Henriot Brut Millésimé 2008

Vinbønder sidan 1640, eige hus sidan 1808, og framleis i familien. Undervegs har Henriot-slekta delt kontor med Charles Heidsieck og kjellar med Veuve Clicquot, i dag produserer Henriot rundtom 1 million flasker i året, med hovudvekt på Chardonnay.

Eg blir som oftast litt mistenksam når historieforteljinga passar litt for godt, men denne gongen er det nok plausibelt – druekvaliteten i Reims var veldig bra i 2008, og la eit flott grunnlag for å markere 200 år med Henriot.  

Henriot Brut Millésimé 2008

50% Chardonnay, 50%,  Pinot Noir. Blend frå ti premier- og grand cru-marker. Seks år på botnfallet.  

Brødbakst, tørka fersken, nyskrelt klementin – litt tid i glaset gjev nydelege epletonar. Veldig reine og behagelege duftar – diskret, men tydeleg utan å bli brautande.

Saftig anslag, lett munnkjensle. Konsentrert midtparti med lag på lag med sitrus – frå sylta sitron til appelsinskal til eit lite grapefruktbittert sting. Litt honningsødme, litt aprikos, litt kritt. Lang og frisk avslutning med kassevis av Granny Smith.

Herleg vin, men litt kaotisk og framleis ungdommeleg villstyren. Neste flaske skal få eit par års kjellarkarantene – om eg klarar å halda fingrane av fatet… Grunna ei inkurieklynge vart vinen drukke til røykt aure på surdeigsbrød – det fungerte sjølvsagt bra, men eg kjenner eit stikk av dårleg samvit over at vinen ikkje fekk følgje noko meir eksklusivt på tallerkenen.

Neon Ion – Heart Echoes

Førestill deg ei kontrafaktisk verd der Joe Zawinul droppa Weather Report for å bli r’n’b-produsent i Los Angeles. Der jazzutdanna songarar med koko impro-musikk i bagasjen syner seg å laga verdas beste pop-hooks. Omtrent sånn lét det.

Det var ikkje gått mange veker før det byrja å gå rykte om eit heilt spesielt vokaltalent på Griegakademiet i Bergen. Etter kvart som ho dukka opp i fleire og fleire band har det synt seg at alt var sant. Dei siste åra har Natalie Sandtorv turnert kontinuerleg, har samarbeidd med Nils Petter Molvær, skrive tingingsverk for Moldejazz, og er no plukka opp av sjølvaste Jazzland Recordings. Som ei baklengs Sidsel Endresen har Sandtorv gått frå kompleks stemmeimprovisasjon til reindyrka popsynging – der ho debuterer som aliaset Neon Ion i tett samarbeid med produsent Erlend Mokkelbost.    

Og det funkar – kvar einaste gong eg kjenner at arrangementa byrjar å bli litt tette og synthane litt for …øh… synthete, så drar brått vokalen låta i ei anna retning og gjer seg interessante igjen. Sprø basslinje i Bring it Back omkransar supersmarte vokaldetaljar, Havona-intro vekker jazzrock-dyret i småpompøse Heavy Hearted  og Todd Rundgren-cover Influenza får fram smilet. Portman er den kjølige og elegante førstesingelen medan Rochester har ekstreme vokalfraseringar innimellom eit streit refreng. Intelligent og catchy musikk, og antakeleg den mest vellukka sumarplata eg nokon gong har høyrd.

Kjelder:
https://www.champagne-henriot.com/
Richard Juhlin – En duft av Champagne
   

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *