Madeira frå Dão

Noko gjærer i Dão – vinområdet har tatt steget til kvalitetsregion, sjølvtilliten er på veg opp – dei mest breiale snakkar om Portugals Burgund, og ein ny generasjon er på veg inn i faget.

I eit land tufta på tradisjonar har ein franskmann med eit namn eigna for å skapa forvirring starta på topp. Ingeniøren Antonio Madeira er fødd og vaksen opp i Paris, men familien hadde sumarhus og Antonio etter kvart kjærast i Dão-regionen. Då det vart aktuelt å etablera seg her hadde han allereie latt seg inspirera av naturvinsbarane i Paris til å vilja prøva seg som vinprodusent sjølv. 

I 2010 overtok han ei gamal, forlate vinmark oppunder Serra da Estrela – høgste fjellkjeden og minste DOCen i regionen – og laga sin første vin året etter. Med tida har han langsamt utvida med leigd druemark, og produserer i dag mellom 20- og 30 000 flasker i året. 

Antonio Madeira Vinhas Velhas 2016 

Field blend med Baga, Jaen, Tinta Amarela og rundtom 20 andre slag  frå 50-100 år gamle vinstokkar på 450 meters høgde. Spontangjæring i opne kar, 18 månader på store franske fat, 3 månaders stabilisering på  ståltank i garasjen til pappa Madeira før flasking. 

Morell, rips, nellik, kaffibønner, svart pepar og mørk sjokolade.  Vinen vandrar innom solbær og bjørnebær. Kompleks og behageleg duft. Eg tar meg sjølv i å utsetje første slurk for berre eit sniff til. Likskapen med Bordeaux er etter kvart så framtredande at eg skiftar frå sånt burgundglas med snål bøy til Riedel Bordeaux, utan at eg kjenner noko særleg skilnad.

Forsiktig anslag, raskt crescendo inn i eit komplekst midtparti med lagvise kirsebær, morell og blåplommer, som glir over i syrah-aktige tyttebærsmakar. Lang avslutning med mykje rips og bringebær. Har vinverda fått ein eigen variant av mimic octopus? Vandrar frå Bordeaux til Rhone og attende. Er frisk, men samstundes kompleks; er intens, men elegant både i nase og munn. Tanniner byggjer seg forsiktig opp og matcher bra med eit stykke lam. Heile 14 ½ prosent alkohol er godt integrert og kun merkbart ved at eg prøver å spele Take On Me på ukulele tidlegare på kvelden enn vanleg.        

Antonio Madeira Vinhas Velhas Branco 2017

Blanding frå Siria, Fernão Pires, Bical, Arinto, Cerceal og ein heil del andre sortar frå 50 – 120 år gamle stokkar. Handplukka druer, 24 timars skalkontakt, spontangjæring, 10 månader på ei blanding av stål (mesteparten) og brukte franske fat (litt). Ufiltrert og knapt svovla. 

Sursøte gule plommer, pickles, og steinstøv frå nysprengt tomt følgjer nyopna flaske. Særs steinete etter få minutt  – noko gul frukt kan så vidt kjennast bakom. Meir umiddelbar smak med mykje fyldig frukt og honning, oljete munnkjensle. God, men stutt avslutning. Får ein times strafferunde på karaffel før vi smakar på ordentleg.

Lufting har gjort godt. Steinsløret er dradd til sides og opna for sylta sitron og Granny Smith saman med gule plommer og eit sursøtt preg.

Nesten sjøvatn-salt i anslaget! Glir elegant over i pæresøt frukt. Fyldig og komplekst midtparti med eple, gule plommer, fyldig sitron og søte krydder. Fyldig avslutning med sylta sitron og nøtter som minner meg litt om Cartology

Annleis, men knallgod vin med ein kompleks eleganse bak eit moderat naturvinpreg. Fungerte veldig bra til fish ’n’ chips, men dette er ein vin som vil takla det meste som sym  eller flyg med eit skuldertrekk…  


2 tankar på “Madeira frå Dão

Leave a Reply