Tour de France 2019 – 4. etappe – Eventyret om Shawn og gullbrusen

Når startaren sablerer ei flaske Champagne med ein krankarm frå Shimano (det er i allefall slik eg ville gjort det), fyk korken og ryttarane avgarde. Mot Nancy, ein by eg ikkje har brukt så mange kaloriar på til no i livet mitt. Eg vil heller konsentrere meg om kaloriane som finst i jordbruksprodukta frå startområdet. Frå Reims, byen der dei krona kongar i hine hårde dagar, går dagens etappe søraustover. Dei er nok framleis proppfulle av forventningar når dei når landsbyen Ludes, etter om lag 4 km. No har det seg slik, at på vegen til Ludes tok eg til høgre litt for tidleg, og kom over eit eventyr. Og det skal eg no fortelje.

Det var ein gong..

Det var ein gong ein visesongar frå New Amsterdam, ja nærare bestemt frå den delen av byen som heitte Breukelen. Her vaks det opp fire sysken i ein familie. Faren reiste sin veg, men mora var ein engel. Ho tok seg av Shawn og dei tre andre. Shawn var glad i song og musikk. Ein dag på skulen, møtte han to andre rimsmedar, den berykta storkaren Christopher Wallace, og den raske rytmekaren Trevor Smith Jr.

Det var musikken han ville drive med, men det var enkle kår for Shawn. Då han fekk gjeve ut sitt fyrste musikkstykke i 1996, var det mange som hadde Rimeleg Tvil. Men han fekk hjelp av Store-Chris, og sidan gjekk det betre. Over alt kor han kom, vart folk bergtekne av flyten hans. Han fekk med seg dei flinkaste plate-kuskar og sjølv var han seremonimeister. Han arbeidde hardt, og lærte seg kunsten. Sidan vart han også medhjelpar for andre seremonimeistrar som ville vise verda kor godt dei meistra ein korthoggen stil.

Men det gjekk ikkje betre til, enn at vesle Shawn oppdaga at han også hadde taket på skreddaryrket. Saman med ein mann som kalla seg «Dame», laga dei klede for store og små med namnet Rocawear godt synleg. Shawn fekk mykje å gjere, og pengeskrinet fylte seg opp. Han tok nokon av pengane og kjøpte nokre stover i ein del av heimbyen som vart kalla Chelsea.

Shawn var som andre seremonimeistrar, glad i sus og dus, og eit glas brus. Når han var rundt omkring i landet og song, var det alltid eit hyggjeleg lag etterpå, og flaska med kristall-brusen vart send rundt. Men så var det ein dag at vesle Shawn fekk høyre at direktøren på brusfabrikken ikkje likte at rimsmedar og kakleknektar hyggja seg med kristall-brusen. Då vart Shawn sint, og etter den dagen drakk han ikkje meir av den sorten.

Både vestanfor sol og austanfor måne er det slik at om det kjem rikfolk til bygda, så er det alltid nokre lure karar som trur dei kan stele litt frå lasset. Og Shawn var no blitt ein velhalden mann. Han hadde gifta seg med ei flott kvedarkvinne frå Houston. Ho var kjend over heile verda etter at ho saman med to medsystre hadde reist rundt og kveda under namnet Lagnadsavkommet. I heimbyen var det ein kar som var god på brus, og han synte Shawn ein annan interessant brusfabrikk.

Denne fabrikken hadde hatt ein sort brus som dei tidlegare kalla Antique Gold, men Shawn meinte dei måtte endre litt på flaska, så skulle det nok bli fart på salet. Det var nemleg slik at om Shawn drakk ein spesiell type brus, eller gjekk med ei stilig bukse, ja så ville alle gutar og jenter ha det same som han. Og slik gjekk det til at brusfabrikken Cattier skilde frå ein del av garden, og kalla den nye fabrikken Armand de Brignac. Brusen kom i gullflaske med spar ess, og prisen var langt høgre enn før. Men det Shawn ikkje fortalde, var at innhaldet var det same som tidlegare hadde heitt Antique Gold.

