Dom. Navarre d’Oeillades 2018

Stakkars Oeillade Noire har vore (u)kjend i snart 500 år, og står neppe framfor noko stort gjennombrot i nær framtid. Ei gamal drue frå Provence som har eit omstridt slektskap til Cinsaut, enn så lenge. Lettmodna og produktiv plante som må haldast aktivt i sjakk med nedskjering  for å ikkje overdriva drueveksten, og som trivst på høgare markar som ikkje høver for Cinsaut. I tillegg er Oeillade ei drue som har klart å levera vin med relativt lavt alkoholnivå trass aukande temperaturar i sør-Frankrike.   

Hjå Thierry Navarre i Languedoc – tredje generasjon på bruket – har ikkje berre Oeillade fått asyl, men får også enno sjeldnare Ribeyrenc nokre flasker i året. For dei meir streite vinane går det i druer folk faktisk har høyrd om som Syrah, Grenache, Cinsault og Carignan frå gamle stokkar i St. Chinian.

Dom. Navarre d’Oeillades 2018


100% Oeillade Noire, biodynamiske prinsipp, usvovla

Litt funky fjøs-snute, brett? Merkeleg miks av hermetiserte kirsebær, jordbær, blåbær, bjørnebær, blomstereng  og lyng, med timian og kvit pepar bakom. Litt Syrah-aktig, men ikkje heilt der heller. Sjarmerande kaotisk.

Lett anslag, søtleg frukt, slankt midtparti med raude bær og urtemiks. Litt vassen før vinen samlar seg i ei saftig avslutning med anstendig lengde. Pussig munnkjensle når tanniner byggjer i ein så slank vin.


Småeksentrisk, men etter kvart smooth kvardagsvin til under 200 kroner, som  eg ikkje klarer å bestemma meg for om eg syns var spanande eller ikkje. Enkeltduftar og ditto smakar er veldig fine, men vinen samlar seg ikkje i ei heilskap som fungerer for meg.  Var likevel  fin til panert kylling med sopprisotto. Best lett avkjølt.  

Colin Stetson – All This I Do For Glory


Frå eksentrisk vin til eksentrisk musikk. Colin Stetson er mannen bak smoky jazz-saksofon på Alice-plata til Tom Waits, var lenge assosiert medlem av Arcade Fire, i studio med David Gilmour og på scena med Mats Gustavsson. For tida spelar han Death Jazz Metal i ExEye saman med Shahzad Ismaily.

Åleine er det ei anna historie. Kombinasjonen av sirkelpust og lunger som ein blåkval, gjer han i stand til å halda ein loop i gong utan elektronisk hjelp. Legg til ein bunke uortodokse instrument-teknikkar og du har brått eit einmannsband.

Innspelt live i studio, utan overdubbing, utan loop-bokser. Inneklemt mellom haugevis av mikrofonar skvisar Colin Stetson ut melodiar frå saksofonen og stemmebanda, medan ventilklikk, knips, tungeklikk og luft frå munnvikane lagar rytme. Til saman høyrest det ut som fire eller fem musikarar på ein gong.

Både før eg har gått på konsertar med Colin Stetson og igjen når eg starta plata, så har det vore med ei frykt om at musikken skal bli einsformig. I praksis – og jada, sjølv om det er innimellom Terry Riley-minimalisme – er musikken hypnotisk og mørk.

Intensjonen er å lydsetja ei umogleg kjærleikshistorie, litt sånn gresk tragedie-aktig, og det er sanneleg mollstemt innimellom. For meg lét det som soundtracket til ein David Lynch – eller kanskje enno meir ein David Cronenberg-film blanda med stemninga frå Black Rider-plata til Tom Waits. Musikk som snik seg bak deg når du ventar det minst…


Kjelder:
http://www.thierrynavarre.com/
Oz Clarke / Margaret Rand – Druer og viner
Diverse Wikipedia
http://www.colinstetson.com/


Leave a Reply