Hare Krásná

At romerane kalla området Bohemia gjev meg førestillingar om eit ukonvensjonelt folkeslag fylt med Hans Jæger-typar. Trass i ei historikk med okkupasjon frå både Nazi-Tyskland og Sovjetsamveldet har Tsjekkia i moderne tid gjennomførd revolusjon og frigjering på fredeleg vis, og har i dag mellom dei høgaste levestandardane i Aust-Europa.

På drikkefronten er det ikkje tvil om at Tsjekkia er mest forbunde med bitterdram og øl, men nokre særingar driv også med vin. I Mähren, der 96% prosent av tsjekkisk vin vert produsert, veit ein at romarane oppfordra til drueplanting i år 278. Om me kvikt hoppar over vikingtida, trettiårskrigen og phylloxera, så starta «vår» vin med druestokkar planta av bestefar på 60-talet. Familieforetaket produserar i dag 40 000 flasker i året.

Sjekk kva Morten syns om Pinot-en deira HER

Krasna Hora La Blanca 2018

Sauvignon Blanc 10%, Pinot Gris 10%, Gewürztraminer 10%, Pinot Blanc 30%, Riesling 40%

Handplukka druer, biodynamiske prinsipp – urtete mellom drueplantane må vera peak antroposofi, 30 dagars skalkontakt for rieslingen, halvparten så lenge for resten. Modning på stålfat. Ufiltrert.

Behageleg duft med blomstereng, smågodthylle og eit ørlite sylta plommepreg frå nyopna flaske.  Sexylubbent anslag – friskt midtparti med sitronsnert og gule plommer. Saftig med anstendig lengde i ei litt kantete avslutning. Lovande vin som får seg ein strafferunde på karaffel.

Etter ein time med lufting er vinen ryddigare. Blomstereng, nyslått glas og sitron,  med litt søtsyrleg pickles og eit ørlite preg av yoghurt naturell langt baki.

Forsiktig anslag, eit leskande midtparti som glir mellom appelsin og sitron. Litt bittert eit-eller-anna som eg reknar med kjem frå skalet.  Fin, fyldig avslutning med appelsin og sylta sitron. Får meir sitronsyrleg hale med tid.

Enkle, men reine smakar og skummelt lettdrikkeleg vin med eit lite bitterbitt som gjev ryggrad. Fungerte fint til laks med sitronvinaigrette. Godt kjøp til under 180,-

Howard Jones – Transform

I motsetnad til mange produsent-produkt på midten av 80-talet var Howard Jones ekte vare som skreiv og spelte musikken sin sjølv. Han starta med pianospel som sjuåring og byrja kvikt å eksperimentera med elektronisk musikk gjennom ungdomstida – med hits som  What is Love og Things can only get better står han igjen som ein av dei viktigaste synthpopfolka frå 80-talet. Vi overlevde ny musikk frå Rick Astley i fjor, men treng vi ei ny plate frå Howard Jones i 2019?

Snart 65 og har mista Stian Westerhus-frisyren, men framleis evner han å skriva catchy melodiar og laga kløktige arrangement, framleis nyttar han kontrasten mellom den sterile instrumenteringa med ei varm røyst, framleis formidlar tekstane eit positivt menneskesyn frå den gamle buddhisten.

Likevel er dette ei plate som verkar å peike meir bakover enn å syna noko revolusjonerande nytt, og sånn sett blir det foring av gamlefansen heller enn å sjå framover. Uansett eit sjarmerande gjensyn med ein stor artist som framleis har noko å fara med…

Høgdepunkt? The One To Love You er catchy pop på sitt beste og syner i tillegg at dei lange låt-titlane frå tidlegare ikkje var tilfeldige. At the Speed of Love har eit fint Peter Gabriel Mercy Street-aktig preg, medan Beating Mr Neg drar oss over i ei slags Kraftwerk møter Depeche Mode i eit arcadespel.  

Kjelder:
www.krasnahora.com
http://www.howardjones.com/
Div Wikipedia
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *