Confidence de Prieure Lichine 2009

Ah, Margaux – legendarisk DOC og legendarisk område i Bordeaux. Toppvinane i nabolaget er ikkje akkurat kvardagskost – kan i staden ein vin frå nedre halvdel av kvalitetshierarkiet gje drikkeglede?

Confidence de Prieure Lichine 2009, Bordeaux

Andrevinen frå Chateau Prieuré-Lichine er laga frå yngre druestokkar enn storebrørne, men dei insisterer på at denne produksjonen får akkurat same oppfølging frå frø til flaske som dei meir prestisjefulle vinane.  60% Merlot, 40% Cabernet Sauvignon.

Sigarskrin, tobakk, raudt epleskal, solbær og kamferkiste.  Med tid i glaset kjem kaffibønner, mokka og meir eksotisk treverk. Frisk og tydeleg duft – behageleg, tar meg i å utsetja slurkane for berre eit sniff til…

Friskt anslag, raude eple, søte blåplommer, kaffi, mjølkesjokolade og anis. Frisk avslutning med anstendig lengde.

Hyggjeleg vin med ein viss eleganse, men utan noko særleg personlegdom. Rein og pen med mjuk munnkjensle. Fungerte – ikkje overraskande – godt saman med eit stykke kjøt…

The Boomtown Rats – The Fine Art of Surfacing

Tenk at songar om paranoia, overvaking og sjølvmord kunne låta så catchy. I 1979 traff irske Boomtown Rats planken midt mellom postpunk og nyveiv – ikkje minst med ein dramatisk Bob Geldof på vokal og ein musikalsk estetikk i nabolaget til Thin Lizzy og David Bowie. I resten av bandet er det mest Johnnie Fingers på tangentar og trommeslagar Simon Crowe ein legg merke til.

Tredjeplata har låta alle har høyrd – sjølv om I Don’t Like Mondays er  utypisk frå resten av materialet så er det framleis ein knallsterk song. Someone’s Looking At You, Having my Picture’s Taken og Nothing Happened Today sneier alle innom ei slags 1984-aktig paranoid oppleving av overvaking og innskrenking av det private rommet, medan Wind Chill Factor observerer den likesæle nihilismen  til heile greia. Pinleg nok har Jan Tore (47) akkurat innsett det Jan Tore (17) ikkje forsto – at pop-perla Diamond Smiles er ei frykteleg tragisk forteljing…Plata er 40 år gamal, men lét framleis friskt og relevant.

For ein ekstra paranoid bonus gjeld det å ha manuell platespelar (snikskryt) og førsteutgåva av plata (meir snikskryt) med ,hemmeleg’ låt og lyd-loop innerst på side 1…  

Kjelder:
http://www.prieure-lichine.fr
bobgeldof.com

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *