Bruk Hüet!

I ein region der det har vore dyrka chenin blanc sidan 800-talet, er Domaine Hüet med sine 90 år ein slags nykomar. I 1928 var det Le Haut-Lieu Victor Hüet kjøpte då vinhuset vart fødd. Sidan 1988 har garden vore driven biodynamisk. At chenin blanc er verdsstjerne i Loire, men arbeidshest i resten av verda seier antakeleg noko om kor allsidig drua er.

Alt etter vekststad kan chenin blanc bli til frå den spissaste musserande til den søtaste dessertvin. I Loire brukar drua lang tid på å mognast – elver på kryss og tvers skapar store skilnader i fuktnivå frå ei vinmark til ei annan, og skoddefylte sidedalar legg til rette for botrytis om då ikkje heile greia rotnar vekk. Eg er svak for kvitvinane frå bruket, og har nettopp oppdaga at dei også lagar ein petillant.

Dom. Huet Vouvray Pétillant Brut 2014

Vouvray, Loire. 100% chenin blanc. Spontanfermentering i ståltank, ferdiggjæring på flaske, 3 år før fjerning av botnfallet. Biodynamiske prinsipp.

Gjær, bolle i ovnen, Granny Smith og våt stein. Kraftige duftar. Med tid i glaset kjem hasselnøtt og  blomstereng smygande. Får etter kvart ein sjampanjeaktig snute.

Frisk og slank munnkjensle. Fersken, gule plommer og litt honning. Bra konsentrasjon i midtpartiet, men mister rennefart og er litt kort i avslutninga. Vinn lengde med luft – får med tid ei anstendig lang og fyldig avslutning med mykje valnøtt, grapefrukt og sylta sitron.

Lover meir på snute enn han leverer på smak, men likevel ein kul vin. Rein og vellaga petillant som fungerte strålande til fish and chips. Bra kjøp til 280-og-noko.

Frank Zappa – You Can’t Do That On Stage Anymore Sampler

«For those of you who don’t own CD players yet…»

Eg seier ikkje at YCDTOSA-serien på 6 dobbelcd-ar er grunnen til at eg stort sett levde på makaroni med ketchup på tidleg 90-tal, men at det gjorde eit innhogg i ein allereie skjør bondestudentøkonomi er det liten tvil om. Musikalsk er Frank Zappa sitt liv ekstremt godt dokumentert – han har knapt spelt ein tone som ikkje er tatt opp i eit eller anna format, og sånn sett er 13 timar over 12 cd-ar med konsertopptak frå 1965 til 1988 kuratert av sjefen sjølv viktig historikk. Her kjem noko av det tøffaste både George Duke og Steve Vai har gjort i karrierane sine, men også ein fjollete versjon av Bobby Brown der alle får latterkrampe og gløymer teksten.

Det verkar sært i dag, men i overgangen  mellom 80- og 90-talet var cd eit relativt nytt format som enno ikkje hadde overkøyrd LP og kassett. Derfor lagde Zappa ein dobbel vinyl-promo i 1988 som skulle reklamera for serien. Innhaldet strekkjer seg frå 1969 til 1984, med versjonar av Dickie’s Such an Asshole og Cosmic Debris som ikkje finns andre stadar. Med fersk tilnærming til å jobba via digitale kjelder for 30 år sidan så låt ikkje dei opphavlege platene særleg bra – no har LPen vore på spa og fått oppgradert lydbiletet for Record Store Day 2020 og resultatet er svært vellukka.

Innhaldet lét flott og homogent sjølv om det er 12 ulike opptak i eit intervall over nesten 20 år, musikalsk er det noko meir ujamt: Høgdepunkt? The Torture Never Stops (med Adrian Belew),The Evil Prince får nytt liv i Broadway-arrangement, Montana (med George Duke og Chester Thompson) og King Kong (med Steve Vai). Nedturen? Nanook Rubs It (frå Don’t Eat the Yellow Snow- kvadrilogien) som er morosam første gongen, men har lav gjenhøyrsverdi. Ekstra pluss for svært detaljert og underhaldande cover-tekst med detaljar om både det overordna konseptet og kvar enkelt innspeling.  

Kjelder:
https://www.zappa.com
http://domainehuet.com/
Diverse Wikipedia

Ein tanke på “Bruk Hüet!

Leave a Reply