Tour de France 2019 – 6. etappe. Vulkansk støv

Denne etappen vert trakka i gang i byen Mulhouse, og målseglet står 1140 meter over havet, på toppen av La Planche des Belles Filles. Då har ryttarane vore gjennom fem klatringar og 157 km. Mulhouse hyser 112 000 innbyggjarar og er den nest største byen i Alsace. Han ligg 249 meter over havet. Når ryttarane har klikka skoa i pedalen og startskotet går, set dei framhjulet nordvestover, og når byen Guebwiller etter 17 km. Då er dei enno fulle av energi, og kan ta ein kikk opp til høgre, der ein bratt åsrygg går opp bak byen. Her ligg fire Grand Cru-vinmarker, og byen sin store produsent Domaine Schlumberger eig store parsellar i alle fire.

Kalveknekkaren

Grand Cru Kitterlé i Guebwiller er på 25,79 hektar, og ligg ein bratt åskam som vender mot sørvest, sør, og snur mot søraust. Her er det så bratt at det er bygd steinmurar som skaper terassar i sida. Faktisk så bratt at vinmarka har fått eit namn som betyr kalveknekkaren. Vin frå området var kjend i 1699, og seld under namnet Kitterlé frå 1830. 44% er planta med riesling, og grunnen består av vulkansk sandstein. Schlumberger eig heile 20 hektar av denne vinmarka.

Schlumberger Riesling Grand Cru Kitterlé 2012

Her har det hendt mykje på knappe sju år. Djup strågul mot gyllen farge på vinen. Utvikla riesling med lukt av badeball, sylta sitron og mogne eple. Spørsmålet er om dette badeball-preget kan vere relatert til den vulkanske geologien. Det som strøymer over tunga er ein ganske fyldig vin, med feit tekstur og god, spiss men integrert syre. Eple, sitron og noko bitterheit. Interessant vin, utvikla og oljete. 13,5% alkohol. Kosta 299 kroner no i sommar. Schlumberger har også sin eigen skala for opplevd sødme i vinen. Denne klokkar inn på “Dry”.

Blod på Thann

Etter at feltet har passert Guebwiller, går traséen vidare nordaustover, forbi småstader som Buhl og Lauthenbach, før dei beveger seg rett vestover ved Linthal. Ved Le Markstein vender ruta mot søraust, og dei følgjer vegen i eit dalsøkk som endar opp i Thann. Ryttarane skal ikkje heilt dit, for dei svingar av mot sør i Bitschwiller-lès-Thann, og sidan vestover. Dei syklar over grensa til departementet Belfort, og målgang er rett over grensa til neste departement, La Planche des Belles Filles i Haute-Saône. Vi er naturlegvis meir interesserte i å få med oss ein drikkestasjon rett utanfor løypa, nemleg den presumtivt mest spanande vinmarka i Alsace, Rangen de Thann.

Etter Pangea

22,13 hektar ligg rett ovanfor byen, som ei isolert øy av vin, langt unna resten av AOC Alsace. Excel-arket til munkane i klosteret i Murbach fortel at Rangen var planta med vindruer alt i 1272. På 1600-talet var det 500 hektar vinmarker rundt byen Thann. Rangen var også større, for deler av der det i dag veks skog på vest- og austsida, hadde også vinplanter. Vi er altså heilt i sørspissen av Vosges-fjella. Her har det vore vulkansk aktivitet, og det byrja under den hercynske fjellfaldinga for om lag 360 millionar år sidan. Då krasja, ganske sakte då, kontinenta Euramerika og Gondwana saman og vart superkontinentet Pangea. Ein av fjellkjedene som kom ut av dette var altså Vosges i Nord-Frankrike. Det var også mykje vulkansk aktivitet før og under danninga av riftdalen Rhein Graben, som ligg mellom Vosges og høgdene med Schwarzwald.

Basalt og botrytis

Under det øverste laget, finst det bergartar med vulkansk opphav. Jorda er mykje steinete basalt og skifer, og til dels er det brote ned til leire. Det er ganske sur jord, og nyplanta vinstokkar brukar fem til seks år før dei ber frukt. Rangen er bratt, høgtliggjande og arbeidskrevjande. Nede ved elva er det 350 moh, og dei øvste vinstokkane står 467 moh. Det er lang vekstsyklus. Elva Thur som renn rett ved dei nederste vinstokkane i botnen av skråninga, gjer at det lett kan utvikle seg botrytis i den nederste delen av Rangen. Det er her at det er planta 1 hektar med gewurztraminer. Resten er riesling og pinot gris.

