Bugey Wonderland

Du veit du som vinregion har litt pr-arbeid framfor deg når sjølv franskmennene trur du høyrer til Savoie. Like fullt har Bugey – klemt inn mellom Jura, Savoie og Rhone, med Lyon og Beaujolais i vest – sin eigen ferske AOC heilt sør i Jura-fjella. Druebruken syner pragmatisk nærleik til fleire regionar – Chardonnay, Gamay og Pinot Noir frå Burgund-sida, Mondeuse, Altesse og Jacquère frå dei alpine naboane. Topografisk har dei mykje til felles med Savoie, kan dei laga like god vin?

I ei skråning mot Rhone (elva, altså) har Duport-familien gjennom fire generasjonar skaffa seg 12 hektar med druemark i leire- og kalkjord frå det opphavlege elveleiet. Økologisk sidan 2007, i ferd med å bli biodynamisk sertifisert. 

Yves Duport Mondeuse Noire 2018

100% Mondeuse, handplukka druer, sertifisert økologisk, spontanfermentert, 10 dagar på skalet, 12 månader på store fat.

Blåbær og lyng frå nyopna flaske. Svart pepar og varmblodshest slår raskt følgje, blindt kunne eg fort gissa Syrah. Med meir tid i glaset kjem både modne jordbær, blåplommer og litt kaffibønner, og vinen får etter kvart ein triveleg og fruktig snute.

Syrleg anslag – meir enn duften indikerte. Eit midtparti med søte blåplommer balanserer syrlege kirsebær fint. Litt nykverna svart pepar. Tar med seg smakane inn i ei lang og konsentrert avslutning som endar i ein kirsebærsteinbitter snert. Tanniner snik seg umerkeleg inn og lagar eit lite bakhaldsangrep i tredje glaset.  

Rein, behageleg og anvendeleg vin som vil passa til det meste av kjøt og gryter, men står i fare for å bli litt kjedelig gjennom ei heil flaske. Artig delevin, og eit godt kjøp til 200 kroner.

-Men, tenkjer du nok no. –Kva med musserande vin laga med tradisjonell metode frå same produsent i ein slags pseudo-sjampanjedrueblend?

Duport Bugey Originelle Réserve Brut 2018

45% Chardonnay, 45% Pinot Noir, 5% Aligote, 5% Mondeuse. Handplukka druer, sertifisert økologisk, biodynamiske prinsipp, spontanfermentert, 16 månader på botnfallet, sjampanjemetode.

Nybakt brød, tørka frukt, blomstereng, ingefær og sylta sitron. Behageleg å sniffa på vinen.

Fruktsødme i eit fyldig anslag. Modne, gule eple, hasselnøtt og brødskorpe. Lagvise eplesmakar i ei litt stutt avslutning.

Fyldig og annleis musserande som mister litt rennefart mot slutten. Reine smakar og vinn lengde med luft, men eg saknar litt syre – fungerte fint saman med kvit pizza, og forsvarar greitt prisen på 220,-   

Stian Westerhus – Redundance

Kvar gong vi trur vi har Stian Westerhus, så glepp han for oss igjen. Det er lenge sidan eg katalogiserte han som sær dødsmetall-frijazz-improvisatør – åleine eller med Puma, Kenneth Kapstad eller Sidsel Endresen. Men så dukka han opp med Nils Petter Molvær. Og med Ulver. Så laga han Radiohead-aktig rockeband, der det synte seg at røysta høyres ut som David Sylvian…

I 2016 kom brutale Amputation, no er 2020 her og Westerhus tar opp igjen tråden med Redundance, som – samanlikna med alt anna han har gjort – nærast er ei pop-plate. Både gitar og song er sjølvsagt intenst og insisterande desperat, men det heile er liksom så lågmælt og melodisk. Og så røysta då: Frå sarkastisk David Bowie-snerring i eit augneblink til Morten Harket-falsett i det neste. Eg tygde litt på tanken om ein Adrian Belew-møter-David Sylvian-i-same-person-referanse, men har konkludert med at det berre blir urettferdig overfor ei så unik plate.

Opningslåta Chase The New Morning er politisk spooky, men har trass alt eit gjenkjenneleg forløp med vers og refreng og hook og gitarsolo og sånn – kynikaren i meg antar at det er ei felle for at vi skal senka akslane og bli overkøyrd i låt to… …som startar som eit gjenfunne Fripp/Bowie-opptak og ender som ein Ulver-låt. Intenst, men framleis melodisk. Hmmm… Siste låt på første side, Verona, har eit heilt fantastisk vokal-arrangement og lét som ein full og melankolsk Morten Harket. Det er nok på side B angrepet kjem.

There is a Light er intens nok, men eg blir meir opptatt av gitardetaljane i produksjonen enn sjølve låta, medan Walk the Line er ballade(!) med akustisk gitar(!!), småpompøs fuzzsolo(!!!) og greier. Avslutninga Redundance (roll credits) er hypnotisk med vedunderlege smådetaljar under ein insisterande vokal… Nydeleg plate – veldig annleis enn eg venta meg.

Ekstremt sterke låtar, eit einmannsband som likevel lét spontant og organisk, og ein detaljert produksjon. Hypnotiserande musikk og enn så lenge ei ny favorittplate i 2020.

Kjelder:
https://www.yvesduport.fr/
https://www.houseofmythology.com/

Ein tanke på “Bugey Wonderland

Leave a Reply