We are the Champenois

– Der var du tilbake igjen, ja. Det gjekk jo ikkje så bra sist. Har du kjøpt merkeleg vin igjen?
– Nei!
– Jan Tore.
– Eg har kjøpt sjampanje!
– Flott, flott. Du finn knapt eit meir klassisk område.
– Utan bobler…
– Jo, jo. Dei får jo til chardonnay og sånn andre stader, så kvifor ikkje i Champagne no når det blir varmare?
– 100 % petit meslier…
– …
– Til 650,-
– …
– …

Saman med arban(n)e er nok petit meslier i den meir obskure sjampanje-avdelinga – men får innimellom vera med å leike blendebukk, blant anna i Les 7. Boblefri sjampanje har sin eigen AOC under Coteaux Champenois-namnet sjølv om produksjonen er liten.

Étienne Calsac Coteaux Champenois Petit Meslier Blanc 2020

Montgenost, Côte de Sézanne. 100 % petit meslier. Hestepløya minimark i Côte de Sézanne, planta av Étienne sjølv. Spontangjæring, lavintervensjon, modning på fat. Økologiske prinsipp, ufiltrert, uklårna.  

Intens epleduft ved opning. Gule eple, eplesider, sursøt pickles og sitronskal i glaset. Behagelege duftar, med eit lett Steinerskulepreg.  Vin på vandring, med tid kjem (og går) nyslått gras, sumarleg kløvereng, muskat, flintstein og knallrevolverknall.

Spiss i anslaget, slankt midtparti med lagvise gule og grøne eple som glir over i ei intens rieslingaktig avslutning med kvass Granny Smith som liksom aldri tar slutt.

Vellaga og annleis kvitvin med powerhouse-avslutning og mykje eple. Fungerte strålande til torsk med mandel og sennep. Gøy med sjeldan drue, men til prisen blir det nok berre med denne flaska.

Nick Mason’s Saucerful of Secrets – Live at the Roundhouse

Med litt musikkretorisk godvilje er Nick Mason einaste Pink Floyd-medlem som har vore med bandet frå start til no, og den som ser ut til å koma overens med begge leirar. Medan Roger Waters og David Gilmour er på vegen med overlappande materiale, har Mason satsa på Pink Floyd frå før Dark Side of the Moon. Med seg har han mellom anna Guy Pratt (Madonna, Toy Matinee) på bass, og Gary Kemp (Spandau Ballet) på vokal.

Nick Mason er ein stødig trommeslagar med fokus på låtane og ikkje seg sjølv, bandet lét kjempeentusiastisk moderne og gamalt på ein gong. Psykedelisk snop der Syd Barrett svever over vatna.

Kjelder:
Oz Clarke, Margaret Rand – Druer og viner
Diverse Wikipedia
https://pariswinecompany.com/

Ein tanke på “We are the Champenois

Leave a Reply