Sjeldan og dyr

Dei to store eigarane er Zind-Humbrecht, som eig ein del mot vest som vert kalla Clos Saint Urbain, og Schoffit som eig den mitre delen, kalla Clos Saint Theobald. Elles er resten fordelt på Bruno Hertz, Maurice Schoech, Château d´Orschwihr, Wolfberger og nokre andre småbønder som anten lagar vin til heimebruk eller leverer til cooperativ. Philippe Zinck får av og til kjøpe noko, og tappar under eigen etikett.

Vin frå Rangen vert dyr. Sidan dei som driv der, i hovudsak held til mykje lengre nord i Alsace, og har vinmarker og utstyr der, må dei ha eigne team og utstyr for å drive arbeidet i Rangen. Den bratte vinmarka og den tette plantinga gjer at det vert svært mange arbeidstimar pr hektar. Avkastinga er maksimalt 50 hl/ha, men er i praksis mellom 15 og 30 hl/ha. Det eg tykkjer er mest spanande med vin frå Rangen, er når det vulkanske preget får spele seg ut i lukt og smak. Det tek dessverre ofte mange år før det kjem til overflata.

Stor stil

Zind-Humbrecht sine vinar har ein stram struktur som held ting på plass i mange år. Dei vinane eg har smakt frå Schoffit har vore feitare, men også her var det mest Rangen-ske gjøymd i fleire år. Pinot Gris mognar raskare når ting først kjem i gang. Ho har tynnare skal enn riesling og gewurztraminer. Det betyr ofte at det vert ein del botrytis. Saman med høge konsentrasjonar av sukker vert det fort ein diger vin. No kan ein argumentere med at dette er ein del av terroiret til Rangen. Men eg hadde gjerne sett at meir av Rangen vart omplanta til riesling. Eg meiner den drua får fram det som gjer Rangen rangen stridig.

Er pinot gris eigna til Grand Cru-vinmarker i Alsace, der druene mognar “for lett”? Har global oppvarming gjort at pinot gris bør skubbast til kjøligare vestsoner? Vel, det er ein annan debatt. Men faktum er at arealet med pinot gris i Alsace har auka på 2000-talet.

Zind-Humbrecht Clos Saint Urbain Grand Cru Rangen de Thann Riesling 2004

Eg tykkjer det er litt cheesy å skrive smaksnotat, det vert aldri heilt slik eg ønskjer å formidle vinen. Denne hadde fortent ein betre pennesvingar, Jan Tore Skråmestø for eksempel. Ja ja, vi køyrer på. Vinen har drege på seg bra med farge. Han er djup gyllengul mot gullfarga. Meir tjuktflytande enn tørr riesling plar vere. Men så seier eiketten at vinen held heile 14%, noko som er uvanlig høgt for riesling. Oooh, svær vin! Litt uryddig på dag ein, men har roa seg til dag to. Gul tropisk frukt og vulkanske bergartar. Noko som kan minne om petroleum også. Lukta framstår som rund, rik og svær. Smaken følgjer opp forventningane frå det ortonasale; ein rik, diger og deilig hedonist-riesling, om det er noko som heiter det. Overraskande tilbaketrukken syre. Tørr, men med ein del fruktsødme og rik stil. Vitnar om godt mogne druer. Syra er integrert. Gul frukt, petro og vulkansk stein. Denne har lege i kjellaren i 12-13 år og venta. Eg er litt forundra over at ikkje vinen hadde “slanka seg”, men det er truleg mykje av alt her. Det er ein larger than life-vin. Ein vin som både krev og fortener merksemd.

Olivier Humbrecht skriv om denne vinen at den har 14,2% alkohol, 6,2 g/l restsukker og kjem då under Indice 1 (tørr) på Zind-Humbrecht sin skala for opplevd sødme i vinen. 36 hl/ha dette året, som er ganske mykje for Rangen. Vinen gjæra ganske fort alt sukkeret, noko som er uvant, då Olivier ikkje påverkar gjæringa og ofte opplever at vinen brukar eit heilt år på å gjære ferdig.

Schoffit Clos Saint Theobald Grand Cru Rangen de Thann Pinot Gris Vendanges Tardives 2005

Litt av ein munnfull, det namnet! Og det er vinen også. Fargen er ravgul. Litt urein lukt, som får meg til å tru det kan vere TCA, men det forsvinn etter ei tid. Det luktar søtt av tropisk frukt og hermetisk fersken. Tjuktflytande, glatt og fyldig vin. Søt og svær. Moderat syre, allikevel noko struktur som ber vinen. Vanskelig å få tak på noko som kan vitne om Rangen-opphavet. Det er mykje søt frukt og lite anna. Lang og søt ettersmak med eple og hermetisk fersken. 14% alkohol. Elles har eg ikkje klart å finne noko meir informasjon om denne vinen. Familien Schoffit verkar å vere litt meir introverte enn Zind-Humbrecht…

Leave a Reply