Carcavelos

Når spørsmål om dessertvin dukkar opp har det vore ein fin hersketeknikk å spørje etter Moscatel, den portugisiske sterkvinen som har kome heilt i skuggen av Port og Madeira. Nyleg har eg fått med meg at Portugal har enno ein DOC for oppsprita vin, og eg må leggja nye strategiar.

Det syner seg at vesle Carcavelos – ein halvtimes køyretur vest for Lisboa – har ei lang vin og sterkvinshistorie. Til liks med Colares var produksjonen særs omtykt ei stund på tidleg 1900-tal, men – også til liks med Colares – måtte vinmarkar vike for ei stadig større feriehushungrig middelklasse i Lisboa. I dag er det knapt med produsentar igjen, men eg får inntrykk av at det er relativt greit å få fingrane i eldre flasker i Lisboa og omegn.   

Carcavelos Quinta do Barão Última Reserva

Carcavelos, Portugal. Espadeiro, Galego Dourado, Negra Mole og Trincadeira. Vinen er fermentert tørr, tilsett sprit og så druemost med restsødme.  

Basert på nettsider som stort sett siterer kvarandre: Garrafeira Nacional – der vinen er kjøpt – sel denne som ’15 Years Old’, men det ser ikkje ut til å stemme. Då Quinta do Barão slutta å produsere Carcavelos-vin på slutten av 80-talet, hadde dei framleis enorme mengdar vin på fat i kjellaren. I 1994 bestemte Raul Mattos Ferreira Junior de Riba D’Ave (2. greve av Riba D’Ave, intet mindre…), eigar av eigedommen seg for å gjera ei siste tapping. To parti vart lagd, ein middels tørr og den andre tørr. Blenden som utgjorde dei siste partia av Quinta do Barão sine «Última Reserva»-viner har ulik alder, dei eldste er frå byrjinga av 1900-tallet, den yngste frå slutten av 1980-tallet.   

Korken gjekk i oppløysing ved opning. Kraftige duftar. Rosin, tjørebreidd naust, kamferkiste, kakao og salt sjø. Høg luktefaktor, eg tar meg sjølv i å utsetje neste slurk for berre eit sniff til.

Rosin, mandel, knekk, karamell, tørka frukt, mokka, Kongen av Danmark, mahogny og kvae. Evigvarande avslutning med kaffi og ei høg, rensande syre. Komplekse greier.  Meir Madeira og Rivesaltes enn portvin.

Er den søtleg, eller er det berre rosinene? Etter to veker med mikrodosering er eg enno ikkje heilt sikker på om dette er den tørre eller halvtørre, sjølv om eg trur det er den siste. Fungerte veldig godt til Crème Brûlée “Citronelle” og i seg sjølv ein fantastisk vin.

Gabriel Kahane – Book of Travelers

Komponist og singer/songwriter Gabriel Kahane har knapt fylt førti, men har allereie skrive tingingsverk for Kronoskvartetten og fleire større symfoniorkester i Sambandsstatane. Og Henning Kraggerud. I tillegg jobbar han tett med Brad Mehldau, Loudon Wainwright III og Sufjan Stevens.

Morgonen etter presidentvalet i 2016 la han igjen mobiltelefon og internett heime, og la ut på ei to vekers togreise gjennom USA. Opplevinga og historiene til folk han møtte vart ein sceneproduksjon og etter kvart til denne plata.

Musikken er naken – skranglete piano og einsleg vokal bér heile plata. Piano-arrangementa er komplekse men samstundes veldig melodisk. Vokalen kan minna om Wainwright, medan tekstane glir umerkeleg frå det komiske til det tragiske og tilbake – heile tida med ei empatisk tilnærming til dei han møter. Hypnotisk musikk med meining!

Kjelder:
https://garrafeiratiopepe.pt/
https://www.nonesuch.com/

Leave a Reply