Frå 1921 ein satellittstat i Sovjetunionen som ‘Den transkaukasiske sosialistiske føderative sovjetrepublikk (TFSSR)’, ei branding som seinare vart endra til litt meir catchy ‘Den georgiske sosialistiske sovjetrepublikk’. Inneklemt mellom Tyrkia og Russland ligg vesle Georgia som – sjølv om Noreg i areal er fem gongar større – har sin eigen kristne religion og sitt eige alfabet. Og bortimot 400 druesortar.

Baia’s Wine Tsolikouri 2019
Ungdommeleg entusiastisk søskenprosjekt med heimflyttar Baia Abuladze i spissen – etter å ha vunne 20000 kroner i ei oppstartstevling vågde dei å satsa 100 prosent på opphavlege druesortar og tradisjonell amforabruk.
Obcha, Georgia. 100 % tsolikouri – vanligste drue i vest-Georgia. Spontanfermentering og modning i kvevri saman med 30 % av skalet i ein månad, så over på ståltank. Økologiske prinsipp. Oransjevin.

Intens floral duft frå nyopna flaske. Blomstereng, sitrus – vandrar mellom sitron og appelsinskal, gule eple og honning. Flintsteinrøyk dytter bakom. Så behagelege duftar at eg tar meg i å utsetje første slurk for eit sniff til.
Mjuk og fyldig munnkjensle. Lag på lag med gule og grøne eple i midtpartiet – glir saumlaust over avslutning med salt, Granny Smith og klementin. Smattar på evigvarande gule eple mellom slurkane.

Særs vellukka vin – og moderat på den knapt oransje sida. Reine duftar og smakar, og enorm drikkeglede til rett over trehundrelappen. Fungerte veldig godt til kvit pizza med årets siste steinsopp.
Bettye Swann – The Money Masters

For kvar Otis Redding har vi gløymd ein Kenny Carter, for kvar Aretha Franklin eller Ann Peebles har vi gløymd ei Bettye Swann.
Oppdaga av Money Records som 19-åring i 1964, moderat suksess året etter. Plateselskapet fekk likevel kalde føter og droppa planlagd longplayer til fordel for eit par singelslepp. Trefte planken med «Make Me Yours» i 1967, men klarte aldri å følgje opp etterpå. Eller?
Då Ace Records kjøpte master-rettane i 2000, oppdaga dei soul-gull som ingen hadde fått høyra før, og etter kvart vart samla på denne plata som ei blanding av singlar frå seint 60-tal og upubliserte spor. Bettye sjølv vart vitne for Jehova, og nøydde seg stort sett med å synga for kyrkjelyden.
Kjelder:
https://baiaswine.com/
https://acerecords.co.uk/kent-label