Bobler frå Balkan

Om nokon ber deg ramsa opp dei store vinlanda i Europa er Romania neppe høgt på lista. Likevel har dei største vindruedyrkearealet i Aust-Europa og snuser på ditto femteplass for heile Europa. I riktig gamle dagar var søte Cotnari meir omtykt enn Tokaji og dei kan i tillegg skryta på seg ei vindrikkande befolkning – få prosent av produksjonen forlèt landet. Elles er nyare vinhistorie det vanlege: hardt råka av phylloxera på slutten av 1800-talet, gjenplanting av populistiske drueslag i staden for dei tradisjonelle.

I Crișana – så perifert nordvest i Transilvania at det ville vore anemisk å introdusera Dracula-vitsar – har Carastelec etablert seg med (nesten) eksklusiv bobleproduksjon. I eit område der eit relativt kjøleg klima gjev lang mogningstid har vinhuset sidan 2011 med hjelp av utanlandske investeringar og EU-midlar utvida produksjonen i vinmarkar med historie attende til 1700-talet.   

Carastelec Carassia Blanc de Blancs 2017

100% chardonnay, sjampanjemetode, 22 månader på botnfallet.

Gjærbakst, kjeks, gule plommer og  mandlar frå nyopna flaske. Sjampanjeaktig snute som glir over i melne eple med luft.

Friskt anslag, kremete munnkjensle. Litt stutt midtparti, men reine smakar – gule eple og litt pæresødme. Vinn lengde og syre med tid, og får etter kvart ei sitrusfrisk avslutning med bra lengde, syrleg sitrondrops og langsam fade.

Rein og pen og vellukka velsmakande blanc de blancs, men utan det heilt store særpreget. Fungerte veldig bra til pasta med bacon og kremete timiansaus [dette har garantert eit pretensiøst italiensk namn – hugs å sjekke med Morten før publisering], og  ein vin som nok fungerer til det meste frå aperitiff, til ei flaske du smugler inn i ei cremant-blindsmaking, via sjømat til lette kyllingrettar.

Men, tenkjer du nok no. Kan han skriva om balkanbobler utan å ha med Moldova, det vesle landet med dei lange tradisjonane?

Purcari på 20 sekund: Vinregionen Purcari- heilt aust i Moldova – var lenge meir omtykt enn både Burgund og Bordeaux, og vinen vart servert i hoffa både hjå  Tsar Nicholas II, Kong George V og Dronning Victoria. Så kom Sovjetsamveldet og rota ting til før vinprodusenten Purcari – med historikk attende til 1827 (eit årstal du stadig blir påminna, ikkje berre på etiketten, men også på sjølve flaska) re-etablerte seg i 2003.

Purcari Cuvee de Purcari Alb Extra Brut 2017

30% pinot blanc, 60% chardonnay, 10% pinot noir. Handplukka druer, tradisjonell metode.

Ein eller annan lagerdisponent har kjøpt inn for store korkar – farleg nær brokk fekk eg endeleg korken ut, men fysisk maktbruk og pustepause måtte verkeleg til for å opna flaska.

Forsiktig duft frå nyopna flaske, litt aprikos, litt hasselnøtt, ørlite sitron langt baki. Kremete munnkjensle, men vassent midtparti og utan særleg lengde – skuffande start, vinen får stå ein kjøleg time utan kork og skal få ein ny sjanse, men så langt er dette milevis frå å vera verd 320 kroner.

Kjem seg med luftetid: meir nyansert snute med appelsinskal, pære og lavender, meir appelsin og tropisk nektar i munnen, litt sjampanjeaktig kalk, men mister rennefart og blir veldig kort i avslutninga.

Både utifrå pris og geografisk tradisjon hadde eg store forventningar til denne vinen, men eg er dessverre veldig skuffa. Reine smakar kunne ikkje vega opp for eit midtparti utan konsentrasjon og ei stutt avslutning. Ikkje verd prisen.

Det er snart jul og vi kjører to longplayplater med sesongtema kun fordi vi kan.

Bugge Wesseltoft – It’s snowing on my piano

I 1997 spelte Bugge Wesseltoft inn It’s snowing on my piano – ei av dei mest vellukka beslutningane i sjangeren norske jazzjuleplater. Her tar Wesseltoft (med eit par sjølvkomponerte unntak) for seg dei tradisjonelle og kjende julesongane og transformerer dei til meditative meisterverk, med ei fin blanding av respekt for originalane og ei lågmælt fandenivoldsk utforskingstrong.

Komplekse klangar møter kjende melodiar, kjende melodiar får brått ein liten twist, små twistar blir til atmosfæriske omvegar… Her kan du grine av deg julestresset saman med Mitt hjerte alltid vanker og Ei rose er utsprungen, eller smile til Du grønne, glitrende tre.

Plata fekk vinyldebut i 2012, men dessverre ei dårleg pressing med mykje støy på rillene. Innhaldet er likevel fantastisk, innspelt av Jan Erik Kongshaug i Rainbow Studio. Gå for CDen.

Seth MacFarlane – Holiday for Swing!

Irriterande flink? Vi veit liksom at Seth MacFarlane kan teikne, skrive, regissere, synge Frank Sinatra, og danse. Likevel var antakeleg ikkje ei fullstendig uironisk storbandplate med julesongar først på lista over forventa nye karrierevegar.

Likevel – med ekstremt god hjelp frå arrangør og dirigent Joel McNeely – der arrangementa nesten er verd plata i seg sjølv, så slentrar MacFarlane seg gjennom den amerikanske julesongboka med meisterleg timing og ei frasering berre Dick Haymes kan gjenskapa.

Veldig amerikansk, gjennomførd utan å bli (for) glatt, flotte gjestespel frå Norah Jones og Sara Bareilles, 21 fiolinistar på I’ll be home for Christmas, Peter Erskine (Weather Report) og Alan Pasqua i bandet. Elegant og underhaldande, Family Guy-fans vil nok bli ekstra henrykt sidan det lét som Brian Griffin…

Kjelder:
Diverse Wikipedia
https://www.carastelecwinery.com/
https://purcari.wine/en/
https://www.actmusic.com/

Ein tanke på “Bobler frå Balkan

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *