Gerovassiliou Malagousia Single Vineyard 2016

I rekkja med greske druer som verda og knapt grekarane sjølv har høyrd om, er det tydelegvis rom for fleire.  Nattverden har tidlegare tatt for seg Moschofilero, Plyto og Vilana, no er det på tide med Malagousia. Før eg har opna noko som helst klarar eg likevel ikkje å fri meg frå ein språkleg observasjon: er dette berre ein variant av Malvasia med jålete namn?

Den «offisielle» historia er uansett: Malagousia er ei gamal og nær utdøydd gresk drue,  vart gjenoppdaga av ønologiprofessor Vassilis Logothetis på tidleg syttital, som ga stiklingar til studenten sin Vangelis Gerovassiliou,  som på si side har fart fint med Malagousia.

Like ved Thessaloniki har  Gerovassiliou  bygd opp eit imperium som inkluderer restaurant, vin-museum og konsertsal. I vinmarka har dei mellom anna streitingar som Syrah og Chardonnay, men også meir eksotiske Xinomavro. Gerovassiliou  sine resultat med Malagousia har vore så vellukka at drua i dag er spreidd over store deler av Hellas.   

Gerovassiliou Malagousia Single Vineyard 2016

100% Malagousia, litt av vinen har vore innom fat.

Kruttlapp-revolver og steinete duft  frå nyopna flaske. Sitrus langt baki. Meir lovande på smak med sitron og saftig fersken. Får eit par timars strafferunde på karaffel før vi byrjar på nytt igjen.  

Luft har gjort godt. Aromatisk og parfymert snute. Fersken, melon, hageroser, fyldig sitron og kvit pepar. Ørlite trelist og søte krydder bakom.  

Sexylubbent anslag, Fruktsalat med appelsin, sylta sitron, pære og moden ananas. Får ei fyldig og syrleg sitronavslutning og basilikumbitter urt med tid i glaset. Bra konsentrasjon og lengde.

Reine smakar, artig og litt annleis vin som fungerte godt til lakseburger. Fint kjøp til 220,-

Joni Mitchell – Hejira

Dette er plata eg aldri går lei, men samstundes aldri får tak på. Det er både folk og jazz, men samstundes ikkje nokon av delane. Musikken er melodisk og vakker, men det er knapt ei einaste tradisjonell vers-refreng-form her. Det lét som ei heilskap, men tekstane er ofte både fragmenterte og frå ein upåliteleg forteljar.

Hejira er liksom den vaksne Highway-plata til Joni, der ho berre må koma seg vekk utan eit definert mål.  Innimellom verkar det som låtane er fragment skrivne ut av eit bilvindauge i 70 mph, andre gongar er observasjonane millimetertett på.    

Coyote er predatatoren ho sjølv tok innersvingen på og reiser frå i ein one-night-stand undervegs. Jaco Pastorius gjer ein fantastisk jobb på fretlessbass med luftige linjer som fungerar som ein vokalist nummer to i låta. Den søte einsemda med å reise åleine blir delt med Amelia Earheart på nydeleg  vis, medan Furry sings the Blues blir eit slags frampeik til Mingus-plata (og etterlot William ‘Furry’ Lewis svært misnøgd med å ha vore hovudperson i teksten).

Tittellåta er kanskje den mest ærlege og introspektive teksten på plata – der ho strever med å akseptera brotet (med John Guerin) på sårt og poetisk vis medan Black Crow får opp pulsen med sekstendelane til Pastorius. Stadig eit tekstleg og musikalsk meisterverk etter 43(!) år.

Kjelder:
https://www.gerovassiliou.gr/
http://www.greece-is.com/malagousia/
https://www.nattverden.com/vin-og-vinyl/lock-worth-merlot-2017/
https://jonimitchell.com/


2 tankar på “Gerovassiliou Malagousia Single Vineyard 2016

Leave a Reply