Den Første Nattverden

-Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden.

I talen til disiplane under den første nattverden (eller den siste – alt etter perspektivet)  synte Jesus nok ein gong for ein gudbenåda retorikar han var. Kveldsmåltidet skjærtorsdag startar ei serie hendingar med  truskap og svik, benektning og benåding, død og attkomme. Hendingar som har forma – og fortset å forma – verda vi lever i.

Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera.

Men kva fortærte dei eigentleg under Herrens Aftenmåltid? Bibelen gjev få svar utanom brød og vin. Arkeolog Generoso Urciuoli har – saman med Marta Berogno – prøvd å finna ut av menyen, og trur dei har svaret. Aller først: Leonardo da Vinci si tolking – der dei måtte bestille bord til 26 sidan alle 13 sit på same side – er nok ikkje historisk riktig. I røynda sat dei på putar på golvet, medan Leonardo sin versjon er meir likt oppsettet i samtidas kloster.

På menyen? Oliven, usyrna brød, cholent (ei langkokt bønnegryte), lam og pistasjnøtter.  I glaset? Antakeleg krydra vin frå tørka druer. Her forlét eg autentisiteten – Amarone med ei kanelstang i vil berre skapa behov for enno ei syndsforlating denne veka. Då tar eg heller turen innom Libanon og snuser på ein produsent eg ikkje har prøvd før.

Igjen skal dei bu i hans skugge,
dei skal dyrka korn
og bløma som vinstokken.
Hans namn skal bli som vinen frå Libanon.

Domaine des Tourelles Marquis des Beys 2014

Bekaadalen, Libanon. 50/50 cabernet sauvignon og syrah. Handplukka druer frå 1050 meter over havet, spontanfermentert i sement-tank før atten månader på eik og to år i flaske. Lavintervensjonsfilosofi, økologiske prinsipp.  

Kompleks, på grensa til kaotisk frå nyopna flaske. Kamferkiste, blåplommer, skinnjakke, lakris, blåbær og litt sauefjøs. Samlar seg med ein times karaffelkarantene rundt morell, svart pepar, nellik, lakris og treverk. Kraftige og reine  duftar.

Kraftpakke med eit syrleg anslag som fort glir over i morell, blåplomme med litt fruktsødme, timian, og ein olivenbitter snert undervegs. Kaffi og mørk sjokolade ligg som ein pedaltone under. Tanniner svinser rundt i bakgrunnen, men gjer lite av seg. Lenger fade-out enn Hey, Jude, smattar på evigvarande friske plommer mellom slurkane.

Flaggskipet til vinhuset, og ein vin som tar rennefart. Konsentrert og rik, med klokkerein duft og smak som fungerte bra til cholent med lammebog. Fungerer nok best til rustikke kjøtrettar og forsvarar greitt prisen på 350 kroner.

John Debney – The Passion Of The Christ O.S.T.

Som ein slags huskomponist hjå ulike Disneyselskap – der han mellom anna har komponert musikk til Sin City og Spiderman, er ikkje akkurat John Debney ein nykommar i filmmusikkfaget. Musikken til The Passion Of The Christ – den kontroversielle Mel Gibson-filmen om Jesu siste 12 timar på jorda – gav Debney Oscar-nominasjon, og det er gledeleg å høyre at musikken fungerer fritt utan filmen.

Musikalsk er det ei blanding av midtaustenklangar, austlege skalaer, gregorianske kor og klassisk rekviem, samt litt Peter Gabrielsk Real World-aktig popteft. Det som i skrift fort framstår ein smule kaotisk klarar Debney å sy saman til ein elegant heilskap som lét som ei flott messe.

Undervegs får han god hjelp frå mellom anna L Shankar som leverer ekstreme detaljar på fiolin, samt eit knippe blåsarar – frå fløyte til duduk som imponerar stort. Perfekt påskemusikk.  

Kjelder:
http://www.domainedestourelles.com/
https://archeoricette.wordpress.com/category/generoso-urciuoli/
Bibelen

Leave a Reply