Druenes Herre

Det er ein del ting i verda som fort utløyser snev av imposter syndrome  hjå meg. Blindsmaking, sjølvsagt. Og «Berre finn ein god vin til oss du, Jan Tore». Og så er det quiz-spørsmålet som dukkar opp i nesten kvar einaste vinrelaterte spørjetevling, men som eg ikkje ein gong klarar å pugge meg til å hugse: ‘Kva druer er det lov å bruke i Champagne? (Max 7 poeng).’
Dei tre hovuddruene går sjølvsagt greitt, ditto Pinot Blanc og Pinot Gris-halvbroren. Men så byrjer det å stokka seg – Pinot eller Petit Meslinger, eller kva det no var? Og ei til…

 Ideen om å bruka alle tillatte druene i ein blend har nok vore tatt opp fleire gonger – gjerne på nachspielet klokka fire om natta, men så vidt eg veit er det berre Laherte som har gjennomførd prosjektet heilt til ferdig produkt.

Laherte Les 7 Extra Brut

10% Pinot Gris/Fromenteau, 8% Arbanne, 14% Pinot Noir, 18% Chardonnay, 17% Pinot Blanc, 18% Pinot Meunier og 15% Petit Meslier. Nei, eg har ikkje sjekka om det går opp i 100 prosent…


Steinerskulevin. Biodynamiske prinsipp, handplukka druer, spontanfermentering på gamle burgundfat, seks månader på fat før vinen går inn i eit solerakretslaup med vinblanding frå 2005 – 2016, der 60 prosent vert tappa og erstatta med årets produksjon. 3 år på flaske før botnfallet vart fjerna for hand i januar 2019.

Raude eple og bolledeig kjem ut saman med korken. Sjølv på avstand fyller duften rommet før første glas er skjenkt. Intens snute – tørka frukt, gjærdeig, nybakt brød, kritt, sjøvatn, mandlar, sitronskal og gule plommer. Kaotisk, men kult.

Litt røffe bobler i anslaget, syra kjem fort og blir lenge. Midtparti med syrleg og saftig Granny Smith, eksotisk treverk og nøtter, som glir over i evigvarande sitrontonar. Sjampanje med sjokkfaktor – filleristar sanseapparatet og nektar å sleppa taket. Veldig gøy frå nyopna flaske, men meir tomboy enn comtesse. Vinen får ein times strafferunde i kjøleskap utan kork – eg veit det finns folk som dekanterer boblene sine, men eg er nok ikkje heilt der enno – så får vi sjå om det kan henta fram meir eleganse…

Luftetid har i alle fall roa galskapen litt. Duften er dempa med eple, hasselnøtt og kalk i førarsetet. Framleis er vinen superkonsentrert med mykje syrleg eple, men har fått eit rundare og modnare steinsopp-preg. Framleis uendeleg lang sitronsyre i avslutninga.


Heftig og morosam (og litt slitsam) matvin som antakeleg taklar å date alt med umami – frå fiskesaus til sopp til parmesan – med eit sjølvsikkert skuldertrekk. Fungerte veldig bra saman med rekerull og soyasausdipp – i møte med maten dukka det opp brunt sukker-sødme, noko som fekk vinen til å verka meir balansert. Til 700,- og eit opplag på 3329 blir dette aldri ein husvin, men uansett kan (og bør) ei så konsentrert og intens flaske delast på mange.

Primus – Sailing the Seas of Cheese

«I didn’t fit the bill at all. I showed up with this bass that was a hunk of driftwood, I had two different coloured tennis shoes on, bleach-blond mohawk, baggies, skater pants – I didn’t fit the bill, especially for Metallica back then.»

Antakeleg er det godt for alle partar at Les Claypool ikkje vart den nye bassisten i Metallica. Sjølv kunne han fortsetja sitt eksentriske liv som ekstrovert bassist i Primus – kanskje det raraste bandet med stjernestatus nokon gong i historia. Det ser ut som blandinga av virtuositet, moshpit-energi, intellektuell aura og ekte weirdness trefte eit eller anna hjå mange – suksessen til South Park der Primus hadde intromusikken var god hjelp, det same var MTV som slapp til snåle greier på den tida.

Sailing the Seas of Cheese frå 1991 var første plate på stort selskap, og første gong dei nådde ut til eit større publikum. Tom Waits i rolla som Tommy the Cat hjelpte sjølvsagt til, det same gjorde musikken deira i Tony Hawk-spela på Playstation.

Rush-riff, Zappa-humor og nonsjalant intonert fretlessbass fungerer framleis og lét underleg, men tøft. Plata høyrest ofte ut som eit punkband som i ei mistyding er invitert til ein funkfestival og prøver å gjera situasjonen minst mogleg pinleg for alle. I tillegg til Jerry was a Race Car Driver og Tommy the Cat er trommeintroen til Eleven framleis frydefullt å lytte til på ei plate som lét litt luftigare etter at Les Claypool miksa ho på nytt i 2013.  

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
Div Wikipedia
www.champagne-laherte.com
http://www.primusville.com/



4 tankar på “Druenes Herre

Leave a Reply