Clos to the Edge

Svært omtykt av Vatikanet under renessansen, hardt råka av phylloxera, gjenplanta med kommersielle drueslag, og etter kvart gjenfunne ei kjærleik til dei historisk tradisjonelle druesortane. Korsika har hatt sine ups & downs i vinhistoria. 

Midt på øya har Vico-familien dyrka druer sidan 1901, før Jean-Marc Venturi kjøpte eigedommen i 1987. Tjue år seinare vart neste generasjon Venturi jordsjuk og skaffa seg meir mark lenger opp i fjella – i det som er blitt Clos Venturi har Emmanuel sytt føre at nesten gløymde, opphavlege druesortar har fått ein heim.

Clos Venturi 1769 2017 (raud)

50% Niellucciu, 40% Sciaccarellu, 10% Carcaghjolu Neru (Vi må i drueleksikonet: Niellucciu er hovuddrua på Korsika og antakeleg i nær slekt med Sangiovese; Sciaccarellu er ekstremt lokal og bidrar med svart pepar, bålpreg og mjuk munnkjensle; Carcaghjolu Neru er -som alle sjølvsagt veit- same drue som Parraleta…). Biodynamiske prinsipp, druer plukka på 450-ish meters høgde, spontanfermentering, 14 månader på digre fat, ufiltrert. ‘1769’ er ei markering av Slaget ved Ponte Novu. Les ‘Asterix på Korsika’ for detaljar…

Ekstremt mykje som skjer frå nyopna flaske: tyttebær, skinnjakke, rips, nykverna svart pepar, oregano, litt jordleg og støvete preg, ørlite røyk. Kaotisk, men rein snute. Finn nokolunde roen med tid i glaset, glir mellom kirsebær, morell og blåplomme. Bitre urter ligg som ein pedaltone under. 

Pilsbittert anslag, vinn fylde inn i eit midtparti med mykje plommer, timian og saftig munnkjensle. Anstendig lengde i ei avslutning med morell og bitre urter.

Kul og annleis vin med eit vellaga særpreg. Treng ein del luft for å roa temperamentet og klarer nok eit par år i kjellaren. Fungerte veldig godt saman med biff og chimichurri – mykje vin for 260 kroner.

Men, tenkjer du nok no. –Kan ein skriva om vin frå Korsika utan å vera innom Vermentino, drua som finns over det meste av Indre Middelhav og antakeleg same sort som Pigato og Favorita på fastlandet, og Rolle i Provence?  Sjølvsagt kan ein ikkje det…

Clos Venturi 1769 2018 (kvit)

100% Vermentino. Spontanfermentert, 9 månader på stål, biodynamiske prinsipp.

Søtleg sitron, ananas, pære og våt stein, Herleg duft – utset første slurk berre for eit sniff til.

Meir forsiktig på tunga før vinen gjev gass inn i eit leskande midtparti med klementin, syrleg ananas, gule eple og eit salt mineralpreg. Oljete munnkjensle. Lang og frisk avslutning med mykje sitron.  

Vinn fylde med tid og får eit grapefruktbittert sting. Rein og forfriskande med fin blanding av hedonistisk drikkeglede og seriøs ryggrad. Vart litt for veik til gravlaks og potetsalat med sennep, men i seg sjølv ein herleg vin.

The Hollywood String Quartet – Schoenberg Ravel Debussy

Ein skulle tru at det ville vera nok å spela inn filmmusikk og henga med Snurre Sprett på 40- og 50-talet, men desse folka ville meir. Som dei fremste musikarane i 20th Century Fox-orkesteret og ditto Warner Brothers, laga dei den første amerikanske strykekvartetten som slo gjennom utanfor Sambandsstatane. Med Felix Slatkin i front – ein slags blanding av Arve Tellefsen og Egil Monn-Iversen – framførde dei eit repertoar i stor grad basert på dåtidas samtidskomponistar.

No har lyd-gærningane hjå Sound Factory/Vinyl Passion fått kloa i opptaka frå tidleg 50-tal og reinska opp lydbiletet. Den ‘tørre’ lydstilen tar litt tid å venna seg til, men detaljane og dynamikken er så naturtru, samspelt og organisk at det kjennest i periodar som om musikarane sit i mi eiga stove.

Schönberg sin Verklärte Nacht er detaljert, og samstundes ekstremt emosjonell, ein kan verkeleg kjenne kor forelska Arnold var i Mathilde… Fram til no har Boulez-innspelinga frå 1982 vore referansepunktet mitt, men ein bratsj- og celloutvida Hollywood 4tet har nok overtatt førsteplassen.

Både Ravel og Debussy er akkurat så draumande som venta – gjestemusikar Ann Mason Stockton på harpe gjer ein kjempejobb undervegs. Akkurat passe miks av vakker og utfordrande musikk.

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
Diverse Wikipedia
http://domainevico.com/

Leave a Reply