Cornelissen på nytt

Det var ei tid då å opna ei flaske Cornelissen var rulett – på sitt beste var det guddommeleg, men neste flaske kunne smake olivenlake. Eg vart tilbakemeld med varierande grad av bryskhet at produksjonen var blitt mykje meir konsistent, men då hadde nok interessa mi tatt andre retningar, og eg har ikkje tenkt på Cornelissen på ei god stund. Ein lunsj på klassiske Il Carracci i Bologna synte eit vinkart med svært mykje vin frå produsenten  – har Frank Cornelissen verkeleg blitt mainstream? Ei einsleg flaske Munjebel frå eigen kjellar måtte testast…

Cornelissen Munjebel Rosso PA 2020

Sicilia, Republikken Italia. 100 % spontanfermentert Nerello Mascalese frå Etnaenkeltmarka Porcaria – 600 meter over havet – med over 60 år gamle stokkar. 2 månadar på skalet, 18 månadar i store epoksytankar, 18 månader i flaske. Minimal svovling, sertifisert økologisk.

Aromatisk frå nyopna flaske. Modne jordbær, roseblad, litt kvit pepar, litt regnvåt lyng. Behagelege duftar.        

Lett munnkjensle. Kirsebær og søtsyrlege jordbær får selskap av fyldigare mjølkesjokolade og litt bitre tyttebær. Evigvarande avslutning med friske bringebær.

Elegant vin med særpreg, som framstår meir seriøs og «ordentleg» enn leiken og gøy. Forsiktige tanninar meldar seg til teneste og gjev vinen meir ryggrad i tredje glaset. Fungerte veldig fint til eit stykke hjort med årets første steinsopp, og akkurat konsentrert nok til å forsvara ein pris rett forbi femhundrelappen.   

Intervju med Frank Cornelissen HER

Baby Huey & the Babysitters – The Baby Huey Story: The Living Legend

Litt psykedelisk funk, litt sentimental soul, litt Otis Redding, litt jazzfløyte, og ein heil del partyband. Med ein turneplan som knapt ga dei tid til å spela inn plate, og med ein frontfigur på 160 kg som – då dei omsider kom seg i studio med sjølvaste Curtis Mayfield – døydde av hjartesvikt berre 26 år gamal og fekk aldri oppleva sitt eige debutalbum. Med  James «Baby Huey» Ramey ute av tida vart innspelinga lagt på is, men etter kvart klarte Mayfield å sy saman ei blanding av ferske miksar og tidlegare materiale til ei heil plate.

Ei innspeling like kaotisk som Baby Huey sjølv – her er forretten ein psykedelisk variant av Sam Cooke sin A Change is Going to Come, hovudretten tre Curtis Mayfield-låtar, der han gjer «Hard Times» betre enn Mayfield sjølv, og desserten ei blåserrekkje som høvler over det meste – frå Blood, Sweat & Tears cover til Parliament-Funkadelic-aktig jamming.   

Til liks med Kenny Carter og Charles Bradley  hadde Baby Huey ei ekstraordinær røyst som kunne gå frå sentimentale balladar til James Brown-funk utan å blunke, men som lenge vart gløymd. På nittitalet fekk plata kultstatus i hiphop-krinsar og vart sampla av både Ice Cube, A Tribe Called Quest og Ghostface Killah. Eit glimt av ein som fortener å bli hugsa…      

Kjelder:
https://www.frankcornelissen.it/
Diverse wikipedia

Leave a Reply