Tour de France 2019 – 3. etappe – Svanesong for geitene

På dag tre vaknar ryttarane opp i Belgia. Igjen. Men no ber det sørover, og det betyr at La France er i siktet! Etappen er den tredje lengste i årets Tour, og det blir truleg ein transportetappe fram til Champagne. Som jo kan vere ein metafor for fleire enn Boasson-Hagen, Alaphilippe og Froome. Etter at feltet har passert Reims, vert det stadig smalare vegar på veg sørover mot Vallée de la Marne. Så ventar fire mindre klatringar på vegen gjennom Grande Vallée og Côte des Blancs, før vinnaren kan kårast i Épernay.

Kalk i årene

Om vi seier at områda rundt Reims og Épernay er hjartet i Champagne, så ligg Grande Vallée, altså frå Cumières i vest til Bisseuil i aust, godt innanfor klaffane. Men vestover i Vallée de la Marne, frå Damery, då er vi ute i blodårene. Cumières har sørvende vinmarker, og er av dei fyrste som mognar i Champagne. Her ligg kalken tilgjengelig for røtene, og pinot noir dominerer. Lengre vest i dalen er det kjøligare, kalken ligg under lag av leire, og pinot noir vert ikkje like lett mogen alle stader. Her er det pinot meunier som dansar, og difor er det eit naturleg skille ved Cumières.

93 % Cumières

Det er 171,6 hektar vinmarker i Cumières, fordelt på 54% pinot noir, 27% pinot meunier og 19% chardonnay. Kommunen oppnådde 93% på echelle des crus, kvalitet- og prissettingssystemet som vart sett i verk i 1911. Det vert laga ein del Coteaux Champenoise Rouge, frå pinot noir-druer, og mange rosé-Champagne har raudvin herifrå.

Enkjer og heltar

Champagne har mange heltar og pionerar. Også kvinner. Tenk berre på veuve Clicquot, Lily Bollinger, eller nolevande Carol Duval-Leroy. Har du tid til overs i sommar, kan eg tipse om boka Wine and war, av Don og Petie Kladstrup. Her kan du lese om korleis det gjekk med den franske vinindustrien under andre verdskrig. Noko som kom ut av det var organiseringa av Champagne-produsentane i CIVC.

Frå boss til bio

Ein pionér innan økologisk og biodynamisk jordbruk i Champagne, Pascal Leclerc, gjekk brått bort i 2010. Han hadde vore av dei første i Champagne som byrja å praktisere det som Rudolf Steiner hadde skrive om biodynamisk jordbruk. Men også far hans, Bertrand Leclerc hadde vore tidleg ute med å kutte ut kjemiske sprøytemiddel og kunstgjødsel, allreie på 1960-talet. Og som vi kjenner frå den britiske dokumentarfilmen frå 2009 som gjekk på NRK, så har jo Champagne-regionen ikkje akkurat den reinaste stien. Filmen viste korleis hushaldningsavfall frå Paris vart nytta som gjødsel i vinmarkene i Champagne, ein praksis som held på fram til 1997.

NM

Pascal Leclerc var altså sjef for det vesle huset Leclerc-Briant, som hadde laga Champagne sidan 1872. Dei var eit NM, negociant manipultant, så nokre av dei 30 hektar vinmarker som suplerte produksjonen, var ikkje eigd. På 1990-talet lanserte Pascal tre nye vinar i ein serie som han kalla Les Authentiques, alle frå enkeltvinmarker i Cumières. Richard Juhlin skriv i boka si frå 2008, Champagne Guide, svært positivt om Leclerc-Briant. Det var nok kanskje difor at eg ein gong i 2009, på veg til Voss, gjekk av toget på Arna stasjon og gjekk på det lokale polet og kjøpte tre flasker av Leclerc-Briant Les Chèvres Pierreuses.

Ekte geit

Les Chèvres Pierreuses kan vel omsetjast med noko sånt som dei steinete geitene, og er ei vinmark på 2,8 hektar, litt vest for midten i Cumières. Ho strekk seg frå midten av skråninga og opp til skogen som ligg på bakketoppen. Her laga Pascal ein vin med 40% pinot noir, 40% chardonnay og 20 pinot meunier. Vinen som eg kjøpte i 2009, har norsk baketikett, som kan fortelje at vinen er basert på 2004-årgangen. Men det er ikkje ein vintage, så det er nok også reserve-vin blanda inn. Martin som skriv Champagnebloggen har eit bilete av denne vinen, men med burgunderfarga etikett. Mi flaske har grøn etikett. Eg lurer på om hans vin kan vere noko nyare. På baketiketten står det at vinmarka er under omlegging til biodynamisk drift. På mi står det at druene kjem frå økologiske vinmarker.

Djupe tankar

Pascal døydde altså, 60 år gamal, i 2010, og dei fire døtrene klarte ikkje å bli samde om vidare drift. Det vart til slutt eit amerikansk ektepar som skulle ta opp att plogen etter Pascal. Men døtrene hadde seld unna det meste av vinmarker, så Mark Nunelly og Denise Dupré starta nesten frå scrach. Heldigvis fekk dei med seg Hervé Jestin, tidlegare vinmakar hjå Duval-Leroy, og rettruande Steinerskule-elev. Han har sørga for at dei nye vinmarkene til huset leverer basisen for spanande Champagne også inn i framtida. Vinane får mykje skryt i internasjonal presse. Ein ny kreasjon er vinen Abyss, ein non-dosé Champagne som har vore lagra i 15 månader, 60 meter under havoverflata i Atlanterhavet. Men Det Nye Leclerc-Briant fekk også med seg noko vin frå tidlegare eigar, og nokre flasker med 2010-utgåva av Les Chèvres Pierreuses kom til Noreg.

Svanesong

Det er tid for å smake to utgåver av dei steinete geitene, som no har gått ut av historia som eigen vin. 2010 var truleg siste årgang. Vinmarka er det Roederer som har kjøpt, så kanskje er druene no ein del av Vintage eller Cristal?

Leclerc-Briant Les Chèvres Pierreuses Premier Cru Brut (2004)

Strågul på farge og moderat mousse. Det er klart at elleve år lagring etter gogging set spor. Ved skjenking framstår vinen utvikla og ganske oksidativ. Det er preg av amontillado, nøtter, nedfallseple og kalk. Med luft, strammar vinen seg opp, tek seg saman og viser fram grønare eple, salt sjø og østers på lukt. I munnen er det ikkje verdas mest elegante Champagne. Men vinen er frisk og tørr. Og det litt brune preget endrar seg mot grønare enger. Interessant vin. Fin smak av gamal sjøbotn. Om du kallar det mineralitet eller ei..

Leclerc-Briant Les Chèvres Pierreuses Premier Cru Brut (2010)

Strågul og fin og lett mousse. Lukta avslører mogne gule eple, vanilje og friskare grøne eple, litt typisk chardonnay-preg. Etter kvart byggjer det seg opp mot kjølig sitrus og kalk. Med meir lufting dukkar det også opp lekre autolyse-lukter, som får den bakeritilsette til å smile. Her er både salte kjeks og brioche. Pen og rund vin i munnen, med tydelige smakar av eple, sitron og kalk. God og behagelig munnkjensle. Er jo noko ferskare og denne har fått om lag seks-sju år på botnfallet.

Leave a Reply