Flea as the Wind

Eg lurer på, tenkjer du nok ofte. –Sciacarello er jo godt som blend saman med meir populistiske drueslag, men kan ho skine heilt åleine? Sidan 1964 har Sant Armettu hatt eit hjarte for dei gløymde drueslaga på Korsika – slik som Rimenese, Genovese, Biancu Ghjentile, Minustellu og Aleaticu – samt lokale Sciacarellu, ei drue som ser ut til genetisk å vera felles med Chiantidrua Mammolo på fastlandet.  

Kvit Korsikavin HER

Sant Armettu Rosumarinu Rouge 2025

Korsika, Frankrike. 100 % Sciacarello/u. Handselekterte druer med mogning i ståltank. Økologisk sertifisert.

Kork med sjarmerande easter egg på innsida. Modne, Pinot Noir-aktige jordbær, syrah-aktig  nykverna pepar og skogsbotn, samt middelhavsurter som luskar rundt i bakgrunnen.  Reine og svært behagelege duftar.

Lett munnkjensle, eit midtparti med kjøleg blåplomme og mynte får selskap av litt lakris, før ei avslutning med fruktsøt jordbær og syrlege bringebær.

Energisk, saftig, ukomplisert og leskande vin med nok ryggrad til å vera interessant. Svært god kombo til eit stykke villsaulam med årets første kantarell. Reine duftar og smakar, og eit strålande møte med ei ikkje heilt vanleg drue til ein firehundrelapp.

Rare Korsikadruer HER

Flea – Honora

Det var med ein viss skepsis eg fekk albumet i hus – nok ein som har sekstiårskrise og må laga jazzplate? Heldigvis har det gått bra. Klaskebass-stjerna i Red Hot Chili Peppers starta på trompet i sin eigen musikalske barndom, har henta fram att instrumentet, og han høyrast så lukkeleg ut gjennom heile plata.

Det vil sei, mot slutten endrar stemninga seg – på Maggot Brain – Funcadelic-låta med legendarisk gitarsolo gjenskapar han note for note desperasjonen til Eddie Hazel, Nick Cave overtar med Wichita Lineman før plata rundar av med ettertenksame Free As I Want to Be der Tortoise-gitarist Jeff Parker får fritt spelerom.

Gjennomtenkt og godt gjennomførd tverrsnitt over kva som  rører seg på innsida av Michael Peter Balzary – imponerande trompetspel frå ein som kjenner sin Miles Davis og Monk, ein som syner ei forsiktigare side av seg sjølv, og ein som framleis lagar bra musikk.

Kjelder:
https://www.santarmettu.com/
www.nonesuch.com

Leave a Reply