Ground Cirò

Tåspissen av Italia har opplevd mykje. Her har det vore busetnader sidan steinalder, vinproduksjon sidan 2000 f. kr, grekarane kalla regionen «landet der det vert dyrka druer» og brukte – som første sponsor av OL – vinane herfrå som pris til vinnarane av dei atenske olympiske leikar for over 2500 år sidan.  

I Cirò starta munker med drueplanting rundt klosteret i San Francesco i 1578. Etter kvart som hundreåra går skiftar garden eigarar fleire gongar, seinast i 2013 overteke av Iuzzolini-familien som har brukt tida fram til i dag til å modernisera vingarden.

Her heiter druene Magliocco og Greco Bianco. Og Gaglioppo – den stadeigne drua frå fjella i Cirò som antakeleg har Sangiovese i slekta.

San Francesco Cirò Rosso Classico 2016     

100% Gaglioppo. Handplukka druer frå første veka i oktober, 12 dagars skalkontakt, laging på ståltankar og eit lite opphald på eik før flasking.

Sur-søt kirsebærduft, tomatstilk, laurbærblad og nykverna pepper. Varleg snute, reine duftar, men ikkje så  mykje av kvar.   

Bra trøkk i anslaget – modne blåplommer og nellik. Får følgje av mjølkesjokolade og anis men midtpartiet blir likevel litt spinkelt. Fin lengde i avslutninga med ein heil del fruktsødme.

Artig og litt annleis vin der eg saknar berre litt meir konsentrasjon – uansett mykje drikkeglede for 155,- Fungerte flott til eit stykke kjøt og eksperimentering med steinsoppravioli.   

Miles Ahead – Original Soundtrack

I don’t like that word, “jazz”. Don’t… Don’t call it “jazz”, man. That’s some made-up word. Trying to box somebody in. Don’t call my music “jazz”. It’s social music.

Der filmen hoppar fram og tilbake i tid, gjev dei to platene med musikken ei kronologisk reise i musikken til Miles Davis – frå 1953 til 1981. Her er (sjølvsagt) Miles Ahead og So What. Her er Nefertiti og Go Ahead, John. Marcus Miller-perioden er så vidt inkludert med Back Seat Betty. I tillegg er det litt knask frå Herbie Hancock, Esperanza Spalding og Wayne Shorter.  

Puristar vil nok la seg frustrere av forkorta versjonar avbroten med korte dialogar frå filmen. For meg som ikkje har høyrd Miles på ei stund var det veldig greitt å få bli påførd ei kjapp oversikt igjen. Ekstrabonusen er sjølvsagt å høyre korleis musikken (og lydkvaliteten) utvikla seg gjennom åra.  

Kjelder:
https://www.fattoriasanfrancesco.it
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og Viner
Diverse Wikipedia
Liner notes frå plata

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *