Bobl Britannia

Etter første brexit då Storbritannia sa farvel til Frankrike for 450 000 år sidan, tok dei med seg geologien frå Champagne. Klimaendringar er i ferd med å leggje til rette for boblevenlege druedyrketemperaturer i sør-England, og britisk musserande ypper seg mot storebror i sør.

All your base are belong to us

Gløym den skjeggete vinbonden som luktar diesel eller hest, i Champagne er det den sofistikerte kjellarmeisteren med elegant halstørkle – i ei blanding av alkymist og trollmann – som regjerer. Stikkordet er basevin – den stille vinen som enno ikkje er naturleg karbonert til magisk drikke. Med eit lager av lagra base frå tidlegare år skal no kjellarmeistaren miksa saman og gjenskapa stilen til huset nok eit år. Britiske bobler har ikkje det same fleksible utvalet å stø seg på, og det har vore mi innvending, syra har vore litt for kantete, prisen har vore litt for høg. I alle fall fram til no…  

Sjølvsagt var det ein brite med koko tittel og bindestrek i etternamnet som starta det heile i England. I 1952 – med hjelp frå vener hjå Pol Roger – planta  Major General Sir Guy Salisbury-Jones ymse druer på eigedomen sin og starta det som vart England sin første kommersielle vinproduksjon. Sjølv møtte eg Hambledon for første gong på Noble Rot i London då ein tankelesande servitør stakk eit glas i neven på ein forblåst stril på veg inn til lunsj – eit glas som var så fint å lukte på at det enno ikkje var tømt då måltidet var over.

Hambledon Classic Cuvee Brut NV

40% Chardonnay, 29% Pinot Noir, 31% Pinot Meunier  – i hovudsak frå 2014 med litt fatlagra base frå 2010.

Blomstereng, gjærbakst, gule eple og nybakt croissant. Veldig delikat duft, og nesten meir sjampansk enn originalen frå hi sida av fjorden. 

Lett kaotisk frå nyopna flaske – friskt anslag, sitrus i variantar frå sylta sitron og limeskal til syrleg appelsin. Får litt tid å roa ned. Vinn fylde med tid, men er uansett ein vin på den slanke sida. Frukt som glir over i friske pæretonar, kritt og litt bittert grapefruktsting før det ender i ei lang og sitronsyrleg avslutning. 

Ein musserande som det er fort gjort å utsetje neste slurk fordi du berre vil ha eit sniff til. Følgjer ikkje heilt opp forventningane på tunga, men har uansett reine og fine smakar. Likar du spiss musserande så er dette ein super sjampanjekiller i sjiktet under 450 kroner. Fungerte veldig bra til pannesteikt uer – tipper dette blir bra med både kvit og raud fisk.

Meir om Storbritanske bobler her…

Jack Bruce – A Question of Time

Kva fyller du tida med når du allereie er rockelegende som 25-åring? Før Cream hadde han vore innom både klassisk cello, ståbass-bebop og elektrisk blues. Før Cream rauk han uklar med Ginger Baker i Graham Bond Quartet. Før Cream rauk han uklar med Eric Clapton i The Bluesbreakers. Likevel starta dei verdas første (og tøffaste) superband saman – som kollapsa etter berre to år. 70-talet var jazza med Tony Williams og John McLaughlin-samarbeid, jamming med Frank Zappa, Berlin med Lou Reed og nokre soloplater, men høgt forbruk av illegal kjemi gjorde ting meir og meir vanskeleg. Han kom seg gjennom 80-talet utan kommersiell suksess, men gode vener – frå frijazz til hardrock – drog han med på kunstnarisk spanande prosjekt.

I 1990 traff han endeleg planken igjen. Solid pop-snekring, tunge bassriff og ei røyst som tyda på at ryktet om at Eric Clapton mista vokalist-sjølvtillit med Jack Bruce i bandet stemte. I studio har han med seg gode vener, mellom anna Bernie Worrell (Parliament-Funkadelic, Talking Heads), Allan Holdsworth, Zakir Hussain, Tony Willams(!) Vivian Campbell(!!) og Albert Collins(!!!). Pluss ein veldig spesiell gjest som han hadde vore i knivslagsmål med 25 år tidlegare.  

Life on Earth er ein slags moderne White Room med eit heftig bassriff og Vernon Reid (Living Colour) på gitar, midtempo-låtane syner for ein kolossal vokalist han er. Om intensjonen var å laga ei rockeplate så saboterer han sitt eige prosjekt til gagns. Innimellom kjem seig Willie Dixon-blues, heseblesande reggae og avant-pop. Men så var det gjesten då… På to låtar er Ginger Baker og Jack Bruce saman att utan å kasta ting på kvarandre for første gong sidan Cream. Og, ja – samspelet mellom trommer og bass er magisk. 

30 år seinare lét musikken framleis friskt og freistande. Tilsynelatande melodisk og tilgjengeleg, men under overflata skjer det både virtuose og mystiske ting som framleis får meg til å spissa øyrene. Eit comeback som katalyserte samarbeid med Eric Clapton på neste plate, nytt superband med Gary Moore, og etter kvart Cream-reunion i 2005…

Kjelder:

https://hambledonvineyard.co.uk/

Ein tanke på “Bobl Britannia

Leave a Reply