Blod er tjukkare enn vin, men berre så vidt. Serien “Drops of God” som er basert på manga-teikneserien som kom ut i 44 album frå 2004 til 2014, ligg ute på AppleTV no. Fyrste sesong kom ut i 2023, medan sesong to byrja no i 2026. Det er ikkje kvar dag det vert lansert noko filmatisk som krinsar rundt vin, så dette måtte eg få med meg.
Serien følgjer hovudpersonane Camille og Issei, og så er det ein del att og fram i tid mellom notidsplanet og handling rundt 1990-1992. Som i teikneserien er det ein velståande vinsamlar som har gått bort, og så er det ei tevling mellom dottera Camille og protesjéen Issei om kven av dei to får arve den store og verdifulle samlinga.
Det vert brukt tid på å etablere og oppklare ein del konflikter frå fortida, og det er gode forsøk på å skildre skilnaden på fransk og japansk kultur, estetikk og levesett. Diverre er ikkje alle birollene innan vinbransjen heilt truverdige. Det er ikkje heilt slik eg oppfattar typiske sommelierar, vinbønder eller vinhandlarar.
Verre er det med det vinfaglege, der det stadig vekk kjem fram direkte feil og til dels pinlege replikkar. Manga-serien som er skriven av dei vininteresserte søskena Yoko og Shin Kibayashi fekk skryt for at det som handla om konkretet vinar og historia bak var korrekt.
Handlinga er ikkje heilt som i teikneserien, og ein del foregår på ein vineigedom i Chauteauneuf-du-Pape, der far til Camille og familien oppheld seg ein del i Camille sin barndom. Dette er visst filma på Domaine de Beaucastel. Men sidan ein av vinane som skal bli forsøkt identifisert gjennom blindsmaking i teikneserien kjem frå Domaine du Pegau (Cuvée Da Capo 2000), og eg hadde vore i kjellaren og henta ut ein Cuvée Réservée 2015, så får den vere med her.

Domaine de Pegau Chateauneuf-du-Pape Cuvée Réservée 2015
Noko utvikla mørk granatraud, nesten transparent, men utan noko brunt. Det er mykje krydder og alkohol i lukta, men på dag to servert noko kjøligare ned mot 14 grader, så veks vinen litt på meg. Funka for så vidt greit til biff med béarnaise og heimesnekra pommes frites på dag ein, men det vert noko digert, kokt og lett alkoholprega for min del. På dag to altså, så dukkar det opp lukter som går mot både animalsk pels og friskt treverk, og det skaper litt motvekt til den noko varme og sylta frukta. I munnen er det likevel litt for mjukt og utan den spensten som bør vere der. Her er då støttande tanninar, men frukta er for varm og slapp til at eg får lyst på så mykje meir enn eit konservativt skjenka glas.
Laga på 80% grenache, 10% syrah og elles alle dei 13 lovlege sortane. Gjæring med heile klasar i betongtank. Mogning i 24 mnd på store foudres for grenache, og truleg ein del mindre fat for dei andre sortane. Berre 14% alkohol, det er nesten moderat for området. Kjøpt i 2018 for 590 kr.
I sesong to av Drops of God, er det tilbake til røtene i både konkret og overført tyding. Camille og Issei reiser til Georgia, vinkulturen si vogge, på jakt etter ein vin utan etikett som faren hadde i samlinga, og som han ikkje klarte å identifisere. Her rotar dei seg inn i familiefeider (sameina oss, som greinene med vintreet..) og trakkar i nokre salatar, før dei finn fred og nye mål i livet. I sesong to er det Issei som slit med fortidas mareritt, og han dykkar ned i mørkret for å finne lyset.
Eg vart fyrst kjend med eigedomen Chateau le Puy i 2021, og smakte då hovudvinen Emilien 2016, som eg har skrive om her. I denne TV-serien får vinen Barthélemy 2017 ein liten “cameo”, når Issei er på eit jobbintervju, og får i oppgåve å blindsmake ein raudvin. Eg hadde ein kvit liggjande i skåpet heime, vinen Marie-Cécile 2023, ein tørr semillon laga utan svovelsulfitt-tilsetjing. Kan det gå bra?

Le Puy Marie-Cécile 2023
Djup gyllengul, så vidt uklar på fyrste skjenking. Etter eit par timar er vinen meir i retning ravgul og meir uklar. Eksotisk, varm, fruktig og rik lukt som minner om pinot gris eller nesten muscat-vin frå Alsace. Det ligg noko strengt og mineralsk bak det heile, men det er berre så vidt det kjem fram. Fyrste glaset er best. Etter kvart utover kvelden går det reine og klare uttrykket meir mot oransje nyansar og det kjem til oksidative element. Energisk, glyserisk og fyldig vin med rik gul frukt. Det er overraskande nok ein viss friskheit i vinen. Tørr vin, men svært fruktig. Rare greier. Om det skjøre og forgjengelege er ein positiv verdi i vin, vil denne skåre høgt.
100% semillon frå rundt 100 meter over havet i Francs, Côtes de Bordeaux, nesten på grensa til Dordogne. Biodynamisk jordbruk. Litt problematisk årgang med ein del regn, og så kom det høge temperaturar så vinen fekk 14% alkohol. Gjæring i eikefat og sidan har vinen vore på brukte 450-liters fat i åtte månader. Fleire gonger i veka vert vinen omrørt i sirkelrørsler (dynamisering), som bidreg til den fine teksturen. Ikkje tilsett SO2. Fyrste årgang av vinen var i 2001. 709,90 kr er for mykje for dette, men det var gøy å prøve. Flaskevekt på 780 g er vel ikkje akkurat i Steiner si ånd..?
Sesong to har ikkje den same spaninga og ønskje om å sjå korleis det heile heng saman. Det er òg ein del cheesy vinrelaterte replikkar. At renommerte vineigedomar som Selosse i Champagne og Comte Lafon i Bourgogne deltek i ein vinkonkurranse er vel heller ikkje heilt sannsynleg. Men det er fine panoreringar over vinområde i Georgia, og vi vert betre kjend med hovudkarakterane og dei viktigaste birollene.
Det er truleg ikkje så lett å formidle vin og smak på film, det er faktisk ikkje så lett med ord heller. Camille har særskilde evne til å kjenne att aromaer, men i serien vert det eit slags premiss at desse aroma finst i vinen, og om ho berre kan kjenne att alle, så vil ho vite kva vin det er snakk om. Dessutan blindprøver dei i sesong ein mykje vin med 15-20 års alder, og då har jo desse typiske aroma som ein finn i til dømes ein ung Chateauneuf-du-Pape endra seg mykje.
Dette vart kanskje litt kritisk, men det er altså ein del positivt å ta med òg. Og sjølv om eg var positiv i utgangspunktet, men falt litt av etter kvart, er det ikkje sikkert du heng deg opp i det same som meg. Det finst langt verre saker å bruke tida si på.
