Det går stort sett pynteleg for seg i den litle andedammen vår. Når krusingar blir til bølgjer gjeld det som oftast rimelege vinar som får overraskande høg poengsum – hallo, Next Vintage – eller fyrtårn som får slakt. Akkurat no er Latour i krysselden, der 2016 har fått juling fleire stader. For dei av oss som yttarst sjeldan drikk vin til over 7500,- vart det for freistande då Testamatta 2018 – ein vin som visstnok hadde fått 100 poeng ein stad – vart tilgjengeleg til 750 kroner…
Bibi Graetz Testamatta 2018

Toscana, Republikken Italia. 100 % Sangiovese frå opptil 50 år gamle stokkar. Handplukka og ditto selekterte druer, fermentering i opne fat, halvanna år på fransk eik før flasking.
Supereksentrisk toscansk vin HER
Kraftig bærduft – ein stad der kirsebær glir over til å bli morell eller omvendt. Krydderskuff med anisfrø, eksklusiv skinnjakke, tomatblad og antyding til søtlege jordbær. Reine og tydelege duftar.

Lett – nærast vektlaus – munnkjensle. Vinn raskt fylde med kirsebær, mandlar og bringebær. Særs lang avslutning med mandlar, saftige morellsteinar og syrlege bringebær. Antydning til tanninar, men melder seg ikkje på før i siste glaset.

I fought the hype, and the hype won, men dette var jo retteleg godt. Lett eleganse, men samstundes ein intens konsentrasjon der eg smattar på reine smakar i fleire minutt mellom slurkane. Var – ikkje overraskande – veldig godt til eit stykke pretensiøst anretta hjort med steinsopp. Neppe 100 poeng, men uansett ein veldig god vin.
Meir om Sangiovese HER
Trio Mediæval – Yule

Av og til er musikk så vakker at det nesten gjer fysisk vondt, ikkje minst når Det hev ei rosa sprunge opnar juleplata til Trio Mediæval med eit nakent vokalarrangement som tilsynelatande er enkelt, men som røskar i middelalderkonvensjonane og får himmelske klangar.
Etter kvart får vi ei blanding av latinske og skandinaviske salmar – nokre kjende, andre meir obskure – men alle levert med millimeterpresis frasering og tonehøgde. Taktisk nok har dei likevel fått inn ein heil del gjestar for å røska opp litt – Arve Henriksen på trompet og felemeistar Vegar Vårdal bidreg med luftige soloar, medan Anders Jormin på kontrabass melder seg med litt motstand og friksjon. Under det heile understrekar Helge Norbakken tidskoloritten med middelaldertrommer.
Innspelt i Sofienberg kyrkje med ein lydkvalitet som overgår det meste. Tiårets juleplate, minst!
Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
https://www.bibigraetz.com/en/
https://www.triomediaeval.no/
