Bovin Vranec 2013

Verda fekk eit nytt land i februar – om ikkje i geografi, så i namnet. Endeleg ser ei lang strid med Hellas ut til å vera over, og innbyggjarane kan introdusera seg som frå Nord-Makedonia og ikkje det tidkrevjande kompromisset ‘Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia (FYROM)’. Nattverden feirar med Vranec…

Ein dryg times køyretur søraust for Skopje ligg Tikvesh – indrefileten i Nord-Makedonsk vinproduksjon. Her vert det mellom anna dyrka Kratosija, Kadarka, Plavec og  Smederevka side om side med Cabernet Sauvignon, Merlot, Pinot Noir og Chardonnay. Og Vranec – balkandrua som antakeleg er eit av opphava til Primitivo og den viktigste raude (med eit ekstremt høgt pigmentnivå er kanskje ‘svart’ meir presist) drua i Nord-Makedonia.

Bovin Winery slapp første produksjon i 1998 med 120 000 flasker, vart undervegs jordsjuke og har skaffa seg 60 hektar med druemark. Dei produserer i dag 1.5 millionar flasker årleg.

Bovin Vranec 2013

Raudt epleskrell og blåplommer. Litt Petterøe’s 3, litt svart pepar, litt steinsopp. Med tid i glaset kjem det masse lakris, litt asfalt og litt hagerose. Herleg vin å berre sniffe på.

Klarer ikkje heilt å følgje opp forventningane på smak. Friskt anslag, Midtparti med raude eple, morell og mørk sjokolade. Fin avslutning med syrleg kirsebær. Får meir og meir lengde etter kvart som tida går.

Kompleks snute, enklare i munn. Sto godt til hjorteburger og lett nok til å kosa seg med etter maten sjølv om tanniner byggjer forsiktig opp. 13.5 prosent alkohol er ikkje merkbart på anna enn at musikkpreferansen har gått frå Joe Zawinul til Howard Jones urovekkande fort. Røvarkjøp til 150,-

Weather Report – Heavy Weather

I andre halvdel av syttitalet sto jazzrocken litt i stampe. Sjølv veteranar som Joe Zawinul og Wayne Shorter var i ferd med å gå seg fast. Men så kom Jaco Pastorius med sekstendelane sine. Som ny bassist etter Alphonso Johnson kom ei ny kraft inn i Weather Report, ikkje minst som ein showmann og mobilt midtpunkt på konsertane, men også som sjølvstendig komponist og verdas beste bassist…

Brått var entusiasmen attende – til Heavy Weather komponerte Zawinul crossover-hiten Birdland, samt den nydelege balladen A Remark You Made på ei plate som framleis er mellom dei mest vellukka jazz-fusionproduksjonar nokon gong.

Pastorius sjølv går fretless-amok på Teen Town og får ut sin indre kubanar på Havona. Undervegs bidrar Wayne Shorter med komplekse men samstundes tilgjengelege komposisjonar i Harlequin og Palladium. Eit meisterverk av ei plate!

Kjelder:
https://bovin.com.mk
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
Diverse Wikipedia

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *