Get Up (Like a) Sekt Machine

Tysk musserande har byrja å yppa seg i den norske marknaden. No vil Austerrike også vera med på leiken. Nattverden sjekkar kva dei rimelegaste boblene har å fare med…

Goldeck DIE EDLE Der Veltliner Sekt

Austerrike sitt første registrerte vinmerke og produsent av musserande sidan 1859. Med kalkhaldig jord i Weinviertel er det Champagne som er ideal og inspirasjon.

100% Grüner Veltliner, handplukka druer, 12 månader på fat, sjampanjemetode.

Smågodthylle, blomstereng, sylta sitron og kvit pepar. Litt honning og litt våt stein langt baki. Blomar, nyslått gras og urter med tid i glaset. Ørlite anis og gjærbakst. Reint og pent.

Rundt anslag, fruktig midtparti med Granny Smith og litt honningsødme. Spiss sitron og eplekart i ei litt stutt og uryddig avslutning som vinn lengde og struktur med luftetid.

Lettdrikkelege og uformelle bobler – til under 150,- er dette eit topp velkomstglas om du vil ha ein litt annleis musserande og samstundes halda eit stramt budsjett.

-Men, tenkjer du nok no. –Grüner Veltliner er austerrikskautentisk og sånn, men kva med austerrikarar som lagar sekt på sjampanjeblanding med Chardonnay og Pinot Noir  og Pinot Blanc?

Steininger Burgunder Sekt Reserve 2016  

Familiedriven vingard i Kamptal, sjampanjemetode, 50% Pinot Noir (der 1/3 av basen har vore innom små eikefat, 25% Chardonnay (litt av basen på eik), 25% Pinot Blanc (ståltank).

Sitrondrops, kjeks, kjørvel, raude eple. Forsiktige, men delikate dufter.

Søtt anslag, kremete midtparti med gule eple og marsipan. Litt bitre urter, litt valnøtt. Rund avslutning med søte epler. ‘Lysner’ med tid i glaset, og får ein oljete kompleksitet,  men blir liksom aldri skikkeleg frisk.  

Lover meir på snute enn vinen gjev i smak. Der gårsdagens die edle var ein super og umiddelbar aperitiff, trivst denne vinen betre saman med mat – fungerte for så vidt fint til reker i rispapir, men denne tåler nok kraftigare rettar både med fisk og kylling.  

Tom Waits – Mule Variations

Denne veka er det jammen gått 20 år sidan Mule Variations kom, ei plate som for meg er mellom dei fremste frå Tom Waits, og som med likesæl sjølvfølgje blander det villaste og det vakraste i katalogen hans. Musikken er like kaotisk variert som på Swordfishtrombones, kvaliteten er like høg som på Rain Dogs og har samstundes nokre av dei varaste og mest sentimentale balladane Waits/Brennan har komme opp med.

«I was stuck in traffic» var standardsvaret på kvifor det tok 6 år å lage eit nytt album. Bak kulissane hadde han og Kathleen Brennan kanskje brukt tida for godt – dei hadde rundtom 60 songar å velje frå til plata.

Opningslåta Big in Japan saman med kompisane frå Primus går fullstendig steampunk med heimelagd perkusjon, medan Hold On er mellom dei  finaste balladane i Waits-historia. Get behind the mule er inspirert av Robert Johnson, House Where Nobody Lives er sentimental livsvisdom i song, medan Cold Water og Pony handlar mest om skjebnestyrt aksept.

What’s he building? handlar om naboen frå helvete – vi er no over i dikt & jazz-avdelinga – men eg-figuren kjem ikkje spesielt betre ut av stalker-rolla si.   

She’s a diamond who wants to stay coal – denne linja frå Kathleen Brennan lagde ramma for Black Market Baby*, kanskje den beste låten på plata. I stolt Waits-tradisjon er han uoppnåeleg forelska i ei kvinne som blir ein katastrofe både for han og resten av verda. Uvanleg disiplinert gitarsolo frå Marc Ribot. Picture in a Frame er – saman med Johnsburg, Illinois frå Swordfishtrombones – universets mest effektive kjærleikserklæring med berre 34 ord…

*Nerdenytt: For musikarar er introen til Black Market Baby ein doktorgrad i matematikkalkulert feilspeling. I første takt er bass og basstromme 1/4 utav takt, i neste takt 1/8, i neste 1/16, før dei treff heilt presist foran vokalen i første vers…    

Georgia Lee er 12-åringen som vart funne myrda – ein song som eigentleg ikkje skulle vore med på plata, «but my daughter said, ‘Gee, that would really be sad — she gets killed and not remembered and somebody writes a song about it and doesn’t put it on the record.’ I didn’t want to be a part of that’.» Du klarer neppe å høyre gjennom utan å grine.

Take it with me er snart ei standardlåt covra av mellom anna Jubilant Sykes  og Solveig Slettahjell. Avslutninga Come on up to the House verkar mest som eit memo til seg sjølv: slutt med sytet og kom deg vidare! For meg ei plate eg rangerer høgare enn Rain Dogs (kontroversielt, eg veit) der fortid, framtid, tekst, meining, melodi  og lynet slo ned samstundes.

Kjelder:
Jay S Jacobs – Wild Years
Patrick Humphries – The many lives of Tom Waits
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
www.goldeck.at
http://weingut-steininger.at


4 tankar på “Get Up (Like a) Sekt Machine

Leave a Reply