Andrija Zilavka 2012

Etter ein månad med berre fransk pinot noir, pinot meunier og chardonnay i ymse boblete blandingar, har omdømmet mitt fått seg ein smell internt i redaksjonen, og det er på tide å spretta attende før eg blir skulda for å ha blitt ein label drinker…

I Jugoslavia var zilavka gjerne ei blandingsdrue, i dag ei kvit stjerne i vinar frå Hercegovina. Ein knapp halvtimes køyring sørvest for Mostar i Bosnia-Hercegovina er det funne spor av druedyrking sidan 1300-talet. På ein gard med familierøter attende til 1700 starta Andrija (roll credits) med strukturert vindyrking i 1938. I dag har produksjonen passert ein halv million flasker i året.

Andrija Zilavka 2012

Veldig steinete frå nyopna flaske, bakom lurer mandel og hasselnøtt. Får ein strafferunde på karaffel medan eg prøver å tenkje på noko anna enn vin. Kva shrimp rolls heiter på norsk, til dømes…

Eit smoky skiferteppe overtar etter lufting og får selskap av appelsinskal og sursøt frukt. Småskittent, funky naturvinpreg på snuten utan at det tar overhand.

Mildt anslag, oljete munnkjensle, fyldig midtparti med modne – nesten overmodne – eple. Fyldig avslutning med mandlar, antydning til honningsødme og bra lengde. Smatter på gule eple mellom slurkane

Ein vinstil med fyldig trøkk og lite syre, der eg trur planlagt rekerull som matfølgje blir for veikt, og heller bør erstattast med spekemat, kvit fisk med kraftig smørsaus eller knerting av ein vaktel. Kvelden er ung og karaffelen vid, så ting kan framleis endra seg…

Med godvilje dukker det kanskje opp sylta sitron etter nokre timar, men det er ikkje akkurat noko syrleg vin, dette – førestill deg heller ein budsjett-Cartology. Fungerte for så vidt greitt både til skaldyr og spansk pølse, men eg trur noko fugl vil vera betre…  Om du likar stilen er dette eit latterleg godt kjøp til 170,-

Gurls – run boy, run

Spoiler: dette er grisetøft! Det har vore meir regelen enn unntaket ei stund at unge jazzmusikarar kjenner seg vel så heime i popestetikken som i jazzen. Slik sett er powertrioen Gurls  antakeleg meir enn vi fortener – ei slags blanding av Prince-funk og den kjølige – nesten arrogante – sjølvtilliten til Grace Jones kombinert med ein tydeleg akustisk jazzestetikk.

Ellen Andrea Wang har i nokre år vore go-to-musikaren når du treng ein groovy kontrabass. Frå rett-fram-jazz med Dag Arnesen, via Pixel og Manu Katché, til Marthe Wang, Thea Hjelmeland og eigne soloprosjekt. Vokalist Rohey Taalah har sitt eige retrofuturistiske band der syttitals-soul kolliderer med nu-jazz på verdas mest sexy måte. Hanna Paulsberg er den seriøse jazzsaksofonisten plassert i ein amerikansk tradisjon som rommer både Sonny Rollins og Archie Shepp, med eige Concept og sete i Trondheim Jazzorkester. Eller – det var i alle fall det eg trudde. Det syner seg at Gurls sitt konsept er at Paulsberg har samla på gutane ho har møtt, og laga songar om dei. Ikkje alle av dei kjem like godt i frå det…

Høgdepunkt? Mange… Opningslåta Worried About Ya er Moon Hooch på stereoider, medan Dis Boy (med ur-Gurl Emilie Nicolas på gjestevokal) er både funky og hysterisk morosamt etter kvart som panikken kjem når den perfekte guten dukkar opp, saman med orsakingane for å trekkja seg.  Syngedame er på ein måte det sjølvironiske revynummeret – samstundes er både vokal og perk-sax så tøft at låta tåler haugar av gjenhør.

Side B lagar rom for jazz-bandet i Snap, medan The Boy Who Came To Town blir den mest inderlege balladen Ann Peebles aldri lagde. Der tekstane til no på plata har vore sjarmerande sjølvironisk, blir det no brutalt sårt.  Without You tar kommandoen attende i ei slags pseudo-brasiliansk groovy greie før plata sluttar ropestemme-optimistisk med The Love Seed.

Saman med Carla Kihlstedt og Meshell Ndegeocello  er dette kandidat til besteplate for 2018 – vonar på ein konsert nær meg i løpet av året…

Kjelder:
http://www.podrumiandrija.com
Oz Clark/Margaret Rand – Druer og viner
Div Wikipedia

Leave a Reply