Baku to the Future

Det er på tide å fullføra den Den transkaukasiske demokratiske føderale republikk-trilogien. Frå før har Georgia og Armenia fått sitt – og no er det endeleg  Eldens Rike sin tur. Aserbajdsjan har ein fleire tusen år gamal vintradisjon som vart smadra av Sovjet-samveldet, og prøver no å koma på føtene igjen. Med økonomisk hjelp frå EU og ønologisk hjelp frå Frankrike har Shirvan Wines bygd opp eit moderne, økologisk anlegg mellom Baku og Kaukasus-fjella med det som ser ut til å vera Rhone-inspirert drueplanting i tillegg til dei tradisjonelle regionale slaga.

Shirvan Sadaf Meysari 2019

Shirvan, Aserbajdsjan. 34 % Clairette, 34 % Grenache Blanc, 20 % Marsanne og 20 % Rousanne frå økologiske marker på 750 meters høgde. Fermentering og modning på ståltankar.

Pære, sitron, våt stein og laurbærblad. Forsiktige, men behagelege duftar.

Smålubben, lett oljete munnkjensle. Aprikos, bivoks og litt appelsinskal. Treng litt tid i glaset før syra kjem i ei fyldig sitron-avslutning som sit lenge mellom slurkane.

Matvin. God, utan at han gjer meg superentusiastisk, men eg sit med ei kjensle av lagringspotensiale her. Fungerte nydeleg til torsk med sennep og mandlar, og eit bra kjøp til rundt ein 250-lapp.

Shirvan Makhmari Meysari 2019

Shirvan, Aserbajdsjan. 29 % Carignan, 21 % Grenache Gris, 24 % Mourvèdre, 26 % Marselan. Økologisk sertifisert, fermentering og modning i ståltank. 

Rhone-aktig lyng, blåbær, bjørnebær og solbær. Nykverna svart pepar ligg som ein pedaltone under. Behagelege duftar.

Rund munnkjensle. Saftige victoriaplommer, solbær, morell og rosmarin i midtpartiet, lang blåplommefyldig avslutning med ein liten, munnreinskande rips-syresnert heilt til slutt.

Dette var veldig godt. Klokkereine duftar og smakar frå ein vin som fungerte veldig godt til eit stykke gamalsau-lam. Vel verd prislappen rett under 300.  

Wardruna –Skald

Når Thor Heyerdahl på alvor meinte at Odin var konge i Aserbajdsjan og Æsene var soldatane hans, så høver det kanskje med litt vikingprosa til dessert. Der dei “vanlege” Wardruna-platene fort blir veldig voldsame, er dette eit godt døme på at lågmælt kan vera minst like intenst.

Einar Selvik bidreg for det meste heilt åleine med røyst, kraviklyre, tagelharpe og bukkehorn, der han toneset mellom anna Voluspå og Egil Skallagrimsson. Lett blanding av unplugged-versjonar av tidlegare materiale og nye ting.

Inderleg og hypnotisk – ein slags tydeleg nordisk harmonikk, men samstundes mystisk og litt skummelt. Nydeleg introduksjon for dei som er nyfikne på norrøn historieforteljing.    

Kjelder:
https://meysariwines.az/
Diverse Wikipedia

Leave a Reply