Ja slik gjekk det så til, at no ville alle rimsmedar og kakleknektar drikke denne gjæve brusen med gullflaska. Og Shawn han var ikkje betre enn at han gjekk til brusfabrikkeigaren og sa at han ville kjøpe heile Armand de Brignac. Og så levde han lukkeleg i alle sine dagar.

.. eller korleis var det eigentleg?

Som det er med mange eventyr og urbane myter, så finst det fleire versjonar. Shawn Jay-Z Carter har nok sin eigen versjon. Men det var lenge hans versjon som var einerådande, til Forbes-journalist Zack O´Malley Greenburg gav ut si soge om Shawn, med tittelen: Empire state of mind, der han mellom anna fortel om Jay-Z si kopling til Armand de Brignac. Jay-Z hadde allereie i 2006, etter boycotten av Cristal, investert i Armand de Brignac. Men Cattier sa at Jay-Z hadde kjøpt ei flaske i New York, og likt vinen så godt at den vart med i musikkvideoen «Show me what you got». Men på det tidpunktet hadde ikkje Cattier byrja å eksportere vinen.

Jay-Z er utan tvil ein cool forretningsmann, men spelar med eigne ess i ermet. Då er det berre rimeleg at motspelarane byrjar å murre. At Cattier vel å vere makker med ein som spelar med eigne reglar får så vere. Men no er han teken i bløff. Historia om den enkle Shawn Carter som, lik Oskeladden vinn kongsdottera, Tidal og halve New York, er den amerikanske draumen. Men når han «messar» med Champagne, har han gått utanfor sitt «turf» og fortener all verdas motstand. Armand de Brignac Gold Brut kostar 2660 kroner…Yeah right, Jay-Z, do you think I am a f***ing idiot!

Djup kjellar og lange røter

Champagne-huset Cattier held til i Chigny-les-Roses i Montaigne de Reims, og der har generasjonar stelt vinmarker sidan 1763. For hundre år sidan fann dei ut at dei også ville lage noko ut av druene sine. I dag driv 13. generasjon 33 hektar vinmarker, i tillegg til noko innkjøpt frukt. Det gjev ein produksjon på om lag ein million flasker i året. Dei er eit av få gjenverande familieeigde Champagne-hus. Ja, bortsett frå at Jay-Z eig Armand de Brignac… Kjellaren er den djupaste i Champagne, og er gravd ut i tre nivå. Nederste nivå ligg heile 27 meter under bakken.

Mølla på haugen

Etter denne artikkelen om Dom Perignon, hadde eg ikkje tenkt å skrive meir om slike Veblen-vinar som lever i si eiga boble og driv med ureint spel. Men Cattier får ein sjanse allikevel, sidan dei lagar den gode og moderat prisa Clos du Moulin. Denne vinen kjem frå ei 2,2 hektar vinmark med same namn, som Cattier kjøpte i 1951. Namnet er frå ei vindmølle som tidlegare stod mellom vinrankene. Clos du Moulin ligg i kommunen Ludes, og er truleg den andre enkeltvinmarks-Champagne, etter Clos de Goisses som kom på marknaden fyrste gong i 1935-årgang. Vinmarka ligg nord for landsbyen på ein bakketopp, og er planta med halvparten av kvar med chardonnay og pinot noir. Vinen er sett saman av tre årgangar, dagens versjon er på 2006, 2007 og 2008. Vinen får åtte år på botnfallet før degorgering. Dosage er 7 g/l. Kostar 499,90 på polet i 2019.

Cattier Clos du Moulin 1. Cru Brut

Lys vin på farge. Lekker fin mousse. Er det den djupe kjellaren? Dei lærde strides. Velintegrert lukt av frisk eple, kritt og sitron. Vinen framstår lite utvikla. God og balansert smak, med behagelig munnkjennsle. Mest smak av eple og sitron. Etter kvart kjem det fram litt kjeks og noko cheesy aroma. Godt laga Champagne i ein frisk og rein stil. Truleg vil han kunne utvikle seg noko med litt meir flaskelagring.

Leave a Reply