Heilt kanton

I mitt eige livsprosjekt om å smaka musserande vin frå alle moglege land, er turen no komen til Sveits. Fordomsfull som eg er, så forventar eg neppe god verdi, men 650,- er ein slags sweet spot mellom akseptabel pris for ei flaske frå eit høgkostland, men dyrt nok til å få meg gretten dersom det ikkje fungerer.

I Graubünden – den austlegaste, tynnast befolka, einaste trespråklege, og samstundes største kantonen i Sveits – driv femtegenerasjon Donatsch med vin nær Liechtenstein-grensa. Her dyrkar dei Chardonnay og dei mest kjende Pinot-ane, samt Completer – ei drue som garantert vil få ein eigen Nattverden-artikkel så snart ho får norsk importør.   

Donatsch Rosé Extra Brut 2023

Graubünden, Det sveitsiske eidssambandet. 100 % Pinot Noir. Rosafarge frå skalkontakt. Fermentering i brukte fat før sjampanjemetode med  andregongsgjæring i flaska.

Mykje jordbær i første glaset, får litt etter litt selskap av bringebær, gjærbakst og appelsinskal. Etter kvart behagelege duftar.

Slank munnkjensle rett inn i eit midtparti med solvarme markjordbær, fruktpai og grapefrukt. Lang avslutning med vin på vandring – skiftar mellom lekker bringebærdrops og fruktsøte jordbær, men innimellom frustrerande urtebitre smakar.

Vart ikkje heilt klok på denne – mykje godt, men også litt kantete skrudd saman med i overkant kaotiske element. Ein litt annleis musserande som uansett passar saman med røykt aure og pauschalbesteuerung.

Jon Eberson – Stash

Siste halvdel av åttitalet var ein overgangsperiode for gitaristen, der han la frå seg Jon Eberson Group og vart berre Jon Eberson. Året før Pigs & Poetry kickstarta ei ny retning i karriera, lånte han Chasers frå Terje Rypdal, og slapp ei trioplate som framleis læt friskt.

Noko raud tråd er ikkje lett å finna – det verka meir som han vil syna fram kva som inspirerte han i 1986 – her er akustisk Paco de Lucia, her er mykje Van Halen, ein heil del Allan Holdsworth og ditto Mike Stern, sjølv om gitartonen og noko eg oppfattar som typiske Ebersonske toneintervall avslørar opphavet.

Bakom jagar Audun Kleive og Bjørn Kjellemyr  – noregshistorias mest telepatisk samspelte rytmeseksjon – i ei blanding av strengt komponerte låtar, og lause skisser som høyrest ut som dei vart laga spontant i studio. Flott blanding av imponerande teknikk, intenst samspel og melodisk teft.



Kjelder:
Diverse Wikipedia
https://en.donatsch.info/

Leave a Reply