Tour de France 2019 – Prolog

Tenk å sykle gjennom eit land av mjølk og honning! Eller gåselever og Champagne, gewurztraminer og rilettes, croissant og Cahors, Rivesaltes og søte kaker, som Frankrike er. Frankrike er landet vi drøymer om, som den vesle tigeren og den vesle bjørnen til Janosch om lag sa det. Visst har vi ein trestjerners restaurant i Oslo, men på bygda er menyen bestemt av Rema. Og herr Reitan; der vert ingen draumar til. Då er det noko anna i Frankrike. Og no er det snart klart for sykkelrittet som fungerer som ein 21 dagars reklamekampanje for la France.

Og ikkje berre for fransk vegstandard, dugnadsånd, arkitektur og natur. Men også for verdas høgst verdsette kulturlandskap, vinmarkene i alle vindistrikta som dei 176 ryttarane og rikelig med kameravinklar sneiar forbi. Medan Sagan, Thomas og Groenewegen er opptekne av trøyer og poeng, er det ein kyrkjelyd som set seg framfor fjernsynet midt på sommaren for å sjå favorittvinmarkene filma med drone og helikopter.

Etter 3460 km på sykkelsetet, spurtar dei i mål på Champs Élysée som vanleg. Eit blodslit for ryttarane, men eit høgdepunkt for sykkelinteresserte. I år er det 106. utgåve og bakerst i feltet vil Nattverdens hjelperyttarar fortelje deg om det som spurtkanonane og feltet berre susar forbi. Nemleg vinmarkene, historia, appellasjonane og nokre velfunderte vintips frå kvart område.

I år er det, med vinbrillene lengst framme på nasen, eit svært godt år for vininteresserte å følgje med på Tour de France. Både Geraint Thomas og Nattverden sine heseblesande hjelperyttarar skal innom Champagne, Alsace, Jura, Bourgogne, Sørvest, Languedoc, Rhône og om vi legg godviljen til, Savoie. Bli med Frankrike rundt denne sommaren!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *