Father, I have Zind…

Eg råkøyrde Vespa over kommunegrenser for å omgå 2015-kvoteringa. Eg opna for tidleg, eg lufta for lite. Eg sverga på å venta fem år før neste flaske, men klarte berre to. Tilgje meg, sjølv om eg veit kva eg gjer…

Zind-Humbrecht Riesling Brand Grand Cru 2015

100% Riesling, sertifisert økologisk og biodynamisk. Handplukka druer frå 60 år gamle vinstokkar, 16 månader på botnfallet, 18 månader på store fat før flasking.

Meir Alsace Grand Cru HER

Fire timar på karaffel før smaking. Blomstereng, limeskal, sylta sitron og litt nellik. Ørlite yoghurt naturell langt baki. Forsiktig, men delikat snute.

Lett oljete munnkjensle, endelause lag med sitron som glir over i saftig, gult eple, konsentrert aprikos og litt honning. Grapefruktbitter snert før ei eviglang avslutning med sitrondrops og lag på lag med sitrus .

For meg som er mest røynd med tysk riesling, så tok det litt tid å venda seg til den feitare stilen, men du verda så godt dette er. Forsiktig duft, men desto meir intens smak – fungerte både til lakseceviche og bakt laks, men kanskje best til villsvinpølsesnacksing mellom måltida. Har mykje meir lagringstid i seg, men med eit solid lufteregime gjev vinen enorm drikkeglede allereie no.

Art of Noise – In No Sense? Nonsense!

«Husbandet» til Trevor Horn på 80-talet sette spor etter seg – om ikkje på hitlistene, så tok dei det igjen i utviklinga av elektronisk musikk der  Anne Dudley & Co heile vegen var i forkant. Som arrangør haldt den klassisk utdanna pianisten styr på Frankie Goes To Hollywood, Wham! og Paul McCartney, i Art of Noise kunne ho leika med tilgjengeleg elektronikk og uavgrensa studiotid. Resultatet vart ei eksentrisk form for dansemusikk der disco møtte Dalí, der verdas beste studioutstyr møtte opptak av startmotoren til naboen sin Golf…

I 1987 kom In No Sense? Nonsense! – ei plate som framsto merksnodig – både i zeitgeist men også i Art of Noise sin eigen katalog. Fri frå Trevor Horn henta dei inn brass band, kor og orkester, mystiske dialogar glir ut og inn av lydbiletet i David Lynch-stil. Intense, fragmenterte groover, frenetiske synthmelodiar og sampla vokal gjev næring til det kontrollerte kaoset – likevel lét heilskapen veldig tøft. Det vil sei – singelen Dragnet er ein slags framand pop-fugl på plata – veldig stilig i seg sjølv, men snål i dette selskapet.

Remastra i 2019, dobbel turkis(!) vinyl med 9 bonus-spor – mellom anna litt maxisingel-snop og attgløymd musikk. Lydbiletet er klokkereint og lét tidstypisk, ikkje utdatert – hugs at dette er frå ei tid der synther stort sett berre kunne spela 6 tonar samstundes. Likevel nok mest ei plate for dei spesielt interesserte…    

Kjelder:
http://www.zindhumbrecht.fr/
Diverse Wikipedia
https://www.theartofnoiseonline.com/



2 tankar på “Father, I have Zind…

Leave a Reply