Tour de France 2019 – 5. etappe – Route de vin Alsace

På den femte etappen vert det klatring i Vosges. To 3. kategori- og to 2. kategori-klatringar skal forserast, før det flatar ut rett før målgang i Colmar. No er det på tide å vise kven som fortener den prikkete klatretrøya. For dei som jaktar den grøne trøya, er det innlagt ein spurt nord i Alsace, rett før byen Barr. Etappen er lagd slik at romantiske bindverkshus, austvende vinmarker og heile Route de Vin i Alsace får sine 15 minutt i rampelyset, og vel så det.

Hunawihr

Vi som ikkje har det så travelt som Romain Bardet og Edvald Boasson-Hagen, kan ta ein rast i Hunawihr. Byen si Grand Cru-vinmark Rosacker er 26,18 hektar som vender mot aust og sør-aust. Jordlaget er djupt, opp 1,5 meter og er dominert av kalksteinsmergel med dolomitt. Vinstokkane som veks her er riesling (65%), gewurztraminer (23%) og pinot gris (12%).

In cognito

Rosacker er utvilsomt ei av dei betre vinmarkene i Alsace, men er kanskje ikkje så kjend. Det er dels fordi den mest kjende vinen herfrå, Riesling Clos Sainte Hune, eller CSH for dei invidde, ikkje nyttar vinmarksnamnet på etiketten. Grunnen til dette er at Trimbach ikkje meiner heile Rosacker er bra nok til Grand Cru-status. Clos Sainte Hune er 1,67 hektar. Trimbach eig også ein liten parsell rett utanfor Clos Sainte Hune, men desse druene går inn i andre vinar frå huset. Clos Sainte Hune var lenge den mest kostbare tørre riesling-vinen i verda, men no har vel fleire vinar frå Keller og Wittmann gått forbi. Namnet er så kjend, at andre som lagar vin frå Rosacker, refererer til Clos Sainte Hune, heller enn til Grand Cru Rosacker sjølv.

Inflasjon

Om ein kikkar på prisane på ein del vin frå Grand Cru-vinmarker i Alsace, er det mykje rart. Det er ein indikasjon på at det var nok i meste laget å anerkjenne 51 vinmarker med den høgste statusen. Og så er mange av Grand Cru-markene altfor omfattande. Pyramiden er litt topptung.

Polvarer og upløgd mark

Følgjande vinprodusentar tappar vin frå Rosacker; Trimbach, Jean Biecher, Domaine Agape, Jean-Luc Mader, Sipp-Mack, Mittnach Frères, Frédéric Mallo, Julien Schaal, David Ermel, Eblin-Fuchs, i tillegg til kooperativa i Ribeauvillé og Hunawihr. Trimbach sin Clos Sainte Hune Riesling er tilgjengelig i Noreg frå tid til anna. No er Domaine Agape sin Rosacker, einaste Rosacker på polet. Mittnach var inne ein kort periode for 10-15 år sidan. Dei andre produsentane er vel mindre kjende for det norske vinpublikum. Frå Sverige plukka eg med meg ein Rosacker frå Jean Biecher.

Jean Biecher

Jean Biecher & Fils er ein stor produsent i Alsace, og hevdar å vere den største som driv økologisk. Om dei eig vinmarkene sjølv, kor mykje dei eig, eller om dei i hovudsak kjøper inn frukt frå bønder på kontrakt, er usikkert. Dei har lite informasjon på eiga nettside, og nyttar typiske runde fraser som korkje gjev matnyttig informasjon eller inspirerer til å undersøke meir. Ei heller har dei laga så god vin at toneangjevande vinanmeldarar har kasta ut høge pengsummar som algoritmane har fanga opp. Vinverda er stor og nettet har stor maskevidd. Mykje går rett igjennom. Sjølv dedikerte Alsace-fiskarar må hive ut att noko av fangsten.

Jean Biecher Riesling Rosacker 2017

Lys strågul vin. Fersk, rein og syrlig lukt av riesling frå kalkjord. Friske eple, grapefrukt og kvit fersken. Dette lovar bra. Tight, frisk vin med god konsentrasjon. Fersk, og enno ikkje så kompleks. Men her var det ein kvalitet eg ikkje hadde venta. Det er noko fint med både konsentrasjon og munnkjensle her. Potensiale frå Rosacker som skin igjennom? 12,5 % alkohol. Vinen kosta 159 SEK, og det er han verd, og vel så det.

25 km etter Hunawihr syklar feltet gjennom Turckheim. No er det knappe tre mil att og spurtarane som er att, bør byrje å posisjonere seg. Løypa går i ei sløyfe forbi Eguisheim, og snur nordover mot mål i Colmar. Mellom Turckheim og Colmar ligg Wintzenheim. I botnen av Grand Cru-skråninga som heiter Hengst, ligg Clos Haüserer, ei vinmark på 1,1 hektar som Leonard Humbrecht sette saman av fleire parsellar. Dels frå plottar som Zind-familien eigde og noko kjøpt. I 1973 vart vinstokkar rivne opp og heile vinmarka vart planta med riesling. Frå 1983 har vinen hatt sin eigen etikett i portefølgjen til Zind-Humbrecht.

Zind-Humbrecht Riesling Clos Haüserer 2017

Strågul, mykje farge til å vere så fersk. Tight, men gjev frå seg eit hint av perfekt mogne druer. Det luktar diskret og tekkelig av søt fersken, gule friske eple og noko steinete og “salt”. Det er ikkje den aller strammaste Clos Haüserer. Fyldig vin med pen og glatt tekstur. Tørr og med integrert syre. Smak av eple, fersken og grapefrukt. Finishen er litt grov og uforløyst. God å drikke no, men vil nok vinne litt på litt lagring. 12,6 % alkohol, 4,5 g/l syre, 7,8 g/l restsukker. Kostar 300 spenn. Årgangen gav 38 hl/ha og vinen vart ikkje tappa på flaske før februar 2019.

Denne vinen vert som regel heilt tørr, og det kler han godt. Men Olivier Humbrecht er ein slik som ikkje tuklar for mykje med vinen under vinifikasjonen. Difor hender det at gjæringa stoppar før alt sukkeret er omdanna til alkohol. Og då får det bli som det blir. Eg har smakt denne vinen i ein del årgangar og han er som regel “Indice 1”. I 2015 var naturen generøs, og denne vinen vart noko søtare enn vanlig. Eg held ein knapp på “tørre” og moderate årgangar.

Zind-Humbrecht Riesling Clos Häuserer 2015

Strågul. Det luktar rikt, men med ei pen underliggjande syre. Søte mogne eple, søt sitron og syrlig metallisk lukt. Også noko tropisk frukt. På smak er det ein halvtørr vin med smak av søte eple og mykje av det som finst på lukt. Fint syrebitt i ettersmaken. Notat frå juli 2017. 13% alkohol, 5,0 g/l syre, 18,0 g/l restsukker, 37 hl/ha utbytte. Indice 3.

Leave a Reply