I Like Big Butteaux and I Cannot Lie

Louis Michel Chablis Premier Cru Butteaux VV 2020

Chablis, Frankrike. 100 % Chardonnay. Eigen parsell med druestokkar frå 1955. Spontanfermentering. 1 års modning i ståltank – filosofien er at eit så unikt område som Chablis forpliktar: vinen skal koma frå åkeren, ikkje kjellaren, og ikkje bli distrahert undervegs. Økologiske prinsipp. Vegansk.

Whiff av eplekake og sitron kjem ut saman med korken. Etter litt lufting: våt stein, flintstein, grøne eple, fersk tare, frisk føling i fjæra. Tydelege og behagelege duftar.

Mjuk munnkjensle inn i eit reint og konsentrert midtparti med lagvise gule eple og eit grapefruktbittert sting. Finn tilsynelatande ro med saftig og fruktsøt pære, men så kicker det inn akkurat nok sitron til å både balansera og reinska opp. Lang avslutning med fin balanse mellom søtleg pærefrukt og syrleg sitron, rundar av med eit ørlite touch yoghurt naturell.

Ung. Tydeleg og velsmakande, men uforløyst Chablis som fungerte veldig bra til fritert fisk med friterte poteter – ein kombo som går så godt saman at retten burde få eit eige namn. Kanskje ikkje verd femhundrelappen i dag, men vil antakeleg bli det om 7-8 år.

Grover Washington Jr. – Winelight

To-tre ting måtte til om du skulle framstå som ein duganes jazzartist i 1980: Marcus Miller måtte spela bass på plata di, Steve Gadd trommer, og plata måtte innehalda ein brasilianskinspirert låt, fullstendig uavhengig frå resten av konteksten. På Winelight treff saksofonist og smooth jazz-pappa Grover Washington alle måla, på ei skive som eg finn både fantastisk og slitsam på ein gong.

Bandet groover for så vidt bra – utan at det kjennes som om noko står på spel (sjekk til dømes den nervøse energien i 1985-bandet til Miles Davis på You’re Under Arrest – den mest åttitalske plata til Davis for kontrast). Legg til dølle og kjedelege melodilinjer frå saksofonen, så kunne dette fort enda som innsovningsmusikk.

Likevel – kvar einaste låt har parti som får meg til å retta ryggen. Når Washington jr. slepp seg laus og tar den reine saksofon-tonen inn i friare soloparti så er det ein idérikdom og intensitet som tangerer både Tom Scott og David Sanborn, og vel så det. Legg til at han fekk med seg sjølvaste Bill Withers for å gjera Just the Two of Us, noko som landa ein Grammy for beste R&B Song. Vi burde antakeleg diskutera platecoveret i eit vinglasfagleg perspektiv, men artikkelen har diverre nådd maksim     

Kjelder:
Diverse Wikipedia
https://www.louismicheletfils.com/
https://billwithers.com/

Ein tanke på “I Like Big Butteaux and I Cannot Lie

  1. Hei! Flott artikkel. Jeg har den Grover Washington LPen og mange andre LPer fra samme mann. Det samme gjelder Tom Scott og David Sanborn. Alle kjøpt på 1980-tallet. Jeg følte meg “hjemme” i den artikkelen. Mvh Rune E. Gustavsen

Leave a Reply