Ch Musar 2004

Igjen skal dei bu i hans skugge,
dei skal dyrka korn
og bløma som vinstokken.
Hans namn skal bli som vinen frå Libanon
(Hosea 14.8)

Det har gått halvanna år sidan førre flaske frå årgangen – er Musar 2004 i rute? Cabernet Sauvignon 34%, Carignan 33%, Cinsault 33%. Kvar for seg på sement i 9 månader og så på fransk eik i eit år. Ferdig blend får 9 nye månader på fat før flasking. Flaskelagra i 8 år(!) før sal.

Ch. Musar 2004

Eg og Musar sine korkar blir aldri vener – denne gongen gjekk det i det minste bra i berre to omganger…

Kraftig – på grensa til intens – duft av fiken, Petterøe’s 3, skinnjakke, nylagd asfalt og mykje lakris frå nyopna flaske. Gjev etter kvart plass til tørka frukt, mørke plommer, raudt epleskrell og gamalt, lakkert treverk. Powersnute! Kompleks og på vandring. Samstundes umiddelbar og behageleg duft – tar meg i å utsetja første slurk for berre eit sniff til.

Fyldig anslag, midtparti med blåplommer, jordbær, svart pepar og nellik. Lagring har gjort vinen godt Eit meir konsentrert og smaksrikt midtparti enn førre flaske, samstundes smooth og silkelett. Litt karaffeltid gjer godt for lengden. Kjem etter kvart med rips og syre i avslutninga. Full klaff til hjort med traktkantarell.

Billy Joel – 52nd Street

Det var ei tid der Billy Joel ikkje var gubberock – i 1978 kom 52nd Street, ei jazza, innimellom Steely Dan-ish pop-plate som ga både listeførsteplass og Grammypris. Plata er også rekna som den første cd-en i verda.

The Piano Man kunne fort endt som nattklubb-entertainer, men samarbeidet med produsent Phil Ramone trakk inn musikarar som utfordra og bygde eit rockeband rundt pianisten. Og – spoiler-alarm – plata fungerer framleis førti år seinare. Der Bruce Springsteen lagde seg større forteljingar, har figurane til Billy Joel nok med å klara seg i New York.

Big Shot er i følgje apokryfe skrifter eit spark til Bianca Jagger og resten av kjendisjaget i byen – samstundes ein sjølvkritisk observasjon av seg sjølv. Framleis ei knalltøff rockelåt med tunge gitarbidrag frå Steve Khan. Ekstra pluss for Dom Perignon-referanse. Honesty er ei nydeleg pianoballade i kvardagsfilosofisk tradisjon – syttitalets Careless Whisper…

My Life var førstesingelen frå plata – rett fram catchy poplåt med tøff orgel, verdas verste video, og vokalhjelp frå Peter Cetera. Zanzibar er første hint om ein artist som både kan og vil vera noko meir enn ei popstjerne. Synkopert rock og lett alkoholisert hovudperson møter jazzbreak med både flugelhorn- og trompetsolo frå legendariske Freddie Hubbard. Antakeleg slapp ein unna med slikt på 70-talet…

Side to kjører i gong med Stiletto, instrumentalt ein heftig bluesrockar med intens saksofon frå Richie Cannata og piano/Hammond som hadde fått Elton John til å gje vekk ein Mingvase for å få bruka. Tekstleg om ei seksuell predator som ikkje kjem godt ut av dette – enten har Joel hatt ei kjip oppleving, eller så er han meir misogyn enn ein hadde trudd… Rosalinda’s Eyes er pur kjærleik med spanske undertonar og gjestemarimba frå Mike Mainieri – herleg utypisk på ei pop-plate. Half a Mile Away har tøff blås, men lite anna. Until the Night er kanskje meir Phil Spector enn Billy Joel – uansett fine New York-observasjonar og spanande oppbygning. 52nd Street avsluttar ballet som eit kort a propos – bluespiano og kul vokal.

Eg hadde kanskje trudd at dette skulle bli emneknagg guilty pleasure, men plata er framleis veldig bra – både dei mest kommersielle låtane og det meir utypiske. Joel framstår som ein betre tangentmann enn vokalist, men gjer jobben – og vel så det…

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og Viner
Div Wikipedia
chateaumusar.com
billyjoel.com

Leave a Reply