Bobler i Belgia

Mine opplevingar av Belgia er liksom godt øl og dårleg kaffi. Eg har antatt at nokon produserer vin i landet utan å reflektere noko særleg meir over det, men no har omsider ein vallonsk produsent fått distribusjon i Noreg. Og vinane ser ut til å ha vunne det belgiske verdsmeisterskapet i musserande fleire gonger.

Domaine du Chant d’Eole starta i 2010, fylte sine første flasker i 2015, og er eit samarbeid mellom Ewbank-familien i Belgia og “ein omtykt champagnefamilie”. Totalt produserer dei 150 000 flasker i året. Til tross for mystisk opphav så har eg sans for den breiale marknadsføringa, samstundes som prisen på 380,- er høg nok til å få meg skikkeleg gretten om dette ikkje fungerer…  

Chant d’Éole Brut Rosé

Vallonia, Belgia. 20 % pinot noir, 80 % chardonnay (i følgje importør), Pinot noir, pinot blanc og chardonnay (i følgje flaskeetikett). Sjampanjemetode og 18 månader på botnfallet.

Eruptiv opning med fyrrige bobler. Gjærduft og bolle i ovnen kjem saman med korken. Luftar av seg og framstår rolegare i glaset. Mykje raude bær – bringebær og søtleg jordbær saman med litt rips. Sitron dyttar på i bakgrunnen saman med modne eple – nesten litt calvadosaktig innimellom. Behageleg å lukte på.  

Friskt anslag inn i eit midtparti med raude bær – godt balansert mellom sødme og syre – og bitter grapefrukt. Litt kantete overgang til ei avslutning som gjer det godt igjen med ei nydeleg bringebærsyre.


Fyldig snute – kvassare smak. Morosam vin med evigvarande bringebær mellom slurkane og reine bærsmakar. Fungerte veldig godt til brødskive med røykt aure. Smugl denne inn i rosésjampanje-under-400-flighten og vinklubbvenane dine vil hate deg resten av livet.

Jan Bang – Frozen Feelings


I 1989 – før han var blitt superprodusent og live-sampler for halve jazznoreg, før han blei Punktfestivalgeneral saman med Erik Honoré – vart Jan Bang nesten popstjerne med debutplata Frozen Feelings.

Medan ein del synth-lydar lét ein smule utdatert, tar han det meir enn igjen med sterke melodiar, mørke tekstar og tøffe arrangement ein stad mellom Mr. Mister og Tear for Fears. Legg til Horns for Hire og Bendik Hofseth på blås, Sidsel Endresen og Sigvart Dagsland på koring, samt vokal-cameo frå ein viss a-ha-vokalist, og du har ei plate som framleis lét friskt etter snart 35 år.


Kjelder:
https://www.chantdeole.be/
https://www.discogs.com/release/1691270-Jan-Bang-Frozen-Feelings

Leave a Reply