Fumblin’ with the Blues

I kampen om kvifor konsumentane skal kjøpa akkurat den vinen når dei står i butikken, er det gjerne etiketten som er identitetsmarkøren, og her har vinverda utvikla ein særeigen semiotikk: naturvinprodusentar lar ungane teikna etikettane sine og får såleis fram kjensla av noko grunnleggjande og reint hjå oss (Single naturvinprodusentar kallar opp vinen etter gitarforsterkaren sin for å sjå bad-ass ut.), medan meir tradisjonsbærande produsentar har gjerne bilete av slottet og namnet på vinmarka for å syna kontinuitet og erfaring. Så har du dei som gjer radikale ting med innhaldet.

Vi kan gjerne flire, men då blå vin vart lansert  i 2016 var pressedekninga større enn eg nokon gong har opplevd ein enkelvin har fått, og vinen vart fort seld ut – då eg sjølv testa ei flaske konkluderte eg med at vinen var betre enn frykta, men ekstremt overprisa. No har eg på slump oppdaga at produsenten også har ein frizzante til hundrelappen og då vart dømekrafta for veik. Samstundes – som ein bisarr bonus – syner det seg at det er ein annan blå spanjol som lagar lavalkoholmusserande til under hundre kroner og hevdar det er gjort på tradisjonell metode. Ute regnar det, og utanlandsreiser er eit vagt minne – kan blå bobler henta fram Middelhavs-stemninga?

Slik eg har forstått konseptet så kjem blåfargen frå Antocyanin-pigment, henta frå Alicante Bouschet-drueskal og blir tilsett det som elles er ein kvitvin. Sidan det er eit tilsettingsstoff er vinen ‘deklassifisert’ til «aromatisert vin», sjølv om det ikkje skal ha innverknad på korkje lukt eller smak.

Azul Mediterráneo Frizzante 2016

100% Verdejo, karbonert ved flasketapping.

Ingen bobler ved skjenking – tar meg sjølv i å sjekka flaska at det er frizzantevarianten eg har fått. Smågodthylle (litt) og bringebærdrops (mykje). Lite anna å melde frå nasa.

Julebrus med bringebærsmak som glir over i eit lite bittertouch frå grapefrukt. Stutt ende. Enkel vin som kan forsvara 100-lappen med fjollete partyfaktor, men då må dei hugsa å karbonera vinen først…   

Vegaverde Azul 2016

50/50 Macabeo og Airén, 5% alkohol og tradisjonell metode(!). 97 kroner. «Serve Very Chilled» på to språk…

Ikkje særleg futt i denne heller, men her er det i det minste antydning til bobler. Jordbærdrops og julebrus. Søtleg og lett syntetisk snutekjensle.

Lite smak, sukkervatn med vanillin. Med mykje godvilje er det litt eplesyre i den stutte avslutninga. Eg mistenkjer produsenten for å leggja noko anna i tradisjonell metode enn slik eg tolkar omgrepet. Får ein halvtime i fryseboksen fordi eg er ein idiot og vil prøva eit glas til. Hjelper lite. Dette var rett og slett ikkje godt.

Quincy Jones – Back on the Block

I 1981 vart The Dude ein enorm suksess – ei plate som synte at den respekterte jazz-, latin- og storbandmaestroen også hadde pulsen på kva nye generasjonar dreiv med. Derfrå tok det av, og Quincy Jones gjekk frå ettertrakta produsent til den mektigaste mannen i amerikansk musikkliv, med Frank Sinatra, Thriller og Bad i skjeftet. I 1989 var han klar for å gje ut eigen musikk igjen, og køen av musikarar og bransjefolk som ville gjera han ei teneste tar nesten meir plass enn tekstane på coveret.

Så mange er det, at Q sjølv nærast tar eit steg tilbake og heller går inn i rolla som komponist, arrangør og fasilitator av sitt eige materiale. Resultatet er ujamt, men på sitt beste er det veldig bra. Borgarretts-tematikken i tekstane er framleis skremmande aktuelle, å føra hip hop- og jazzstjerner saman er genialt. Balladar med kjønnsrollemønster frå 1889, not so much…

Stilmessig skal dei over mykje – plata er nærast delt opp i ulike sjangrar. Hip hop-delen har Ice-T, Melle Mel, Big Daddy Kane og Kool Moe Dee i tung politisk storform over eit groovy Andrae Crouch Singers-kor.

A capella-delen skviser inn Bobby McFerrin, Al Jarreau, Take 6, Ella Fitzgerald og Sarah Vaughan i same låt, noko som fungerer veldig bra. Andrae Crouch Singers dukkar opp att med herlege vestafrikanske harmoniar og eit heftig trøkk. Jazzdelen er oppsiktsvekkjande: lydcollage frå Birdland; Kool Moe Dee, Big Daddy Kane, Miles Davis, Dizzy Gillespie George Benson og Joe Zawinul saman.

Innimellom kjem låtar som antakeleg vart forkasta frå Bad-albumet til Michael Jackson – ikkje dårleg musikk, men heller ikkje noko som vert hugsa. Beste forsøk er duetten mellom Ray Charles og Chaka Khan. Høgdepunktet? 12 år gamle Tevin Campbell på Tomorrow (A Better You, Better Me), noko som må vera verdas beste feelgood-låt. Bunnpunktet? The Secret Garden der El DeBarge, James Ingram, Al B Sure og Barry White antakeleg prøver å låta omtenksam og sexy, men endar opp som sleazy og supergubbete.  

Kjelder:
Diverse Wikipedia
http://garciacarrion.es/
https://www.azul-mediterraneo.com/


2 tankar på “Fumblin’ with the Blues

Leave a Reply