Den andre Pinot-en

Alle gode lag treng arbeidshesten – som tar løpet tilbake i forsvar når stjerna mister ballen, som heller måker ballen over tribuna enn å prøva seg på ein piruett, som kontinuerleg gjer jobben sjølv om hen aldri vil få noko Ballon d’Or. I skuggen av kjendisane Pinot Noir og Chardonnay har Pinot Meunier fått denne rolla i Champagne. Drua dannar skot seint og modnar tidleg – ein verdifull eigenskap i ein kjøleg region – og tar med seg mjuk frukt til blandinga. Meunier står for 32 prosent av druedyrkinga i Champagne, vil drua klare seg åleine i flaska?

Laherte Les Vignes d’Autrefois 2014

100% Pinot Meunier – vinstokkar frå seint 40-tal, handplukka druer, gjæring i gamle burgundfat, 6 månader på fat før 3 år på flaske. Fjerning av botnfallet for hand. Økologiske prinsipp.  

Bolledeig, smoky stein og nysprengd tomt, blomstereng og gule plommer frå nyopna flaske. Med tid kjem lysare sitrustonar og noko tropisk og ananasaktig. Behageleg snute med fine nyansar.

Full gass inn i eit konsentrert og fruktig midtparti. Appelsin, gule plommer, rabarbra og grapefrukt. Fyldig og lang avslutning med ingefær og sitron. Smattar på smakane lenge mellom slurkane.

Gøy sjampanje som ikkje er like brutal som Les 7, men har rikeleg med trøkk. Kjennes framleis ung og uvøren ut. Drukke til pepperoni- og kantarellpizza berre fordi eg kan – fungerte strålande…

Now vs Now – The Buffering Cocoon

Når han ikkje er i bandet til Donny McCaslin (som han også jobba tett med på Blackstar-plata til David Bowie) har tangent-trollmann Jason Lindner sin eigen rare trio der han klarer å få musikken til å låta både futuristisk og retro på ein gong.

Tenk deg ei verd der Herbie Hancock fann opp techno i 1973 – her møter analoge synther moderne trommebreak, her er pussige overgonger som kunne vore henta frå austeuropeisk science-fiction, her er små nikk til Fleetwood Mac, Rick Wakeman, Howard Jones og  Daniel Lanois (og ein haug andre ting frå 70- og 80-talet). I ein vag prog-tradisjon heng musikken saman i ei slags uro for framtida, men eg syns låtane står vel så godt godt kvar for seg.

Etter ei heseblesande førsteside der nye slagverkaren Justin Tyson (Esperanza Spalding) framstår som ei levande trommemaskin, glir ting etter kvart over i eit meir melodisk jazzrock-landskap der Panagiotis Andreou slepp til med fleire bass-soloar. Undervegs er vi glimtvis innom Flying Lotus-ish jazztronica, funk og soul, men mest er dette musikk som liknar på alt og samstundes ingenting anna. Sjå opp for drone-loop inst på Side C – Pergamos kan fort bli ei veldig lang låt…   

Label-mashup-bestilling til Jazzland Recordings når verda ikkje lenger står på høgkant: duoplate med Jason Lindner og Mari Kvien Brunvoll. Dei hadde verkeleg kledd kvarandre…

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
https://www.champagne-laherte.com/
https://www.jazzlandrec.com/
   

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *