Diamantakis are forever

There is a land called Crete, in the midst of the wine-dark sea, a fair, rich land, begirt with water,
 and therein are many men, past counting, and ninety cities.

Minst 3000 år før vår tidsrekning vart det dyrka vin på Kreta – vin som vart så omtykt at okkuperande romarar laga latifundio av heile Knossos for å henta heim søtleg passum-vin til overklassa. Om vi spoler eit par tusen år fram, så driv familien Diamantakis stadig med vin utanfor Heraklion – med ei blanding av lokale og populistiske druer.

Diamantakis Petali Liatiko 2018

Kreta, Hellas. 100 % liatiko, ei tidlegmognande Kreta-drue som eignar seg både til “vanleg” raudvin og soltørka i søte vinar. Ei vekes skalkontakt, eit år i ståltank før tapping på flaske.

Hagerose, tjøre, fiken og nellik frå nyopna flaske. Umiddelbart opplevd som ein miks av halvmoden nebbiolo og Musar. Lysare kirsebær og rips ligg rett bakom saman med tomatstilk. Høg sniffefaktor, behagelege duftar.  

Lett munnkjensle, nesten rosé-aktig. Jordbær, jordlege tonar, litt tyttebær og litt oliven. Anstendig lengde med syrlege bringebær og søtare jordbær i fin balanse.

Velsmakande og litt annleis vin som eg likte veldig godt. Lett nok til kosedrikking og akkurat robust nok til eit stykke lammeskank. Til rett under 250 har denne potensiale til å bli ein conversation piece på sumarens grillfestar.   

Bladed – The Ballad of the Hammer and the Nail

Eg trudde – av ein eller anna grunn – at Bladed var lagt på hylla til fordel for Trondheim Voices. Desto meir gledeleg at prosjektet til Anita Kaasbøll, som ho starta saman med Stian Westerhus eksisterer enno. Og i tillegg er så bra!

Framleis lét ho som ei norsk PJ Harvey, men no er det meir quirky poplåtar, litt Björk, litt Shirley Simms i Magnetic Fields, litt lydkulisser, litt lo-fi og mykje meloditeft. Musikk som fortener å bli høyrd av mange.

Kjelder:
Homer – Odyssey
Diverse Wikipedia
http://www.diamantakiswines.gr/

Leave a Reply