegg med betre lyd enn det eg hadde i min ungdom, ja så er det musikk som held stand. Mykje perkusjon og elektronikk, men i sentrum den spesielle stemma til Björk sjølv. Björk hadde fått med seg mellom anna Nellee Hooper og Tricky som produsentar, og nokre av låtane er i sjangeren trip hop. Den turen blei eg med på, og det kom musikk frå Portishead, Massive Attack, Tricky, Morcheeba og Folk & Røvere i CD-hylla mi.

På dagens etappe skal det heile avgjerast! Finalen i Paris er ein triumfrunde, for det er ein gentlemans agreement at ein ikkje jaktar den gule trøya på siste etappe. No har Alaphilippe sykla i gult i mange dagar, men mista trøya i går. Men han kan framleis bli folkehelt, for han ligg berre 48 sekund bak Egan Bernal. Men like bak trugar Geraint Thomas, Steven Kruijswijk og Emanuel Buchmann! På grunn av vanskelege vêrprognosar, vert dagens etappe korta ned frå 130 til 59 km. Som om ikkje sporten sjølv kan skape nok dramatikk, var det i går eit jordskred i ein del av traseen.

Starten i dag er i Albertville. Då tenkjer ein gjerne på vinter-OL, skiturisme og puddersnø. Men berre nokre få telemarksvingar lengre ned i dalen ligg ein liten landsby med namn Fréterive. Der held det til ein produsent som visstnok har kultstatus. Domaine des Ardoisières er ei ganske fersk skapning, men har altså allereie rukke å opparbeide seg kultdyrking. På tide å finne ut kvifor. Medan majoriteten av det norske vinpublikum var oppteken med familieferie på Gran Canaria, Skiatos, Skagen, Lofoten eller Tusenfryd, hadde det kongelige norske vinmonopol eit julislepp av nye vinar.

Det kom fire vinar frå Domaine des Ardoisières, to kvite og to raude. Eg har smakt på dei kvite og kan melde om spanande saker. For folk som ikkje primært er opptekne av mykje umiddelbar frukt i vinen sin, er dette noko å sjå etter. Har du i tillegg sansen for geologi, eller skal vi seie smaken av stein, ja då er desse mineral-eliksirane noko for deg.

Maison des Ardoisières Silice Blanc 2018

Vinen er strågul. Or glaset kjem det eit drag av noko nordisk, friskt og kjølig, som om vinen er broten rett ut av norsk gråstein. Og Savoie er jo alpe-vin. Naturleg å tenkje på fjell. Er dette Savoie-terroir? Vel, dette er ein start. Og det freistar å bli med vidare. Frisk, salt, mineralsk og særeigen lukt. I munnen er vinen balansert, og det er fint slik god kvitvin kan vere. Akkurat passe med diskret sitrusfrukt, syre og alkohol. Men vinen syng med si eiga idiosykratiske stemme. Litt som Björk. 220 kroner for kultvin er kult. Løp og kjøp før det går tomt. Vinene er laga på 100 % jacquère og held 12 % alkohol. “Maison” kan vel tyde på at her er litt innkjøpt frukt i tillegg til eigne druer.

Domaine des Ardoisières Schiste Blanc 2017

Strågul på farge. Kjølig, steinete lukt med noko diskret fersken og syrlige eple. Syrlig vin med bra fylde. Konsentrert men lett. Fine smakar av fersken og sitrus. Pikant syre og ei nesten taktil sitrande kjensle av mineral som sildrar over tunga. Artig vin. Meir harmonisk og med ein heilskapeleg kvalitet som er betre enn Silice Blanc. Men Silice er kanskje eit betre kjøp. Denne er laga på 40 % jacquère, 30 % rousanne, 20 % malvasia og 10% mondeuse blanc. Gjæringa stoppa på 12 % og flaska kosta 435 kroner.

Eigedomen er i dag styrt av Brice Omont, men vart starta av Michel Grisard på slutten av 1990-talet. Fyrste hausting av druer var i 2002. Grisard hadde sitt eige domaine å ta vare på, så i 2005 vart taumane gjevne over til Brice Omont. Vinmarkene er totalt på 13 hektar.

I Cevins er det bratt, og vinmarkene har tørrmurte terrassar. Her er vinstokkane enkeltståande buskar, såkalla gobelet. Jordsmonnnet er steinete med glimmerskifer og kråkesølv (glimmer). I St. Pierre de Soucy er det tradisjonell wire-oppbinding. Her er det i tillegg til stein, meir mergel og leire, med innslag av glimmerskifer.

Når ein har så utilgjengelige og arbeidskrevjande vinmarker, er det like greit å gjere som Rudolf Steiner foreskreiv. Det er altså biodynamisk for alle penga. Når druene er i hus er det sjølvsagt spontangjæring som gjeld. Elles er det hands off vinmaking med stål og brukte fat. For dei kvite er det om lag 9 månader mogning før tapping. Og då står kult-tilhengjarane der. Og berre venter på at limet på etiketten skal tørke, før dei hiv seg over det kan klare å bere ut i bilen. Kanskje.

Uncertanty excites me baby
Who knows what's going to happen
Lottery or car crash
Or you'll join a cult

Possibly maybe

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *