Bliard-Moriset Blanc de Blancs Grand Cru Brut

Strileavdelinga hjå Nattverden heldt fram med å testa sommarens billigsjampanjer.  Denne gongen Bliard-Moriset – stifta av Georges Moriset i 1900, før Bliardane etterkvart gifta seg til gard. I dag er det femte generasjon som driv huset.

Bliard-Moriset Blanc de Blancs Grand Cru Brut

Raude eple, iskjeks, nybakt brød med smør på, salt sjø,  litt parfymert blomsterduft. Gjær som rusker litt – men alt i alt ein delikat snute.

Spiss i anslaget, mykje syrleg sitron, litt spinkelt midtparti med raude eple, salte mineraler og Granny Smith. Litt stutt i avslutninga, men reine smakar. Vinn lengde med tid.

Der førre testobjekt  var rund og sødmefylt er vi no i den syrespisse delen av skalaen.  Lover litt meir på sniff enn på smak, men spanande vin og eit supert kjøp til 240,- Mykje vin for pengane.

Emmylou Harris – Wrecking Ball

Emmylou Harris var alternative country før omgrepet eksisterte, og er kjend for å gå sine eigne veger innanfor sjangeren. Sjølv med dette som bakteppe var det ingen som spådde at ho i 1995 skulle gå i kompaniskap med Daniel Lanois (Peter Gabriel, U2, Bob Dylan) og laga ei atmosfærisk og mørk folkrock-plate med musikk frå mellom anna Neil Young, Jimi Hendrix, Gillian Welch og Lucinda Williams. Plata vann Grammy 1996 for Best Contemporary Folk.

«The few people who don’t get it are people who think that I should be doing what I did before. But that’s confusing to me because I don’t think I’ve ever stuck to just one formula. But I will admit that, as much as I’ve zigged and zagged over the years, that this was a pretty big zag»

Hyrer du Daniel Lanois så hyrer du meir enn ein produsent som bestiller pizza og studiotider – han tar full kontroll over lydbildet, og på godt og vondt lét det ofte  som han sjølv. Det vil sei, heilt til Emmylou Harris byrjar å synge – tilsynelatande kjøleg likesælt –  men det er ei felle. Etter få sekund har ho insistert seg inn i livet ditt med den mest klokkereine røysta amerikansk countrymusikk nokon gong har fostra.

Where Will I Be  er umiskjenneleg Daniel Lanois, men det er Brian Blade på skarptromme som fortener merksemda – aldri har ein marsjrytme groova meir enn dette. Emmylou sjølv grublar intenst over kva avtrykk – om noko – ho set på verda rundt seg gjennom livet. Steve Earle sin Goodbye er ein av dei finaste ‘break-up’-songane i verda både melodisk og i lyrisk sentimentalitet. All My Tears  av Julie Miller er hypnotisk, medan Wrecking Ball med ordspelteksten frå Neil Young avsluttar Side A på magisk vis.

Goin’ Back to Harlan er ei slags hylling til nordamerikansk folkemusikk med utallege referansar, medan Deeper Well  er langt inn i Robbie Robertson-land – groovy og hypnotisk. Bob Dylan sin Every Grain of Sand gjev omsider litt country-vibe før stjernelaget med Larry Mullen jr, Lucinda Williams, Steve Earle og Neil Young er samla på Lucinda Williams sin eigen Sweet Old World.

May This Be Love av Jimi Hendrix går gjennom folkrock-kverna utan å gjera det heilt store inntrykket før Gillian Welch sin sjølvbiografiske Orphan Girl  tvingar tårene fram. Daniel Lanois sin Blackhawk er for meg mellom dei svakaste spora på plata, spesielt med tanke på kva som vart utelatt frå prosjektet. Siste låt, Waltz Across Texas Tonight er nettopp det, inkludert alle dei triste countryklisjeane som kjennes heilt riktige her.

Normalt skulle vi ha stoppa her, men i 2016 vart  Wrecking Ball sloppe på nytt – med 3 nye LP-sider med nytt materiale. I hovudsak er det dei same låtane i eit meir nedstrippa format – les: meir country/mindre Daniel Lanois – med nokre vesentlege unntak: Dersom ein skulle ha med ein Daniel Lanois-låt – kvifor ikkje byta ut Nighthawk med Still Water? Vi får ein rett fram versjon av Richard Thompson sin How Will I Ever Be Simple Again, ein speed-western av Deeper Well, eit sjeldant feilskjer frå Lucinda Williams, og ein magisk variant av The Stranger Song av Leonard Cohen verd heile plata.

Snart er det gått 25 år sidan platesleppet og musikken lét framleis like vital og deilig trist – for meg er dette plata The Band kunne ha laga om dei haldt fram etter The Last Waltz…

Kjelder:

http://www.champagne-bliard-moriset.fr

http://www.emmylouharris.com/

 

Ein tanke på “Bliard-Moriset Blanc de Blancs Grand Cru Brut

Leave a Reply