Don’t Take Your Love To Town

På drikkefronten er det ikkje tvil om at Tsjekkia er mest forbunde med bitterdram og øl, men nokre særingar driv også med vin. I Mähren, der 96% prosent av tsjekkisk vin vert produsert, veit ein at romarane oppfordra til drueplanting i år 278. Franske munkar planta druer her på 1200-talet, og Krasna Hora har i stor grad satsa på druer med fransk opphav.

Krasna Hora Ruby 2018

Cabernet Sauvignon 20%, St. Laurent 20%, Zweigelt 20%, Merlot 20%, Pinot Noir 20% – her er nok Saint Laurent den mest obskure -og myteomspunne- drua, med eit påstått slektskap til Pinot Noir. I dyrkinga meir needy enn rideren til Jennifer Lopez, men om det går bra kan det bli delikat kirsebærsmak ut av produksjonen. Er – saman med Blaufrankisch – forelder til Zweigelt.

Handplukka, økologiske druer, biodynamiske prinsipp, spontanfermentering, 1 månads skalkontakt, 8 månader modning på store eikefat, ufiltrert, minimalt svovla.

Kirsebær og nellik frå nyopna flaske – litt kjedeleg og eindimensjonal duft. Får ein times strafferunde på karaffel før vi smakar på ordentleg.

Lufting har gjort godt. Lyse ripstonar saman med kirsebær og blomstereng. Litt lakris dytter forsiktig i bakgrunnen. Eg blir likevel ikkje heilt komfortabel med duften.

Friskt anslag med raude bær som vinn fylde i eit midtparti med lagvise kirsebær, pluss svart pepar og litt anis. Søtlege krydder og litt einebær i bakgrunnen. Bringebærsyrleg avslutning med anstendig lengde.

Artig vin som var meir spanande på smak enn på duft. Lettdrikkeleg med friske og reine smakar som fungerte godt med parmesankylling og beste raudvin til tomatsaus sidan Wind Gap Soif. Godt kjøp til under 200,-

Gary Holton and Casino Steel – Gary Holton and Casino Steel

Multitalent som skodespelar, musikar og entertainer, og sin eigen nemesis. Det var nok ikkje enkelt å vera rundt Gary Holton, men det var nok verre å vere Gary Holton. I 1970 reiste Stein Groven til London, tok kunstnarnamnet Casino Steel, starta Hollywood Brats og vart ein premissleverandør i musikken som leia fram til punken. Parallelt hadde Gary Holton eit liknande prosjekt med Heavy Metal Kids, men strevde etter kvart med både lovleg og illegal kjemi. Løysinga for å hjelpa ein kompis i trøbbel? Ta han med heim til rolege Trondheim og la han henta seg inn at der. Kanskje litt studioinnspeling… Problemet? Dei vart superstjerner i Noreg.

Det synte seg at det landet ville ha på tidleg åttital var countrypunk med testosteronfylte allsongrefreng. Det sjølvtitulerte debutalbumet selde svimlande 125 000 eksemplar og sendte dei på intens turnering. Kombinert med ei av hovudrollene i komediedramaet Auf Wiedersehen, Pet vart det til slutt for mykje og Gary Holton døydde i 1985, 33 år gamal.

Debutplata kombinerar country, punk, rock og Trondheim Symfoniorkester på kløktig vis og lét –kanskje overraskande – relativt friskt med dagens øyre. Antakeleg er mykje takka produsentgeniet Bjørn Nessjø som var involvert i det meste på skiva.

Jerry Lee Lewis-klassikaren I’ll Find It Where I Can blir pønkete orkestermusikk, ditto Del Shannon-låta Runaway, mest kjend frå Elvis og Small Faces. Dei store hitane var sjølvsagt Ruby (Don’t Take Your Love Town)  frå Waylon Jennings og Kenny Rodgers, og Goodnight Irene. Legg til eit par låtar frå Casino Steel, høgt volum og ein godt lydisolert mancave, og du har ei plate som fungerer i 2020 også…

Kjelder:
https://www.garyholtontribute.co.uk/
Diverse Wikipedia
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og Viner
https://www.krasnahora.com/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *